Bokmeldinga i dag handlar om India. Og du verda kva eg ikkje visste om India. Balansekunst er over 700 sider og kan heilt klart beskrivast som ein murstein. Boka traff meg som ein murstein i magen. Beskrivingane av livet på landsbygda og i storbyen er så ekte, så enkle og så godt fortalte at eg forsvann djupt inn i boka og brukte lang tid på å riste av meg ubehaget etterpå. Tankane mine sviv framleis rundt kastesystemet, tiggarstanden, korrupsjon og urettferdighet. Samtidig er det ein sjeldan varme i boka. Personane er så levande fortalde.
Boka handlar om India i åra 1945 – 1975 om me får bli kjent med mange ulike sider ved det indiske samfunnet gjennom historiane til desse menneskene som vert sydd saman på ein genial måte.
Du veit, det finst slike bøker som ligg på nattbordet, i bokhylla eller stovebordet lenge. Dei bøkene ein les litt i her og der, når det er ledig tid. Og så finst det sånne bøker som ein skundar seg heim frå jobb for å lese. Dei bøkene ein les medan ein rører i gryter og heng opp klær. Balansekunst av Rohintron Mistry er ei slik bok. 700 sider som kryp under hudet og får deg til å tenke. Så ikkje nøl, sett i gong å les. Men førebu deg på at ei reise i India ikkje lar deg gå upåverka vidare.
Oi! Den høyrtes god ut! Eg har framleis ikkje fått «Shantaram» ut av blodet – den òg frå India – så kanskje eg må forte meg vidare med denne godbiten!
Klem