Laurdag hadde far i huset andre planar og me andre tre tok oss difor ein tur til byen. I lag med ei anna mamma og hennas to småjenter tok me buss og bane og enda til slutt i sentrum. Herfra tok me oss opp på Høyden og tilbrakte laurdagen blandt skjeletter og mumier på Universitetsmuseet i Bergen. Først ut var Naturhistoriske samlingar i tradisjonsrike omgivelsar.
Her slo me oss laus blant skjeletter og utstoppa dyr i tre etasjar. Det er som ein dyrepark det tida har stoppa. Alle dyra er der, ingen rører seg. Heile stemninga på Universitetsmuseet er spesiell. Dyra og fuglane er stivna i meir og mindre naturlege posisjonar. Det er både spennande, gøy og litt skremmande på ein gong. Desverre var det digre kval-skjelettet under oppussing, så dei får me ha til gode til neste gong. Kvalskjeletta som er utstilt er over 100 år gamle, og framleis lek det olje og feitt ut frå knoklane. Fascinerande.
Etter å ha kost oss me kaffe og medbrakt niste rusla me gjennom musehagen som var dekka av snø og over til Kulturhistoriske samlingar. Her var det nok leikerommet som var kjekkast, utkledningsklær og kjepphestar tok stemninga til nye høgder! Me fekk imidlertid med oss mumiene, der særleg den bittelille kattemumien fekk stor oppmerksomhet. Me var praktisk talt aleine (dersom ein kun tel dei levande vel og merke) i mumieutstillinga og museumsvakten tok seg god tid til å vise småjentene både kattemumien og krokodillemumien. Eg forsøkte å hause opp stemninga litt med å påpeike at det faktisk var EKTE folk innpakka i tøystrimler, men jentene hipsa nochalant på skuldrene og svarte med «det vet vi vel».
Konklusjonen er sjølvsagt at laurdagar er fine å tilbringe i lag med skjeletter, og at Universitetsmuseet har mykje spennande å by på. Eg gløymde jo heilt å nevne at steinsamlinga med skap på skap med krystallar og stein i dei flottaste fargar og fasongar nok var det 3-åringen min likte aller best. Så ikkje nøl, slå ut håret blandt skjeletter, kanskje lærer du noko og? (Det gjorde iallefall eg!)
Der såg det skikkeleg spennande og kjekt ut for både små og store.
Veldig kjekt at du er tilbake på bloggen igjen Liv Kjersti.
Hei Hilde, takk for det! Kjekt å blogge igjen:-)