Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Uncategorized’ Category

Klisje-kaloriar i kø

Jada jada. Det er februar – klisjemånaden over alle. Søndag var som alle (som vågar seg innom facebook iallefall) veit morsdagen. Dagen der ein hyller alle verdas mødre med kake og det som verre er. Eg har jo litt problemer med morsdagen sidan eg ikkje har nokon mamma å ringe eller lage kort til lenger. Men i år fekk eg hammaren i hovudet: eg er mor sjølv, og når husets seksåring diska opp med heimelaga morsdagskort innsåg eg at eg må la sorgene fare og finne att morsdagsgleda. Og det gjekk lett. Når teksten på kortet lyder at eg er superduper, ja då er livet godt å leve. Superduper er eit altfor lite brukt adjektiv, så fra nå av: sjå deg sjølv i spegelen kvar morgon og gjenta: Eg er superduper 🙂

Og ikkje før ein har fått ned siste biten av morsdagskaka er det rett over i den utskjelde Valentinerdagen, eller Alle Hjarters Dag. Uansett om ein er for eller imot å adoptere meir og mindre festelege amerikanske tradisjonar så likar eg nå å få ein blomsterkvast eg altså. Visst vart det blomsterkvast på meg, og når den er fulgt av herleg salta torsk til middag, ja då er Alle Hjarters Dag perfekt for meg. Og når me er inne på kalorier (jmf overskrifta) kan eg glede deg med at eit halvt kilo salta torsk tilsvarer 100 gram sjokolade i kalorimengd. Eg slår difor eit slag for salta torsk som Valentines Day tradisjon. Så har me liksom gjort det litt til vårt eige og.

Dersom du var blant dei som fekk hjartesjokolade i dag bør du hive dei i deg fortare enn svint. Til søndag er det nemleg Fastelaven…

Reklame

Read Full Post »

Laurdag hos skjeletta

Laurdag hadde far i huset andre planar og me andre tre tok oss difor ein tur til byen. I lag med ei anna mamma og hennas to småjenter tok me buss og bane og enda til slutt i sentrum. Herfra tok me oss opp på Høyden og tilbrakte laurdagen blandt skjeletter og mumier på Universitetsmuseet i Bergen. Først ut var Naturhistoriske samlingar i tradisjonsrike omgivelsar.

Her slo me oss laus blant skjeletter og utstoppa dyr i tre etasjar. Det er som ein dyrepark det tida har stoppa. Alle dyra er der, ingen rører seg. Heile stemninga på Universitetsmuseet er spesiell. Dyra og fuglane er stivna i meir og mindre naturlege posisjonar. Det er både spennande, gøy og litt skremmande på ein gong. Desverre var det digre kval-skjelettet under oppussing, så dei får me ha til gode til neste gong. Kvalskjeletta som er utstilt er over 100 år gamle, og framleis lek det olje og feitt ut frå knoklane. Fascinerande.

Etter å ha kost oss me kaffe og medbrakt niste rusla me gjennom musehagen som var dekka av snø og over til Kulturhistoriske samlingar. Her var det nok leikerommet som var kjekkast, utkledningsklær og kjepphestar tok stemninga til nye høgder! Me fekk imidlertid med oss mumiene, der særleg den bittelille kattemumien fekk stor oppmerksomhet. Me var praktisk talt aleine (dersom ein kun tel dei levande vel og merke) i mumieutstillinga og museumsvakten tok seg god tid til å vise småjentene både kattemumien og krokodillemumien. Eg forsøkte å hause opp stemninga litt med å påpeike at det faktisk var EKTE folk innpakka i tøystrimler, men jentene hipsa nochalant på skuldrene og svarte med «det vet vi vel».

Konklusjonen er sjølvsagt at laurdagar er fine å tilbringe i lag med skjeletter, og at Universitetsmuseet har mykje spennande å by på. Eg gløymde jo heilt å nevne at steinsamlinga med skap på skap med krystallar og stein i dei flottaste fargar og fasongar nok var det 3-åringen min likte aller best. Så ikkje nøl, slå ut håret blandt skjeletter, kanskje lærer du noko og? (Det gjorde iallefall eg!)

Read Full Post »

17. januar

17. januar. Ute er det 4 grader pluss og opplett. Inne er det fyr i omnen og fine primula. Bloggen har vore forsømt og gløymt. Nå tenkte eg å prøve meg igjen.

Read Full Post »

Nye tider

Akk ja, det er nye tider i heimen. Skitrekk, carvingski, heiskort. Nye ord og nye tider. Små jenter lærer nye ting fort, mor treng eit par turar til.

Eikedalen Skisenter er berre tre kvarter unna og noko seier meg at dei neste åra blir dette ein plass me kjem til å besøke rett som det er.

Read Full Post »

Gaudi og Güell

Innimellom kursinga i gasskromatografiens mange spissfindigheter får eg sjølvsagt tid til å sjå meg litt rundt i Barcelona. I går tok eg turen til Güell-parken for å kikke på litt av arbeidet som den verdskjende arkitekten Antonio Gaudi står bak. Han er heilt klart ein av Barcelonas store søner og han set eit tydeleg preg på byen. Dette ser ein til dømes i handlegata Grand de Garcia der ein finn den berømte La Pedrera, bølgeblokka.

Gaudi vart fødd i 1852 og representerer modernistaretningen innen arkitektur. Ein kan ikkje unngå å bli i godt humør av Gaudi sin arkitektur, og Güellparken er intet unntak.Parken er på UNESCO si verdsarvliste og er full av fantasifulle bogegongar, fantastisk mosaikk og morosame skulpturar.

Midt i parken finn ein også huset der Gaudi budde i 20 år. Dette er no museum. Huset er ganske sparsommeleg møblert, men dei møblene som er der ber sanneleg preg av at Gaude visste å tenke utanfor boksen!

Utsikten over Barcelona med middelhavet i horisonten er fantastisk, sjølv på ein overskya dag som i dag.

Read Full Post »

Kvitt

Kvitt er ein farge som består av alle bølgelengder av synleg lys. I dag flomma sollyset inn i gjennom vindauga og i kombinasjon med den nyfalne kvite snøen ute vart det eit fantstisk lys i stova. Lyset avslørte uvaska vindauge, men det ser ein glatt forbi. Iallefall i dag.

I staden greip eg fotoapparatet og knipsa frå terrassen. I følge avisa har det kun vore to finværsdagar til no i år. For at ein dag skal få den gjeve tittelen Finværsdag må den oppfylle ei rekke krav frå Meterologisk Institutt.  Dagen i dag er nok ingen finværsdag, den snøa nemleg kraftig tidlegare i dag.

Alt det kvite ute passar godt saman med det kvite inn. Eg har påskeliljer på spisebordet, men i stova der er det pinseliljer som rår. Eller, det er ingen som ser at det er pinseliljer enda. Eg vatnar dei lite for å halde på løkane ei stund til. Eg syns det er fantastisk at ein kan få tak i løkar i januar, til berre eit par tiarar. Kor hen? IKEA såklart.

I går gjekk eg ut av eit styre etter to år. Eg fekk fine roser. Kvite dei og.

Med alt dette fine, kvite lurer eg på kvifor eg kvar dag får høyre: «Mamma, har du begynt på heksekostymet mitt nå?». Februar er karnevalstid og storesøster vil vere heks. Heks. Eg ventar på at hekseinspirasjonen skal komme over meg, eventuelt at eg kjem over eit parti heksestøy neste gong eg er på butikken.

Read Full Post »

Vårleg vinter

Ute er det snø i massevis, men inne er det vår. Iallefall på spisebordet. Påskeliljer viser veg mot vår.

 Inspirert av Lykkeprosjektet som eg skreiv om i forrige post har me hatt ryddesjau i heimen i det siste. Rom for rom, hyller for hylle, skap for skap. Sjølv om me berre har budd i huset i to år har det samla seg mykje i skuffer og skap. For mange ting stjel energi og det føles utruleg godt å få rydda.

Ein av dei tinga som har irritert meg mest er det store massive spisebordet i kirsebærfarga tre som me har hatt framme. Det absorberte ein god porsjon av lyset i spisestova, var digert og krasja i tillegg fullstendig med eikegolvet. Som eit lite forsøk la eg spisebordet ut til salgs på finn.no. Etter eit par timar var det solgt! Dermed kunne eg skaffe meg det mykje lysare og lettare, men faktisk eit par centimeter lengre Norden fra IKEA. I seine kveldstimar i går kom det på plass. Spiseplassen er lett, lys og triveleg. Kirsebærmonsteret har fått ein ny heim og eg fekk faktisk råd til eit par stolar også. Takk og lov for finn.

Ordning och reda er kjekt. Det kjem kanskje fleire innlegg om dette etterkvart som eg jobbar meg gjennom heimen.

Read Full Post »

Jammen gjekk juni forbi i ein fei. Eg kan ikkje skulde manglande blogging på manglande motiv. Me har hatt ein fin juni månad, sola har vore framme og mange fine minner er lagra.

Helgene heime på Skartland er annleis. Mamma manglar og minnenen er mange. Renovering av den gamle leikehytta var Mamma sitt prosjekt. Ho la mange arbeidstimar i maling, pussing og innredning. Nye gardiner i den heilt rette rosafargen med blondekant. Hyller, bilder på veggen, pynt frå det glade 70-tal. Klart barnebarna skulle ha leikehytte når dei kom på besøk. No leikar jentene utekafè utan Mormor. Men heilt i Mormor si ånd.

Juni var også å drive sauer i hundretal til fjells. Og å få nye venner. Både to- og firebeinte.

Fantastisk utsikt over Hylsfjorden og høg himmel i Suldalsheia.

Mikkelparken vart ei flott oppleving for familien, for anledninga utvida med snille svigermor som alltid stiller opp. Gjensyn med gamle vener i Hardangar kombinert med andebåtar og hoppeslott vog opp for lett yr i lufta heile helga.

I det juni gjekk over til juli kom fint folk frå Hedemarken på besøk. Det vart både Stoff&Stil, Botanisk Hage og mange gode pratar ut av det:-)

Read Full Post »

I dag er det 10 dager til jul. Sa storesøster i går. Å? Sa eg. Og prøvde å korrigere til at i dag er det 10 dagar til advent. Ja. Sa storesøster. Og da er det jul. Ho har jo på mange måtar rett. Det er jo adventstida som er den koselegaste tida, julekakene smakar best før jul og planlegginga er kanskje meir enn halve gleda når det gjeld jula. Allerede sist søndag starta me ut med adventsmøte i Familespeidingsgruppa. Her brakte me med oss tomme skoesker, lim, filt og tusjar og dei vakraste og mest rørande julekrybber vart skapt av små hender.

Her ser du tydeleg Engelen Gabriel, Betlehemstjerna og ikkje minst Jesusbarnet i krybba si, svøpt i blå filt.

Så må eg absolutt vise fram to skattar som har fått plass i kjøkkenglaset heime hos oss. Det er to fantastiske blomsterpotter som eg har fått av mi kjære mamma. Begge er innkjøpt før mi tid, og det gjer det heile enda bedre. Den svarte og raude har eg hatt med meg heilt sidan eg flytta på hybel som 16-åring. Den brune med blomar sneik eg med meg sist eg var på heimtur. Eg fekk lov altså:-). No står dei til utstilling med amaryllisløk som stekkjer seg til værs. Amaryllis er ein fantastisk juleblom, mektig og sterk. Eg har kjøpt to. Foreløpig får dei ikkje vatn, då spring dei nemleg ut. Eg vil vente ei vekes tid før eg «driv dei fram» som dama hos MesterGrønn sa. Eg kjenner at eg blir litt stolt over at eg sjølv skal drive fram mine eigne amaryllis til jul i år. Ja, då har ein liksom tatt eit steg opp på hushaldsstigen. Eit steg nærmare å bli ein kombinasjon av Ingrid Espelid, Blomster-Finn og Martha Stewart.

 

Så til risgrauten. I dag har me nemleg vore på tur langt til fjells med ein hyggelig familie, og turen enda med risgraut på primus. Det er fyrste gong eg et risgraut i røsslyngen, men det kan absolutt anbefalast. Eg må innrømme at me benytta oss av Fjordland sin ferdige risgraut, den smakar godt og  faren for melkesøl i sekken er minimal. Småjentene hadde skattejakt etter godteposar etter at grauten var sett til livs. Litt vått i marka var det jo i dag, men såpåss må ein tole. Godt å lufte seg litt, og her kjem dagens siste bilde:

Lillemor synes graut er veldig godt, men enda bedre er det med rosiner!

 

 

Read Full Post »

Som fuglen på kvist

Om eg var ein songfugl ville eg vore svært begeistra for kveldens kreative krumspring. Kva er vel meir naturleg enn å tilbringe laurdagskvelden med å klistre wallstickers på soveromsveggen? Slike veggklistremerker har jo vore populære ei god stund no, og me har faktisk nokon på badet også. Det var rett nok nokon som eg fekk med ei utgåve av eit interiørblad tidlegare i haust, altså heng dei vel rundt i dei titusen hjem. For nokre veker sidan var eg innom Frøken Fryd i Isvik, ein fantastisk koseleg butikk med massevis av fristelsar. Eg er nok ikkje heilt på den nostalgiske bølgja som kanskje kjenneteiknar Frøken Fryd (orsak meg dersom eg tek feil!), men finn plenty av godbitar til å piffe opp heimen med. Eg er til dømes heilfrelst fan av Hilde sine puter! Eg er den heldige eigar av ei slik med badedraktdamer. Vel, vel, i kveld kom veggklistremerket som forestiller fuglar på kvist opp på veggen på soverommet. Over senga, men ikkje symmetrisk. For ein symmetrifreak som meg var det faktisk litt krevjande å montere opp noko som ikkje var nøyaktig på midten av midten. Men det gjekk bra og eg seier meg godt nøgd med resultatet!

IMG_1095

Sengeteppet likar eg veldig godt, det er kjøpt på Urban Outfitters i Boston. Ellers er soverommet ein mix av IKEA og bruktbutikk. Skulle kanskje hatt litt meir fuglerelatert pynt på hylla over senga, får sjå kva som dukkar opp!

Ellers har laurdagen brakt meg seg ein visitt på Stoff og Stil med søster strøken , trur jammen nokre lilla stoff lista seg med heim. Mi gode venninne, symaskina Bernette, må nok fram ein av dagane trur eg.

 

 

Read Full Post »

Older Posts »