Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Husmorblogging’ Category

Tosca til helga

Puccini, den italienske komponisten står bak operaen Tosca som har gitt navn til ein snadderkake av dei skjeldne. Operaen i tre akter inneheld som seg hør og bør kjærleik, sjalusi, død og drama. Kaka inneheld masse godsaker, og får ikkje denne kaka deg til å synge dei høge tonar i glede, ja då veit ikkje eg.

Oppskrifta fann eg i danske BoligLiv, eg gjengir den modifiserte varianten som vart til ut frå det eg hadde i kjøleskapet:

3 egg og 125 gram sukker vispast til lett og luftig eggedosis. Tilsett 100 gram riven marsipan, 125 gram mjøl, 1 ts bakepulver, 125 gram smelta smør og finrive skal av ein lime. Rør i hop og ha over i ei smurt form. Steik på 170 grader i 25 min. Imens lagar du topping:

Grovhakk 200 gram hasselnøtter og hiv oppi ei gryte i lag med 50 g kokos, 150 gram sukker, 150 gram smør, 3 ss kveitemjøl og 3 ss matfløyte. Kok opp på middels varme så det ikkje brenn seg, kok eit par minutt.

Når kaka har steik i 25 minutt tar du den ut, fordeler toppingen og steiker videre i ca 5 min til kaka blir gyllen. Eg måtte hive på grillelementet det siste minuttet.

Avkjøl i forma.

Et og syng og ha ei riktig god helg!

Reklame

Read Full Post »

Biscottibaluba

For ei veke eller så sidan bakte eg Tine sine Biscotti med pistasjnøtter og appelsin. Dei blei veldig gode og forsvann raskt frå kakeboksen. I går skulle eg hive i hop ein ny porsjon, men denne gongen tenkte eg å prøve ei anna oppskrift, nemleg Verdens Beste Biscotti frå matbloggaren Trine. For at resultatet skulle vere mogleg å samanlikne, heiv eg pistasjenøtter og appelsinskal også oppi den siste oppskrifta. Framgongsmåtane var ulike og til dels også ingrediensene. Etter prøvesmaking konkluderer me med at den første oppskrifta er den beste. Iallefall på smak. Den vart imidlertid mykje meir smuldrete og kjeksa fall lett frå kvarandre. Den andre oppskrifta er heilt utan smør, og eg trur difor desse er meir autentiske. Biscotti er jo italienarar og eg har ei kjensle av at italienarar ikkje befattar seg med smør. Eg ser liksom for meg at det er olivenolje det går i på den sida av alpene. Konklusjonen blir difor at Tine sine biscotti gir betre smak, mens Trine sine er dei mest autentiske. Det heile kokar altså ned til spørsmålet om smør eller ikkje smør.

Eit internettsøk viser at mange oppskrifter er med smør, og nokre er utan. Fordelen med å bake uten smør er at haldbarheiten blir mykje lenger. Kaker uten smør vil ikkje harskne. Når smøret harsknar vert butansyre frigjort, denne luktar ikkje godt!

Bildet lånt fra tine.no

Uansett, biscotti rykker inn på lista over gode julekaker som ein kan bake dersom ein har tid og lyst. Baking handlar aller mest om lyst og iallefall ikkje om plikt.

Read Full Post »

Deigdagen

Det som er så praktisk med heimekontor er at du får gjort ting i lunsjen som du vanlegvis aldri ville gjort i lunsjen. I dag, for eksempel, brukte eg lunsjen til å lage deig. Kvit deig til kvite kakemenn og brun deig til pepperkaker. Slik kakedeig skal jo ligge å godgjere seg i kjøleskapet i lange tider, difor er ein nøydd til å vere framtidsretta når ein planlegg kakebaking. Eg har lova småjentene at laurdag blir det kakebakedag, dermed må fredagens heimekontorlunsjpause nyttast effektivt. Det går fint an å drikke kaffe og ete brødskive med leverpostei samtidig som ein smeltar smør og hiv oppi «en teskje sukker og til slutt ett kilo pepper» eller korleis det var igjen. No ligg deigane i kjøleskapet og eg kjenner at eg svettar litt med tanken på bakeøkta som ventar i morgon.

Bildet er lånt fra tine.no som har mange flotte bilder og gode oppskrifter

I kveld blir det julebord på instituttet. Hu og hei:-)

Read Full Post »

Bak med bygg!

For ei tid tilbake sidan såg eg eit tv-program om kornslaget bygg sine fantastiske eigenskapar. Bygg er dyrka i Skandinavia heilt sidan steinalderen og er uvanleg rikt på vitamin B og jern. Bra for damer med andre ord. Det er også ei glimrande kjelde til vatnløyselege kostfiber. Forskning utført ved Nofima har vist at bygg har ei rekke helsefremmande eigenskapar. Det er hevda at kornslaget reduserer kolesterolnivået, bedrar tarmfunksjonen og til og med kan forebygge enkelte kreftformer. Så, kvifor gumlar me ikkje byggbrød med stor forlystelse? Det heng saman med at bygg ikkje er så enkelt å bake med, og at smaken ikkje er heilt i toppsjiktet. Dette gjeld imidlertid berre dersom bygg utgjer meir enn 40 % av den totale mjølmengden i bakverk.

Heilt personleg er eg oppvaksen med byggmjøl i kjøkkenskapet, ikkje for at det var så mykje nytta i baking men fordi det er eit kjent og mykje nytta produkt mot diarè hos kalvar. Ein god neve byggmjøl og kalvemagen (ein eller fleire av dei, her er eg usikker) vart fiksa.

Oppskrift på byggbrød får du av meg, eg prøvde det seinast i går og det fungerte!

1 liter væske (eg brukte vatn)

3 ss olje

1 ss sukker

2 ts salt

1 pk tørrgjær

5 dl havregryn

5 dl byggmjøl

4 dl sammalt rug, grov

2 dl kveitemjøl

6 dl sammalt kveite, fin

Varm opp væska, tilset salt, sukker og olje. Bland tørrgjær ut i mjølet og miks mjøl og væske. Deigen skal vere litt klissete. Hev ein halvtime, fordel deigen i to brødformer, hev ein halv time til og steik nederst i ovnen på 200 grader i tre kvarter. Enkelt. Og godt.

I denne oppskrifta utgjer byggmjølet berre oppmot 25 % av total mjølmengde. Litt pinglete kanskje, neste gong prøver eg meg med litt meir bygg og litt mindre sammalt kveite. Trur eg.

Read Full Post »

Nypesuppe

I denne serien med haustlege matsyslar hiv eg inn ei oppskrift eg prøvde for første gong i helga. Min mann, heretter kalla Bærplukkaren, plukka nemleg ein liter nyper på søndag. Ikkje visste eg at nyper framleis vaks på vegen mellom fjosen og kubeitet, men det gjer dei altså. Raude og fine. Stolt kom Bærplukkaren og dei to små jentene heim med nyper til mor. Eg klødde meg i hovudet, men atter ein gong vart eg redda av Husmorskolens Kokebok frå tidleg syttital. Det måtte bli nypesuppe.

Oppskrifta er som følger

9 dl nyper kokast opp i lag med 18 dl vatn. Kok til dei blir møyre og kokar sundt. Så silar du suppa gjennom ei sil, trykk og press litt med ei sleiv slik at du får med all den gode nypesafta. Kok opp igjen med 2 dl sukker samt 2 ss potetmjøl som du rører ut i litt kaldt vatn før du har i. Server lunka med vaniljeisklatt i midten. Dette er veldig veldig godt!

Og ikkje berre er det godt! Det er forskrekkeleg sunt også. Nyper inneheld uhorvelege mengder vitamin C. Det kjem du til å trenge utover vinteren, så hiv på deg kalosjene og gå ut og finn ein nypebusk nær deg.

Read Full Post »

Saft suse!

I helga plukka min kjære mann ikkje mindre enn åtte kilo stikkelsbær pluss eit par kilo rips. Dermed måtte saftkokaren fram og gamle saftflasker vart henta opp frå kjellaren på Skartland. Etter litt att og fram vart Farmor innhenta som konsulent og me fekk sving på saftkokaren.

Det lukta bær i heile huset og tolmodig tappa me av, liter etter liter. Safta kokte me opp med sukker før me hadde den over på rykande varme saftflasker.

Sommar på flasker

I tilfelle du lurte så fekk me totalt 7 liter saft av  10 kg bær. Eg tilsette 300 gram sukker pr liter saft. Stikkelsbærsaft med eit streif av rips. Herleg.

Read Full Post »

Når ein landkrabbe giftar seg med ein som har båtførarbeviset då er det duka for misforståingar, utfordringar og kanskje også morosame historiar. Eg er slett ikkje komfortabel med gyngande grunn under føtene, og langt frå begeistra for rullande bølger som kjem frå sida. Då blir eg uggen, muggen og sur. Etter eit par meir eller mindre vellukka båtturar har eg likevel plukka opp eit og anna. I anledning solskin og føreståande båttur i helga har eg her tenkt å presentere eit lite kræsjkurs i båtvett. For dei som ikkje er kjende med termen kræsjkurs er det eit kort og intenst kurs før eksamen som prøver å oppsummere pensum, men som berre gir deg kvaler større enn dei du hadde før kurset. Så, her er mine enkle reglar for sjø og havbruk.

Første punkt. Dregg er det same som anker. Det er ein diger metallsak som har eit tau i enden med det klingande namnet dreggtau. Når styrmannen skrik til deg: HIV DREGGEN, ja då skal du slenge metallsaken ut i sjøen, men for all del, og dette er viktig: du skal halde godt tak i enden av tauet slik at ikkje det også forsvinn ned i djupet. Gjer det det, ja då blir det bråk og båtturen endar i ein dykketur der du sit eine og aleine ombord i båden medan ein ilter styrmann dykkar etter tauet.

Dette er ein dregg, men utan tau. Biletet er lånt frå www.aye-aye.no.

Andre punkt: Draft betyr sjøkart. Det er veldig viktig å følge med på draftet slik at ein unngår å gå på skjær og holmar. Du får neppe ansvar for draftet i første omgang, så berre slapp av. Men det er greit å vite at det er stort og pakka inn i plast og som regel litt framme i båten i nærleiken av rattet.

Tredje punkt: Når dykk skal få båten inntil land slik at det er mogleg å få fast grunn under beina igjen og styrmannen køyrer sakte mot svaberga og brått skrik HOPP til deg, ja då hoppar du. Eg er jo generelt i mot å hoppe når andre seier hopp, men i denne situasjonen anbefalar eg deg å hoppe. Husk å ta med deg tauenden av det tauet som er knyta fast i båten framme når du hoppar. Flate sko er best. Ingen protest.

Fjerde punkt: Båttur kan by på hyggelege opplevingar, her illustrert med ein av dei vanlegaste: Ein får ein fisk som er så liten at den ikkje er til noko som helst. Det er likevel lurt å vere positivt innstilt til fisking, då dette er svært viktig for båtfolket og dette jo er ein leksjon i korleis ikkje fornærme styrmannen.

Femte punkt: Ha alltid med kaffe på termos. Uten kaffe kan stemninga fort bli litt meir amper enn godt er. Er du ekstra lysten på å gjere godt inntrykk, ja då bør du lage ein diger porsjon av desse fantastiske bringebærbollene med mandelmassefyll. Med desse i sekken og dei overståande råda friskt i minnet kan sjølv ein innbitt landkrabbe komme velberga gjennom båtturen.

Og hugs: Dersom du køyrer båten og dykk er midtfjords og du trur alt er fint og det plutseleg dukkar opp flytande gras langs båtsida som frå ingenting, då må du svinge hardt til motsatt side. Flytande gras midtfjords er nemleg tydeleg indikasjon  på undervass-skjær. Og dei vil ein for alt i verda unngå.

Kast loss!

Read Full Post »

Reddik-hurra!

Raude, runde reddikar i kjøkkenhagen! Hurra! Storesøster elskar å plukke, men etinga, den er det verre med.. Lillesøster smakar og spyttar ut igjen. Me to andre, me kosar oss med sjølvdyrka godsaker. I forrige veke var det ruccola det gjekk i. Heile ruccolasenga vart nemleg hausteklar på ein gong. Denne veka er det altså reddikar. Rødbetar og gulerøtter let vente på seg, men jordbærplantene har fått små grøne bær, så kanskje neste veke vert jordbærveke?

Read Full Post »

Endeleg erteblomar!

Tre veker etter at eg sådde frøa kan eg i dag seie: Sjå!! Spire! Endeleg har erteblomane kikka opp gjennom den (på biletet tørre) molda. Eg har vatna no altså, dei lid ingen nød. Eg har planta erteblomefrø i seks balkongkassar, og håpar sjølvsagt denne vesle spira er startskotet for eit blomsterflor av dei skjeldne.

I tilfelle du lurte på om livet mitt kun består av spirer så tar eg med eit bilde som viser at på balkongen mot vest, der blømer løvemunn. Løvemunn er eittårige dei stakkar, så her er det om å gjere å bløme mens ein kan

Rosina i pølsa (!) derimot er oliventreet som eg me har fått av snille svigermor. Heilt utan grunn. Det er så fint, og hvis ein kikkar veldig godt etter kan ein sjå at det er bittesmå oliven i emning. Hvis eg kan ete oliven frå eige oliventre i år, ja då blir eg rett og slett begeistra. Det var slett ikkje enkelt å fotografere dette vidunderet, men eg har prøvd:

Ser du dei yrsmå olivenane?

Read Full Post »

Ja, for det er litt kjerringaktig å ha vatn i beina. Er det slik at urter kan verke som medisin? Eg lurer. Difor har eg i dag sett i gong årets mest uhøgtidelege forskningsprosjekt med meg sjølv som einaste deltakar – på alle nivå. Eg har gått til innkjøp av ein pakke Kjerringrokk Te og ei notisblokk.

Kjerringrokk er kjent for å verke vatndrivande samt reinse nyrene.

Bevæpna med blyant (til å notere) og sokkar (sokkemerker rundt leggen er eit umiskjenneleg teikn på vatn i beina) er eg no klar for KjerringrokkTeKuren. Den er uhyre enkel, men likevel nøyaktig beskriven på baksida av eska med teposar: Teen skal trekke tildekka i ti minutt og det er viktig å hugse å presse ut vatnet frå teposen med ei teskei. 3-4 slike koppar skal nytast kvar dag – vel og merke mellom måltida. Og ALLTID i små slurkar. Håpar ingen tannlegar eller vordande tannlegar les dette (!), slik framferd må jo vere uhyre skadeleg for emaljen. Særleg sidan kjerringrokkteen smakar som nyslått gras og den hjelpsama dama i helsekostbutikken sa at eg godt kunne søte den med litt honning, noko som er naudsynt for i det heile tatt å få i seg vidundermidlet.

Så då snakkast me om tre veker, er eg kvitt kjerringbeina? Har eg fått uhelbredeleg tannrote? Eller er dette humbug?

 Godt at eg har ein fin kopp å drikke te i. Og at kveldssola skin på altanen.

Read Full Post »

Older Posts »