Når ein landkrabbe giftar seg med ein som har båtførarbeviset då er det duka for misforståingar, utfordringar og kanskje også morosame historiar. Eg er slett ikkje komfortabel med gyngande grunn under føtene, og langt frå begeistra for rullande bølger som kjem frå sida. Då blir eg uggen, muggen og sur. Etter eit par meir eller mindre vellukka båtturar har eg likevel plukka opp eit og anna. I anledning solskin og føreståande båttur i helga har eg her tenkt å presentere eit lite kræsjkurs i båtvett. For dei som ikkje er kjende med termen kræsjkurs er det eit kort og intenst kurs før eksamen som prøver å oppsummere pensum, men som berre gir deg kvaler større enn dei du hadde før kurset. Så, her er mine enkle reglar for sjø og havbruk.
Første punkt. Dregg er det same som anker. Det er ein diger metallsak som har eit tau i enden med det klingande namnet dreggtau. Når styrmannen skrik til deg: HIV DREGGEN, ja då skal du slenge metallsaken ut i sjøen, men for all del, og dette er viktig: du skal halde godt tak i enden av tauet slik at ikkje det også forsvinn ned i djupet. Gjer det det, ja då blir det bråk og båtturen endar i ein dykketur der du sit eine og aleine ombord i båden medan ein ilter styrmann dykkar etter tauet.

Dette er ein dregg, men utan tau. Biletet er lånt frå www.aye-aye.no.
Andre punkt: Draft betyr sjøkart. Det er veldig viktig å følge med på draftet slik at ein unngår å gå på skjær og holmar. Du får neppe ansvar for draftet i første omgang, så berre slapp av. Men det er greit å vite at det er stort og pakka inn i plast og som regel litt framme i båten i nærleiken av rattet.
Tredje punkt: Når dykk skal få båten inntil land slik at det er mogleg å få fast grunn under beina igjen og styrmannen køyrer sakte mot svaberga og brått skrik HOPP til deg, ja då hoppar du. Eg er jo generelt i mot å hoppe når andre seier hopp, men i denne situasjonen anbefalar eg deg å hoppe. Husk å ta med deg tauenden av det tauet som er knyta fast i båten framme når du hoppar. Flate sko er best. Ingen protest.
Fjerde punkt: Båttur kan by på hyggelege opplevingar, her illustrert med ein av dei vanlegaste: Ein får ein fisk som er så liten at den ikkje er til noko som helst. Det er likevel lurt å vere positivt innstilt til fisking, då dette er svært viktig for båtfolket og dette jo er ein leksjon i korleis ikkje fornærme styrmannen.

Femte punkt: Ha alltid med kaffe på termos. Uten kaffe kan stemninga fort bli litt meir amper enn godt er. Er du ekstra lysten på å gjere godt inntrykk, ja då bør du lage ein diger porsjon av desse fantastiske bringebærbollene med mandelmassefyll. Med desse i sekken og dei overståande råda friskt i minnet kan sjølv ein innbitt landkrabbe komme velberga gjennom båtturen.

Og hugs: Dersom du køyrer båten og dykk er midtfjords og du trur alt er fint og det plutseleg dukkar opp flytande gras langs båtsida som frå ingenting, då må du svinge hardt til motsatt side. Flytande gras midtfjords er nemleg tydeleg indikasjon på undervass-skjær. Og dei vil ein for alt i verda unngå.
Kast loss!
Read Full Post »