Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Kvardagsliv’ Category

Nytt rom!

Storesøster som vart skulejente i haust har lenge vore lova nytt rom. Ho har sjølv valgt seg ut det minste rommet i huset, berre 8 kvadratmeter til rådighet. Me starta med å male heile rommet samt tapetsere ein vegg med ein herleg tapet frå retrovilla. Så fekk ho seg ny seng (gåve fra snille Farmor) og skrivebord. Lukka var stor over eige rom!

På senga litt eit fantastisk flott handstrikka pledd, eg skulle sjølvsagt ønske at eg kunne skryte på meg å ha strikka det sjølv, men det er faktisk vunne av rommet sin eigar på basar. Basar altså, utruleg flotte handlaga gevinstar! På veggen har me laga ein liten bildevegg av gamle og nye saker.  Bokmerket nederst i midten er det Oldemor som har laga, det er sydd i hardangersaum som er det finaste eg veit når det kjem til handarbeid. På golvet geiteskinn så klart. Kva ellers?

Eg har også fått lurt inn eit par gamle saker, skrivebordslampen er kjøpt på Bergens koselegaste butikk: Den Grønne Baljen og er etter støpselset å dømme gammal som berre det. Koppen med tusjar fekk eg når eg var 5 år og den har fulgt meg sidan (ikkje tusjane så klart, dei er forbruksvare!). Ellers er Top Model sine teiknebøker ekstremt populære også hjå oss. Som krona på verket annonserte storesøster at ho ønska seg ei discokule i taket! Eg seier ja takk til discokule, men kor i verda får ein tak i det??

Reklame

Read Full Post »

Eg, som slett ikkje er begeistra for kulde og glatte vegar har i år tatt meg i å sutre fordi DET IKKJE ER SNØ! Ja, nå står ikkje verda til påske tenker du kanskje. Blir ho aldri nøgd? Sanninga er at dei siste åra har eg sett meir og meir pris på vinteren og den har å by på. Og i helga kom vinteren på plass for min del. Strålande sol og gnistrande føre.

Laurdag var det Eikedalen Skisenter som lokka, og lille store storesøster på seks år kjørte sitt første slalomrenn! Ikkje godt å seie kven som var mest stolt, men sikkert er det iallefall at dette gav meirsmak. Eikedalen er forøvrig ein fin plass for barn, kort kjøreveg frå Bergen og passande bakkar. Stas var det også at Tertnes Alpin sette opp portar og arrangerte renn for alle som ville vere med.

Søndag vart det aketur i nærområdet! Eg vil verkeleg slå eit slag for å bruke områda rundt der du bur. Akebrett, stormkjøkken, kakao på termos – og for ikkje å gløyme dei obligatoriske fiskekakene! Pølser slår ikkje an hos jentene, men får dei fiskekaker, ja då er dagen redda. Fint for oss. Fiskekaker er godt som gull. Steik på bål eller stormkjøkken, pimp dei med paprika, agurk, tomat og majones og nyt!

Og heilt ærleg: finst det noko bedre enn aking? Neppe!

 Til høgre på bloggen finn du fleire som skriv om barn og friluftsliv. Eivind Eidslott, forfattaren av boka Fjellbarna og bloggen med same namn er sjølvsagt den leiande «barn og friluftsliv-guruen». Her er det mykje inspirasjon å hente.

Read Full Post »

Hval

Slik eg ser det, har me som foreldre to svært viktige oppgåver i forhold til ungane. Dekking av basalbehova mat, søvn, kos og klem og varme er instinktive ting som eg ikkje eingong tek med i denne diskusjonen. Dei tinga eg tenkjer på er

1. Lære å sykle

2. Lære å symje.

Sykling gjorde me unna i fjor (støttehjul fjerna, mengdetrening gjenstår). Symjing er vinterens prosjekt. Eg har forsøkt med mine meir og mindre manglande pedagogiske evner å lære storesøster å symje. Ikkje lett. Ho er nemleg arveleg belasta.

I min familie, altså der eg vaks opp, er det svært få som vil skulde oss for å vere «som fisken i vatn». Landkrabbar er vel det som kjenneteiknar oss best. Det heng sjølvsagt saman med synet. Me brukar nemleg briller. Eit par av oss har forsøkt «stuping med briller», men det enda ikkje bra. Det heile toppa seg når farmora mi vann eit par flotte vannski på basar. Dei vart straks og umiddelbart donert til min bror mot at han lova å ikkje hoppe i strikk (!). Einaste problemet er at me ikkje har meir enn fem hestekrefter på påhengsmotoren på båten. Ja for me har båt altså. Robåt. Med påhengs. Tilbake til brillene. Når ein har briller vil ein forsøke å ha hovudet godt over vatn når ein badar. Høgt heva. Dermed blir det vanskeleg. Men, la meg ikkje svartmåle. Me kan symje.

Eg har altså innsett at kanskje eg aldri vinn tittelen «årets symjetrenar» og difor har eg og storemor på fem begynt på Hval. Hval er eit av dei grunnleggande kursa til Norges Svømmeforbund og blir arrangert overalt. Hval er ikkje eit symjekurs. Det er eit dykkekurs. Ein lærer å dykke under. Ops. Mor legg igjen brillene i garderoben og me hiv oss i det. Vel, me hiv oss ikkje i det. Me går fint ned stigen og huker oss ut i bassenget. Hvalkurset går over åtte gonger. To er unnagjort. Tida vil vise om mor og datter lærer seg å dukke hovudet under vatn. Foreløpig ligg datter best an. Ikkje uventa.

Biletet illustrerer ikkje sanninga. Det er nemleg ikkje lov å bruke symjebriller på Hval. Men, når ein har fått seg rosa symjebriller så kan ein iallefall bruke dei på bildet.

Read Full Post »

Liv i leiren?

Eller, for å sitere ei av jordmødrene på fødeavdelinga der lillesøster kom til verda i 2008, ho spende opp døra til rommet der eg sat med raude auge og snufsande nase (barseltårer, då trur det ikkje før du ser det) og liten baby på fanget samtidig som ho sa hakket for høgt på sjarmerande stordsk: » Jaaa, står da te liv?»

Joda, det står til liv sjølv om mi svært uregelmessige blogging kunne minna om ammetåke. Vel, no har bloggetåka letta og eg er glad for å kunne fortelje at det ER liv i leiren.

I fjor i desember hadde eg planar om å skrive eit julebrev og raust publisere blant venner, kjente, bekjente og meir perifere. Julebrev av typen » i år har me nådd nye høgder og fått mykje frisk luft, ungane er snille og veloppdragne og mor og far har spennande og utfordrande jobbar som betalar seg godt». Men så er det å finne balansen då. Når ein skal skrive julebrev blir ein raskt innhenta av jantelova og sjølv om eg likar å tru at eg hevar meg over småleg misunnelse blir eg likevel ikkje komfortabel med å skrive julebrev. Jantelova opererer på merkeleg vis, når ein sit der og forfattar flotte fraser om dei fine ungane og alt dei har lært siste året kan ein komme til å tenke: «uff, dette høyrdes skrytetet ut, eg vil jo ikkje SKRYTE!» og så tenker ein vidare, «men det er jo temmeleg innbilsk å tenke at nokon blir misunnelege på det kjipe livet vårt, som jo tross alt består av fiskekaker og våte votter (iallefall i januar)». Dermed blir det heile berre verre og verre. Det enda i ingen julebrev i år heller. Men me sende ut eit fint bilde av ungane, det gjorde me. Fint og fint fru Blom. Eller, det vil seie: heilt personleg syns eg at eg har dei finaste ungane av alle. Jantelov eller ei!

Så, kor vil eg med dette. Jo, julebrev. Her kjem eit uhyre kort julebrev som inneheld eit par sannheter om året som gjekk:

*Storesøster på fem er no offisielt flinkare enn mor si til å gå på ski. Denne sesongene må eg heve nivået mitt, ho kan nemleg skøyte på ski med stil. Eg ser ut som ei overdimensjonert grågås som prøver å lette .

*Storesøster på fem år er offisielt flinkare enn mor si til å gå på skøyter. Det tok henne i underkant av fem sekund å lære den teknikken. Eg strevar framleis.

*Lillesøster kan no sei heile setningar og brukar framleis oftast «den er min» og «jeg kan sjøl».

*Mor og Far i huset strevar seg avgårde på jobb kvar dag og skulle ønske me hadde sekstimarsdag og dobbel lønn.

*Det har utan tvil vore det tøffaste året for heile familien og me ser fram til å legge 2010 bak oss og håpar tåka lettar i 2011. I sin heilhet.

GODT ÅR!

Read Full Post »

I dag filosoferer eg litt over samanhengen mellom julehandel og plettfri vandel. Nyhetene melder om at det blir naska for 730 millionar kroner i adventstida. Det er sjølvsagt sjokkerande tal. Og kven vil eigentleg ha ei stjålen gåve under treet? Ikkje eg iallefall. Så, ikkje stjel julegåvene dersom du ynskjer å behalde nattesøvnen og eit blendakvitt rulleblad.

Men, kan ein sørge for å komme gjennom julestria med etisk plettfri vandel? Kan ein sørge for at det blir gåver under treet utan å ha falle i handlefella og gått amok i butikkane slik at visakortet ryk og det er mørke skyer på kreditthimmelen? Kan ein slå to floger i ein smekk (ein av favorittane mine, både i overført betydning men også reint praktisk ein sommardag heime på garden) og sørge for både julegåver og godt samvit? Her kunne eg sjølvsagt foreslått å lage noko sjølv. Men, adventstida mi er prega av sjonglering med eksamen, travle jobbdagar, hundre ulike avslutningar i nord og sør samt baking og pynting og ikkje minst, litt samvær med to søte små adventsjenter. (Legg merke til at eg ikkje inkluderer vasking i dette, det hoppar me glatt over i år). Dermed blir det ikkje heimelaga julegåver i år. (Neste år skal eg begynne julegåvelaginga i sommarferien).

Her kjem difor mine tips til tilnærma plettfri julevandel, nemleg julegåver kombinert med å støtte ei god sak. Det er sjølvsagt ikkje noko nytt under sola, men eg syns at utvalget blir betre år for år og no, den sjette desember, er det kanskje greit med ei påminning om at det er fleire folk i verda enn oss og at mange av desse ikkje har moglegheit til ei overdådig jul uansett kor plettfri vandel dei har.

Julekuler fra SallyAnn, Frelsesarmeen

Vindusstjerne fra kreftforeningen.no

Juleengel fra gavermedmening.no

Såkorn fra kirkens nødhjelp, gaversomforanderverden.no

God julehandel!

Read Full Post »

Slutt på å syte!

I går fekk eg passet påskrive. Eg hadde foretatt min vanlege kveldsrutine som består av stikkesokkar til over knea, opptil fleire ullpledd, dyne såklart og tilslutt ein svær quilt. Eg lirte av meg mine vanlege fraser om kor hutrande kaldt og forferdeleg det er. Eg la i veg med sutring over at vinteren kjem alt for tidleg og huff og hu, korleis skal dette gå, og me er berre i november og DETTE KJEM TIL Å BLI EIN LANG VINTER og det eine verre enn det andre. Då sa han det. «Slutt å syte, eg orkar ikkje høyre på dette heile vinteren». Då blei det stilt. Eg offentleggjer det herved. Eg har slutta å syte over kulden. Eg skal heretter glede meg over at eg har ulltepper og ved, varmekablar i alle golv (kanskje eg skal syte bittelitt over høge straumprisar sånn utpå nyåret ein gong), ull innerst og ytterst, lange strikkarsokkar og tøfler med sole. Tøflene er forøvrig eit eige kaptittel, men dei på blir eg nemleg ekstremt elektrisk noko som fører til at eg får støt kvar gong eg skal hive ei vedskie i ovnen. Det er dermed opna for syting over statisk elektrisitet i vinter. Eg har pulsvottar (sånne uten fingrar veit du) som eg brukar når eg skriv. Kulda får berre komme, og blir det for gale, ja då tar eg ein Marit Bjørgen og klistrar sportstape i fjeset når eg går til jobb. Jammensanten gjer eg det.

Biletet er lånt fra vg.no

Read Full Post »

Ventar på advent

I dag henta eg adventskassen ut or boden. Den er berre halvfull. Storesøster var vill av begeistring og før eg hadde fått sukk for meg hadde ho hengt opp lange lenker med halmpynt (kor kom den i fra? Ukjent for meg, halm høyrer heime i fjosen) på senga si, montert og stilt opp julekrybba og fått eit englekor på hylla. Som ein tornado føyk ho gjennom heimen vår og julestemninga var til å ta og føle på. Lillesøster rulla ut 50 meter med gaveband i eit ubevakta augneblink. Me er i gong. Lillakvite blomar og brudeslør. Den fin-fin-fine julekrybba som snille Birte har tatt med til meg frå Madagaskar, og fire lilla lys. Eit til kvar søndag. Det blir bra.

Eg har funne fram sju bilder og lagt dei utover bordet i nøye gjennomtenkt system. Laurdagskvelden skal brukast til bildeopphenging, enchilladas og dans på tv-skjermen.

Read Full Post »

Ein jobb å gjere..

«Mamma», sa femåringen ved frokostbodet i dag. Ho smurte nøyaktig prim utover skiva si. Så løfta ho blikket. Det er blått og klart og litt strengt. «Du har en jobb å gjøre». Eg kikkar opp frå kaffikoppen. «Vet du ikke at det er første søndag i advent på søndag?» forset ho.  Og som om ikkje det er nok: «Vet du EGENTLIG hvor julekassen din er, Mamma?».  Eg svarte ikkje, men eg følte meg slik:

Nokon er tydelegvis bekymra for mangel på adventsstemning i heimen. Nokon er også bekymra for at adventskalenderen enda ikkje er på stell. Og faktisk, eg er litt bekymra eg og. Mangelen på julestemning er openbar. Denne jula er me ein mindre rundt bordet. Julegleda har fått seg ein krafig smell. Me får ta små steg, ein ting om gongen så blir det nok jul i år og. Ho treng ikkje bekymre seg, 5 åringen min. På søndag kjem adventsstemninga. På tross av, men kanskje mest på grunn av at det er ekstra viktig at det blir jul i år og.

For ordens skuld: Biletet er frå romjula i fjor.

Read Full Post »

No har eg vore i full jobb i tre veker. Det å komme tilbake til jobb etter fem år med vekselvis mammapermisjon og studier er ingen spøk. Eg hadde faktisk gløymd kor lite tid det er igjen av dagen når ein har jobba åtte timar. Så eg bestemte meg for å prøve å begynne på jobb veldig tidleg. I sju tida. Noko som resulterer i at eg er stup trøytt når klokka bikkar ni om kvelden. Så kanskje ikkje det er så lurt å begynne så tidleg. Vel, eg kan jo begynne seinare, men då rekk eg ikkje hente ungane mine i barnehagen før den stenger. Alle mødres mareritt er vel at deira håpefulle står med regnjakka skeivt knappa og sekken på rygg i barnehageporten når ein susar inn på parkeringsplassen fem over halv stengetid. Altså må eg begynne tidleg. Og dermed legge meg tidleg. Eg berre slår det fast ein gong for alle. Eg er blitt vaksen og studentlivet er over. På godt og vondt.

Eg illusterer det heile med eit foto frå mitt barndomsfjell. Såta er 250 meter høgt men frå toppen ser ein Folgefonna i aust, Havet i vest og jammen ser ein ikkje til Stord også. Sist lørdag hadde me oss ein fin tur opp. Lillesøster i bæremeis og storesøster til fots. Far sjølv utstyrt med sag for å rydde vekk litt brakebuskar som hadde vakse opp midt i stien. Eg, ja eg fekk flått. Eller hantikk som den også vert kalla. Eg veit ikkje anna enn å sitere storesøster på fire år: » Det er IKKE flott å få flått!». Dagens moral er altså: Husk å sjekke både deg sjølv og ungane dersom dykk har vore til skogs. Flåtten fjernar du med pinsett. Blir det raud ring rundt, ring familielegen.

Litt nasjonalromantikk kjem ein vel ikkje utanom etter 17-maifeiringa sist helg. Her kjem altså eit bilde av oss, søte moster Ingrid er fotograf. Far har eit voldsomt Jim Carrey-glis. Mon tru om det er tanken på rabarbrakake som får han så euforisk? Eg laga nemleg ei kunstferdig rabarbrakakeostekake med botn av corn flakes (!) og mjølkesjokolade. God? Tja, SPESIELL.

Read Full Post »

Eg kunne ha forklart kvifor eg ikkje har blogga på lange tider. Eg kunne ha blogga om at for nesten to veker sidan mista eg mi kjære snille gode mamma. Eg kunne ha blogga om kor sint og fortvila eg er fordi sjukdommen tok mamma frå oss, berre 57 år ung.

Eg kunne ha blogga om eg i dag starta i ny jobb. Nytt kontor, nye kollegaer og eit fagfelt så spennande at det kitlar i magen.

Men, det blir for mykje.

Eg bloggar istaden om noko heilt uskuldig. Denne våren har det ikkje vore tid og lyst til å grave rundt på loppemarked etter skattar. Snille mannen min skaffe meg difor denne flotte vekta. Tidlegare brukt til ost, no kassert og plassert på eit loft. Klistremerket på midten har ein viktig bodskap: Lag din egen friske blanding med syrlig kulturmelk.  Godt at me går fruktsesongen i møte. Så kan ein håpe på at det som i utgangspunktet var beiskt kanskje etterkvart blir betre.

Read Full Post »

Older Posts »