Eg er ein frysepinn som i lange tider har lidd under manglande strikkelyst. No hevar du kanskje eit augnebryn, er strikking SÅ viktig tenkjer du kanskje? For meg er strikking ein del av kvardagen, enn så rart det kanskje verkar for deg. Eg kan ikkje hugse at eg lærte å strikke, det har alltid vore der. Difor var det rart og uvant når strikkelysta forsvann i vår. Borte vekk som ei sviske. Eg strikka pliktskuldeg ferdig ein genser til storesøster, men kjekt var det ikkje. I staden hekla eg. Det var halvkjekt, men tross alt bedre. Og sidan heklateppet var ei gåve til ei nydeleg lita babyjente var det ganske kjekt likevel.
No viser gradestokken at Kong Vinter har festa grepet, sjølv på det regnvåte vestland. Me har begge beina i frysepinnårstida. Og på mystisk vis, heilt brått kom strikkelysta tilbake. At den gjekk hand i hand med eksamenslesing er kanskje ikkje så rart. Det er nemleg i dei travlaste periodane at det kreative blømer. I morgon skal eg ha eksamen og på veg heim passerer eg strikkebutikken. Ganske sikkert kjem eg heim med ein pose full av garn og fornya strikkelyst. Det skal bli ei fryd.
Bileta er lånt frå www.sandnesgarn.no , min favoritt!
Eg tenkte å knuse til med eit megaprosjekt til meg sjølv. På tjukke pinnar riktignok. Enten kofte eller, hold deg fast: kjole. Litt drøyt? Kanskje.
Strikk i vei, Liv Kjersti! Me skal vel sitte i kvar sin sofa i jula og la strikkepinnane klikke i vei?:) Eg huske når eg lerte å strikke, skulle lage et sjerf som enda opp med å bli eit dukkeslips. Stilig!
Heisann!
Beklager kommentartørke fra mi side, men som du veit har eg hendene fulle med ei lita jente for tida, så får vel skulde på det.. 🙂 Eg har imidlertid fått lest alle innlegga dine i det siste – veldig kjekt! Jenta mi var den heldige mottakar av hekleteppet du nevner i innlegget – tusen tusen takk for det, det er verkeleg nydeleg og alle som kjem på besøk kommenterer det! Du bør legge bilde av det her på bloggen.
Også kjekt at strikkelysta di er tilbake! Er det ikkje ofte slik; at det går i rykk og napp med slike interesser?
Eg må med skam melde at eg fortsatt ikkje har strikka noko til veslejenta.. Ventar fortsatt på at strikkelysta eventuelt skal dukke opp, og kanskje gjer den det når ein minst ventar det.
Rett etter at LK fekk vite om jenta som skulle komme, hadde me følgande ordveksling:
LK: Har du begynt å strikke ennå?
IC: Eh… Nei…
(samtalen fortsetter om andre ting, før LK etter ei stund bryt inn:)
LK: Men.. Du MÅ begynne å strikke..!!!
Hahaha! 😀 God førjulstid til bloggens innehavar med familie, og alle bloggens lesarar! Gledar meg til julegraut neste fredag!
Klem fra Inga-Cecilie 🙂
Så kjekt å lesa bloggen din igjen Liv Kjersti 🙂
Eg e lika i vinteren som deg, kremt…
Kjolen te høgre va kjempefin. Gå for deg 😀
Håpe eksamen gjekk bra og at dåke kose dåke i førjulstia.
Takk for kommentarar, ladies! Koseleg at nokon kikkar innom bloggen min på tross av typisk ustabil bloggefrekvens!
Ingrid: kvar vår sofa, men heilt klart samme stove:-).
IC: kjekt å sjå deg på bloggen igjen! Eg bekreftar ordvekslinga:-). Gledar meg til julegraut eg og. Og mine småjenter gledar seg veldig til å sjå både deg og veslejenta, og gemalen såklart.
Malin: kulde er ikkje mi sterke side nei. Definitivt ikkje! Eg gjekk for jakka eg, har starta men er litt usikker på om størrelsen blir rett. Eksamen gjekk forøvrig rett vest. Kos deg i førjulstida du og:-)
Eg ser nå at kommentaren min både mangla ett par ord og ombytting av bokstavar, men rekne med du forsto 😉
Jakkå blir nok kjempe fin!
Så herlig med fornyet strikkelyst. Jeg har hatt perioder i livet med strikking, men nå er det dessverre lenge siden den forrige. Det er greit. Men jeg skulle veldig gjerne likt å få tilbake lysten til å sy. Jeg håper den kommer snart igjen.
God helg, Liv Kjersti:-) Koselig å finne bloggen din!