Eg er ein frysepinn som i lange tider har lidd under manglande strikkelyst. No hevar du kanskje eit augnebryn, er strikking SÅ viktig tenkjer du kanskje? For meg er strikking ein del av kvardagen, enn så rart det kanskje verkar for deg. Eg kan ikkje hugse at eg lærte å strikke, det har alltid vore der. Difor var det rart og uvant når strikkelysta forsvann i vår. Borte vekk som ei sviske. Eg strikka pliktskuldeg ferdig ein genser til storesøster, men kjekt var det ikkje. I staden hekla eg. Det var halvkjekt, men tross alt bedre. Og sidan heklateppet var ei gåve til ei nydeleg lita babyjente var det ganske kjekt likevel.
No viser gradestokken at Kong Vinter har festa grepet, sjølv på det regnvåte vestland. Me har begge beina i frysepinnårstida. Og på mystisk vis, heilt brått kom strikkelysta tilbake. At den gjekk hand i hand med eksamenslesing er kanskje ikkje så rart. Det er nemleg i dei travlaste periodane at det kreative blømer. I morgon skal eg ha eksamen og på veg heim passerer eg strikkebutikken. Ganske sikkert kjem eg heim med ein pose full av garn og fornya strikkelyst. Det skal bli ei fryd.
Bileta er lånt frå www.sandnesgarn.no , min favoritt!
Eg tenkte å knuse til med eit megaprosjekt til meg sjølv. På tjukke pinnar riktignok. Enten kofte eller, hold deg fast: kjole. Litt drøyt? Kanskje.