Storesøster som vart skulejente i haust har lenge vore lova nytt rom. Ho har sjølv valgt seg ut det minste rommet i huset, berre 8 kvadratmeter til rådighet. Me starta med å male heile rommet samt tapetsere ein vegg med ein herleg tapet frå retrovilla. Så fekk ho seg ny seng (gåve fra snille Farmor) og skrivebord. Lukka var stor over eige rom!
På senga litt eit fantastisk flott handstrikka pledd, eg skulle sjølvsagt ønske at eg kunne skryte på meg å ha strikka det sjølv, men det er faktisk vunne av rommet sin eigar på basar. Basar altså, utruleg flotte handlaga gevinstar! På veggen har me laga ein liten bildevegg av gamle og nye saker. Bokmerket nederst i midten er det Oldemor som har laga, det er sydd i hardangersaum som er det finaste eg veit når det kjem til handarbeid. På golvet geiteskinn så klart. Kva ellers?
Eg har også fått lurt inn eit par gamle saker, skrivebordslampen er kjøpt på Bergens koselegaste butikk: Den Grønne Baljen og er etter støpselset å dømme gammal som berre det. Koppen med tusjar fekk eg når eg var 5 år og den har fulgt meg sidan (ikkje tusjane så klart, dei er forbruksvare!). Ellers er Top Model sine teiknebøker ekstremt populære også hjå oss. Som krona på verket annonserte storesøster at ho ønska seg ei discokule i taket! Eg seier ja takk til discokule, men kor i verda får ein tak i det??
Discokule finne du på Clas Ohlson 😀
Eg skjønne godt at Laurense e fornøyd med rommet sitt – kjempe fint!!
Tapeten va skikkelig kul.
Knallfint blei det! Suglar fælt etter å ha sett den tapeten:-) Søøøt bildevegg. Og discokule blir jo bare prikken. Kjør på!
Klem