Sist helg leigde me ei hytte på fjellet. Hytta var flott og me fann fram etter berre ein halvtimes halvvegs mållaus kjøring/rygging rundt på eit hyttefelt litt sør for Røldalstunnellen. Eg meiner, når dette synet møter deg då kan du umulig unngå å senke skuldrene?
Heldigvis var hytta lafta og det var difor ikkje nødvendig å måke taket. Flaks.
Men frå spøk til alvor, hyttetur er heilmaks og Røldal viste seg frå si finaste side. Rett utanfor hyttedøra var det preparerte langrennsløyper og berre få minutt oppover befant me oss i strålande sol i Røldal Skisenter. Det er ein overdrivelse å seie at eg er i mitt rette element når eg får slalomskoa på, og min mann er svært entusiastisk sjølvutnevnt skiinstruktør. Etter tre timar opp og ned i trekket med oppmuntrande tilrop blanda med tekniske instruksar av typen :»meir tyngde på hælen på ytterski» og «hold blikket på bakken – IKKJE på skia» syns eg sjølv eg lett kunne forvekslast Pernilla Wiberg på 90-talet fekk eg kommentaren: «Ja, det begynner jo å sjå bedre ut nå». Så er eg ikkje heilt i mål stilmessig enda, men ein ting er sikkert: eg er ikkje lenger kjemperedd og eg kan faktisk strekke meg til å seie at slalom er litt kjekt.
Dette kunne sjølvsagt vore meg, men det er det ikkje. Det er Lindsey Vonn og bildet er lånt herfra.
Så tøff du er 😀
Eg prøvde slalomski for første gong for ei veke sidan, og må sei som deg at det faktisk var kjekt 😉
Haha, fantastisk bilde! Einaste fargen på buksa som er feil 🙂 Klem fra Ingrid