Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for november 2010

Slutt på å syte!

I går fekk eg passet påskrive. Eg hadde foretatt min vanlege kveldsrutine som består av stikkesokkar til over knea, opptil fleire ullpledd, dyne såklart og tilslutt ein svær quilt. Eg lirte av meg mine vanlege fraser om kor hutrande kaldt og forferdeleg det er. Eg la i veg med sutring over at vinteren kjem alt for tidleg og huff og hu, korleis skal dette gå, og me er berre i november og DETTE KJEM TIL Å BLI EIN LANG VINTER og det eine verre enn det andre. Då sa han det. «Slutt å syte, eg orkar ikkje høyre på dette heile vinteren». Då blei det stilt. Eg offentleggjer det herved. Eg har slutta å syte over kulden. Eg skal heretter glede meg over at eg har ulltepper og ved, varmekablar i alle golv (kanskje eg skal syte bittelitt over høge straumprisar sånn utpå nyåret ein gong), ull innerst og ytterst, lange strikkarsokkar og tøfler med sole. Tøflene er forøvrig eit eige kaptittel, men dei på blir eg nemleg ekstremt elektrisk noko som fører til at eg får støt kvar gong eg skal hive ei vedskie i ovnen. Det er dermed opna for syting over statisk elektrisitet i vinter. Eg har pulsvottar (sånne uten fingrar veit du) som eg brukar når eg skriv. Kulda får berre komme, og blir det for gale, ja då tar eg ein Marit Bjørgen og klistrar sportstape i fjeset når eg går til jobb. Jammensanten gjer eg det.

Biletet er lånt fra vg.no

Read Full Post »

Ventar på advent

I dag henta eg adventskassen ut or boden. Den er berre halvfull. Storesøster var vill av begeistring og før eg hadde fått sukk for meg hadde ho hengt opp lange lenker med halmpynt (kor kom den i fra? Ukjent for meg, halm høyrer heime i fjosen) på senga si, montert og stilt opp julekrybba og fått eit englekor på hylla. Som ein tornado føyk ho gjennom heimen vår og julestemninga var til å ta og føle på. Lillesøster rulla ut 50 meter med gaveband i eit ubevakta augneblink. Me er i gong. Lillakvite blomar og brudeslør. Den fin-fin-fine julekrybba som snille Birte har tatt med til meg frå Madagaskar, og fire lilla lys. Eit til kvar søndag. Det blir bra.

Eg har funne fram sju bilder og lagt dei utover bordet i nøye gjennomtenkt system. Laurdagskvelden skal brukast til bildeopphenging, enchilladas og dans på tv-skjermen.

Read Full Post »

Bokmelding

Reisebøker er for meg bøker som er med på ei reise. Enda betre er det dersom boka i tillegg tek deg med på ei reise i same slengen. Denne boka var med på jobbreise til Tyskland samtidig som den tok meg til New York. Heng du med? To reiser i same slengen. Timar på flyet blir til timar i storbyen.

Paul Auster er ny for meg. Han er ein 63 år gammal forfattar frå New York som vert rekna som ein postmodernist som behandlar eksistensielle tema i bøkene sine.

Boka New York Trilogien består av tre korte romanar der handlinga er lagt til, ja nettopp, New York. Sjangermessig er det litt vanskeleg å plassere denne boka syns eg. Stikkorda er kvardagsleg detektivarbeid, underfundige og tilsynelatande tilfeldige hendingar, billedlege personskildringar og eit streif av uventa humor. Eg las den nynorske oversetjinga og syns språket var svært stødig og godt. Nokre av personane dukkar opp fleire stader, og dei tre romanane som tilsynelatande ikkje heng saman viser seg å kanskje nettopp gjere det. Etter at siste sida av boka var lest måtte eg smile litt. Og boka heng framleis i. Underfundig gledeleg. God bok.

Biletet er lånt av capris.no

Read Full Post »

Ein jobb å gjere..

«Mamma», sa femåringen ved frokostbodet i dag. Ho smurte nøyaktig prim utover skiva si. Så løfta ho blikket. Det er blått og klart og litt strengt. «Du har en jobb å gjøre». Eg kikkar opp frå kaffikoppen. «Vet du ikke at det er første søndag i advent på søndag?» forset ho.  Og som om ikkje det er nok: «Vet du EGENTLIG hvor julekassen din er, Mamma?».  Eg svarte ikkje, men eg følte meg slik:

Nokon er tydelegvis bekymra for mangel på adventsstemning i heimen. Nokon er også bekymra for at adventskalenderen enda ikkje er på stell. Og faktisk, eg er litt bekymra eg og. Mangelen på julestemning er openbar. Denne jula er me ein mindre rundt bordet. Julegleda har fått seg ein krafig smell. Me får ta små steg, ein ting om gongen så blir det nok jul i år og. Ho treng ikkje bekymre seg, 5 åringen min. På søndag kjem adventsstemninga. På tross av, men kanskje mest på grunn av at det er ekstra viktig at det blir jul i år og.

For ordens skuld: Biletet er frå romjula i fjor.

Read Full Post »