Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for desember 1st, 2010

Songluker i desember

Her i huset har det den siste tida herska stor bekymring blandt dei små om mor får kalederen klar til den store dagen, 1. desember. Eg har halde tett på korta men kunne i går kveld konstantere at eg rakk tidsfristen med opptil fleire timars margin. Den heimesydde kalenderen er fylt med små pakkar som består av små sjokoladar, pakka to og to nøyaktig like. I tillegg har eg satsa stort på musikalske innslag denne adventstida. Ein flott adventskalender med ein nynorsk julesong for kvar dag er ny av året, og i dag opna me første luka.

Det var den fine Tenn lys av Eyvind Skeie og Sigvald Tveit som var første song ut, og den vart høgtideleg framført på eit morgonkaldt kjøkken iført pysj og uten briller i dag presis kl 06.32. Ungane var ikkje heilt i hundre, men eg trur på ein måte dei syns det var fint og. Mor som syng med den stemmen ho har, far som smører matpakke og den vanlege diskusjonen som tek for seg bukse eller kjole, tjukk genser eller ikkje tjukk genser og så vidare og så vidare.

Eg har smugkikka litt framover i kalenderen (ein må jo på eit vis førebu seg til desse morgontidlege songstundene me skal ha i desember) og registrert at det er mykje nytt her. Heldigvis finn ein innspelingar og til ein del av songane også noter på nettsida til Tunkatten. For ein nynorskelskar som meg sjølv er dette sjølvsagt ei skattekiste og eg syns denne kalenderen er ein veldig god idè. Den skal takast fram år etter år slik at når mine ungar eingong vert fjortisar med alfor mykje sminke og altfor trange klær skal dei i det minste ha tjuefire nynorske julesongar innanfor bringa. Kaldenderen er kjøpt via bokklubben Blåmann der me sjølvsagt er medlemmer. Eg syns det er så herlig å lese for ungane på nynorsk!

Read Full Post »