Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for januar 2012

Nytt rom!

Storesøster som vart skulejente i haust har lenge vore lova nytt rom. Ho har sjølv valgt seg ut det minste rommet i huset, berre 8 kvadratmeter til rådighet. Me starta med å male heile rommet samt tapetsere ein vegg med ein herleg tapet frå retrovilla. Så fekk ho seg ny seng (gåve fra snille Farmor) og skrivebord. Lukka var stor over eige rom!

På senga litt eit fantastisk flott handstrikka pledd, eg skulle sjølvsagt ønske at eg kunne skryte på meg å ha strikka det sjølv, men det er faktisk vunne av rommet sin eigar på basar. Basar altså, utruleg flotte handlaga gevinstar! På veggen har me laga ein liten bildevegg av gamle og nye saker.  Bokmerket nederst i midten er det Oldemor som har laga, det er sydd i hardangersaum som er det finaste eg veit når det kjem til handarbeid. På golvet geiteskinn så klart. Kva ellers?

Eg har også fått lurt inn eit par gamle saker, skrivebordslampen er kjøpt på Bergens koselegaste butikk: Den Grønne Baljen og er etter støpselset å dømme gammal som berre det. Koppen med tusjar fekk eg når eg var 5 år og den har fulgt meg sidan (ikkje tusjane så klart, dei er forbruksvare!). Ellers er Top Model sine teiknebøker ekstremt populære også hjå oss. Som krona på verket annonserte storesøster at ho ønska seg ei discokule i taket! Eg seier ja takk til discokule, men kor i verda får ein tak i det??

Advertisements

Read Full Post »

Eg, som slett ikkje er begeistra for kulde og glatte vegar har i år tatt meg i å sutre fordi DET IKKJE ER SNØ! Ja, nå står ikkje verda til påske tenker du kanskje. Blir ho aldri nøgd? Sanninga er at dei siste åra har eg sett meir og meir pris på vinteren og den har å by på. Og i helga kom vinteren på plass for min del. Strålande sol og gnistrande føre.

Laurdag var det Eikedalen Skisenter som lokka, og lille store storesøster på seks år kjørte sitt første slalomrenn! Ikkje godt å seie kven som var mest stolt, men sikkert er det iallefall at dette gav meirsmak. Eikedalen er forøvrig ein fin plass for barn, kort kjøreveg frå Bergen og passande bakkar. Stas var det også at Tertnes Alpin sette opp portar og arrangerte renn for alle som ville vere med.

Søndag vart det aketur i nærområdet! Eg vil verkeleg slå eit slag for å bruke områda rundt der du bur. Akebrett, stormkjøkken, kakao på termos – og for ikkje å gløyme dei obligatoriske fiskekakene! Pølser slår ikkje an hos jentene, men får dei fiskekaker, ja då er dagen redda. Fint for oss. Fiskekaker er godt som gull. Steik på bål eller stormkjøkken, pimp dei med paprika, agurk, tomat og majones og nyt!

Og heilt ærleg: finst det noko bedre enn aking? Neppe!

 Til høgre på bloggen finn du fleire som skriv om barn og friluftsliv. Eivind Eidslott, forfattaren av boka Fjellbarna og bloggen med same namn er sjølvsagt den leiande «barn og friluftsliv-guruen». Her er det mykje inspirasjon å hente.

Read Full Post »

Maritime overraskelsar

Helga vart tilbrakt på flotte Solstrand Hotel på Os. Dette er eit eventyr av eit hotell, så forventningane var skrudd heilt i taket. Eg og finaste lillesøster Ingrid kom til hotellet laurdag og før me visste ordet av det låg me i bassenget og nytte utsikten over fjord og snøkledde toppar. Etterpå var det duka for høgdepunktet: algeinnpakning. Når ein ligg på benken innsmurd i alger frå hårrot til tåspiss, ja då føler ein verkeleg at ein har tatt det maritime sjelelivet til nye høgder. Det er godt for kropp, men kanskje mest for sjela å kjenne algene krype under huden. Lite visste me at me hadde endå kraftigare maritime opplevelsar i vente. Det var nemleg når middagen kom på bordet, ja faktisk nesten var eten opp det toppa seg for å bruke eit kraftuttrykk. Lillesøster delte sin siste uerbit i to – og til syne kom ein makk. Javiss, ein lang og tynn kveis. Og der forsvann apetitten. Restaurantsjefen kom ilande og beklagelsane hagla. Jaja. Det blir ei stund til neste uerfilet kjenner eg.

I staden for bilde av kveis får du heller eit bilde av utsikten frå hotellrommet.


Heldigvis vart ingen sjuke og me avslutta helga med ein fantstisk søndagstur til Liafjellet på Os. Nydeleg utsikt og frisk luft la ein dempar på kveisnedturen.
Liafjellet er herved anbefalt sjølv om me fann toppen ved eit reint lykketreff (ikkje lett å finne rett sti når det er snø). Fin tur og fin utsikt. Der er det me jaktar på, er det ikkje?

Read Full Post »

17. januar

17. januar. Ute er det 4 grader pluss og opplett. Inne er det fyr i omnen og fine primula. Bloggen har vore forsømt og gløymt. Nå tenkte eg å prøve meg igjen.

Read Full Post »