Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Konseptet hyttetur

Sist helg leigde me ei hytte på fjellet. Hytta var flott og me fann fram etter berre ein halvtimes halvvegs mållaus kjøring/rygging rundt på eit hyttefelt litt sør for Røldalstunnellen. Eg meiner, når dette synet møter deg då kan du umulig unngå å senke skuldrene?

Heldigvis var hytta lafta og det var difor ikkje nødvendig å måke taket. Flaks.

Men frå spøk til alvor, hyttetur er heilmaks og Røldal viste seg frå si finaste side. Rett utanfor hyttedøra var det preparerte langrennsløyper og berre få minutt oppover befant me oss i strålande sol i Røldal Skisenter. Det er ein overdrivelse å seie at eg er i mitt rette element når eg får slalomskoa på, og min mann er svært entusiastisk sjølvutnevnt skiinstruktør. Etter tre timar opp og ned i trekket med oppmuntrande tilrop blanda med tekniske instruksar av typen :”meir tyngde på hælen på ytterski” og “hold blikket på bakken – IKKJE på skia” syns eg sjølv eg lett kunne forvekslast Pernilla Wiberg på 90-talet fekk eg kommentaren: “Ja, det begynner jo å sjå bedre ut nå”. Så er eg ikkje heilt i mål stilmessig enda, men ein ting er sikkert: eg er ikkje lenger kjemperedd og eg kan faktisk strekke meg til å seie at slalom er litt kjekt.

Dette kunne sjølvsagt vore meg, men det er det ikkje. Det er Lindsey Vonn og bildet er lånt herfra.

 

 

Klisje-kaloriar i kø

Jada jada. Det er februar – klisjemånaden over alle. Søndag var som alle (som vågar seg innom facebook iallefall) veit morsdagen. Dagen der ein hyller alle verdas mødre med kake og det som verre er. Eg har jo litt problemer med morsdagen sidan eg ikkje har nokon mamma å ringe eller lage kort til lenger. Men i år fekk eg hammaren i hovudet: eg er mor sjølv, og når husets seksåring diska opp med heimelaga morsdagskort innsåg eg at eg må la sorgene fare og finne att morsdagsgleda. Og det gjekk lett. Når teksten på kortet lyder at eg er superduper, ja då er livet godt å leve. Superduper er eit altfor lite brukt adjektiv, så fra nå av: sjå deg sjølv i spegelen kvar morgon og gjenta: Eg er superduper🙂

Og ikkje før ein har fått ned siste biten av morsdagskaka er det rett over i den utskjelde Valentinerdagen, eller Alle Hjarters Dag. Uansett om ein er for eller imot å adoptere meir og mindre festelege amerikanske tradisjonar så likar eg nå å få ein blomsterkvast eg altså. Visst vart det blomsterkvast på meg, og når den er fulgt av herleg salta torsk til middag, ja då er Alle Hjarters Dag perfekt for meg. Og når me er inne på kalorier (jmf overskrifta) kan eg glede deg med at eit halvt kilo salta torsk tilsvarer 100 gram sjokolade i kalorimengd. Eg slår difor eit slag for salta torsk som Valentines Day tradisjon. Så har me liksom gjort det litt til vårt eige og.

Dersom du var blant dei som fekk hjartesjokolade i dag bør du hive dei i deg fortare enn svint. Til søndag er det nemleg Fastelaven…

Laurdag hos skjeletta

Laurdag hadde far i huset andre planar og me andre tre tok oss difor ein tur til byen. I lag med ei anna mamma og hennas to småjenter tok me buss og bane og enda til slutt i sentrum. Herfra tok me oss opp på Høyden og tilbrakte laurdagen blandt skjeletter og mumier på Universitetsmuseet i Bergen. Først ut var Naturhistoriske samlingar i tradisjonsrike omgivelsar.

Her slo me oss laus blant skjeletter og utstoppa dyr i tre etasjar. Det er som ein dyrepark det tida har stoppa. Alle dyra er der, ingen rører seg. Heile stemninga på Universitetsmuseet er spesiell. Dyra og fuglane er stivna i meir og mindre naturlege posisjonar. Det er både spennande, gøy og litt skremmande på ein gong. Desverre var det digre kval-skjelettet under oppussing, så dei får me ha til gode til neste gong. Kvalskjeletta som er utstilt er over 100 år gamle, og framleis lek det olje og feitt ut frå knoklane. Fascinerande.

Etter å ha kost oss me kaffe og medbrakt niste rusla me gjennom musehagen som var dekka av snø og over til Kulturhistoriske samlingar. Her var det nok leikerommet som var kjekkast, utkledningsklær og kjepphestar tok stemninga til nye høgder! Me fekk imidlertid med oss mumiene, der særleg den bittelille kattemumien fekk stor oppmerksomhet. Me var praktisk talt aleine (dersom ein kun tel dei levande vel og merke) i mumieutstillinga og museumsvakten tok seg god tid til å vise småjentene både kattemumien og krokodillemumien. Eg forsøkte å hause opp stemninga litt med å påpeike at det faktisk var EKTE folk innpakka i tøystrimler, men jentene hipsa nochalant på skuldrene og svarte med “det vet vi vel”.

Konklusjonen er sjølvsagt at laurdagar er fine å tilbringe i lag med skjeletter, og at Universitetsmuseet har mykje spennande å by på. Eg gløymde jo heilt å nevne at steinsamlinga med skap på skap med krystallar og stein i dei flottaste fargar og fasongar nok var det 3-åringen min likte aller best. Så ikkje nøl, slå ut håret blandt skjeletter, kanskje lærer du noko og? (Det gjorde iallefall eg!)

Nytt rom!

Storesøster som vart skulejente i haust har lenge vore lova nytt rom. Ho har sjølv valgt seg ut det minste rommet i huset, berre 8 kvadratmeter til rådighet. Me starta med å male heile rommet samt tapetsere ein vegg med ein herleg tapet frå retrovilla. Så fekk ho seg ny seng (gåve fra snille Farmor) og skrivebord. Lukka var stor over eige rom!

På senga litt eit fantastisk flott handstrikka pledd, eg skulle sjølvsagt ønske at eg kunne skryte på meg å ha strikka det sjølv, men det er faktisk vunne av rommet sin eigar på basar. Basar altså, utruleg flotte handlaga gevinstar! På veggen har me laga ein liten bildevegg av gamle og nye saker.  Bokmerket nederst i midten er det Oldemor som har laga, det er sydd i hardangersaum som er det finaste eg veit når det kjem til handarbeid. På golvet geiteskinn så klart. Kva ellers?

Eg har også fått lurt inn eit par gamle saker, skrivebordslampen er kjøpt på Bergens koselegaste butikk: Den Grønne Baljen og er etter støpselset å dømme gammal som berre det. Koppen med tusjar fekk eg når eg var 5 år og den har fulgt meg sidan (ikkje tusjane så klart, dei er forbruksvare!). Ellers er Top Model sine teiknebøker ekstremt populære også hjå oss. Som krona på verket annonserte storesøster at ho ønska seg ei discokule i taket! Eg seier ja takk til discokule, men kor i verda får ein tak i det??

Eg, som slett ikkje er begeistra for kulde og glatte vegar har i år tatt meg i å sutre fordi DET IKKJE ER SNØ! Ja, nå står ikkje verda til påske tenker du kanskje. Blir ho aldri nøgd? Sanninga er at dei siste åra har eg sett meir og meir pris på vinteren og den har å by på. Og i helga kom vinteren på plass for min del. Strålande sol og gnistrande føre.

Laurdag var det Eikedalen Skisenter som lokka, og lille store storesøster på seks år kjørte sitt første slalomrenn! Ikkje godt å seie kven som var mest stolt, men sikkert er det iallefall at dette gav meirsmak. Eikedalen er forøvrig ein fin plass for barn, kort kjøreveg frå Bergen og passande bakkar. Stas var det også at Tertnes Alpin sette opp portar og arrangerte renn for alle som ville vere med.

Søndag vart det aketur i nærområdet! Eg vil verkeleg slå eit slag for å bruke områda rundt der du bur. Akebrett, stormkjøkken, kakao på termos – og for ikkje å gløyme dei obligatoriske fiskekakene! Pølser slår ikkje an hos jentene, men får dei fiskekaker, ja då er dagen redda. Fint for oss. Fiskekaker er godt som gull. Steik på bål eller stormkjøkken, pimp dei med paprika, agurk, tomat og majones og nyt!

Og heilt ærleg: finst det noko bedre enn aking? Neppe!

 Til høgre på bloggen finn du fleire som skriv om barn og friluftsliv. Eivind Eidslott, forfattaren av boka Fjellbarna og bloggen med same namn er sjølvsagt den leiande “barn og friluftsliv-guruen”. Her er det mykje inspirasjon å hente.

Maritime overraskelsar

Helga vart tilbrakt på flotte Solstrand Hotel på Os. Dette er eit eventyr av eit hotell, så forventningane var skrudd heilt i taket. Eg og finaste lillesøster Ingrid kom til hotellet laurdag og før me visste ordet av det låg me i bassenget og nytte utsikten over fjord og snøkledde toppar. Etterpå var det duka for høgdepunktet: algeinnpakning. Når ein ligg på benken innsmurd i alger frå hårrot til tåspiss, ja då føler ein verkeleg at ein har tatt det maritime sjelelivet til nye høgder. Det er godt for kropp, men kanskje mest for sjela å kjenne algene krype under huden. Lite visste me at me hadde endå kraftigare maritime opplevelsar i vente. Det var nemleg når middagen kom på bordet, ja faktisk nesten var eten opp det toppa seg for å bruke eit kraftuttrykk. Lillesøster delte sin siste uerbit i to – og til syne kom ein makk. Javiss, ein lang og tynn kveis. Og der forsvann apetitten. Restaurantsjefen kom ilande og beklagelsane hagla. Jaja. Det blir ei stund til neste uerfilet kjenner eg.

I staden for bilde av kveis får du heller eit bilde av utsikten frå hotellrommet.


Heldigvis vart ingen sjuke og me avslutta helga med ein fantstisk søndagstur til Liafjellet på Os. Nydeleg utsikt og frisk luft la ein dempar på kveisnedturen.
Liafjellet er herved anbefalt sjølv om me fann toppen ved eit reint lykketreff (ikkje lett å finne rett sti når det er snø). Fin tur og fin utsikt. Der er det me jaktar på, er det ikkje?

17. januar

17. januar. Ute er det 4 grader pluss og opplett. Inne er det fyr i omnen og fine primula. Bloggen har vore forsømt og gløymt. Nå tenkte eg å prøve meg igjen.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.