Jada jada. Det er februar – klisjemånaden over alle. Søndag var som alle (som vågar seg innom facebook iallefall) veit morsdagen. Dagen der ein hyller alle verdas mødre med kake og det som verre er. Eg har jo litt problemer med morsdagen sidan eg ikkje har nokon mamma å ringe eller lage kort til lenger. Men i år fekk eg hammaren i hovudet: eg er mor sjølv, og når husets seksåring diska opp med heimelaga morsdagskort innsåg eg at eg må la sorgene fare og finne att morsdagsgleda. Og det gjekk lett. Når teksten på kortet lyder at eg er superduper, ja då er livet godt å leve. Superduper er eit altfor lite brukt adjektiv, så fra nå av: sjå deg sjølv i spegelen kvar morgon og gjenta: Eg er superduper 🙂
Og ikkje før ein har fått ned siste biten av morsdagskaka er det rett over i den utskjelde Valentinerdagen, eller Alle Hjarters Dag. Uansett om ein er for eller imot å adoptere meir og mindre festelege amerikanske tradisjonar så likar eg nå å få ein blomsterkvast eg altså. Visst vart det blomsterkvast på meg, og når den er fulgt av herleg salta torsk til middag, ja då er Alle Hjarters Dag perfekt for meg. Og når me er inne på kalorier (jmf overskrifta) kan eg glede deg med at eit halvt kilo salta torsk tilsvarer 100 gram sjokolade i kalorimengd. Eg slår difor eit slag for salta torsk som Valentines Day tradisjon. Så har me liksom gjort det litt til vårt eige og.
Dersom du var blant dei som fekk hjartesjokolade i dag bør du hive dei i deg fortare enn svint. Til søndag er det nemleg Fastelaven…
Det va ett superdupert fint kort 🙂
Eg fekk og ein blomsterkvast, men måtte kjøpa sjokoladen sjøl… 😉