Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for februar 2011

Gaudi og Güell

Innimellom kursinga i gasskromatografiens mange spissfindigheter får eg sjølvsagt tid til å sjå meg litt rundt i Barcelona. I går tok eg turen til Güell-parken for å kikke på litt av arbeidet som den verdskjende arkitekten Antonio Gaudi står bak. Han er heilt klart ein av Barcelonas store søner og han set eit tydeleg preg på byen. Dette ser ein til dømes i handlegata Grand de Garcia der ein finn den berømte La Pedrera, bølgeblokka.

Gaudi vart fødd i 1852 og representerer modernistaretningen innen arkitektur. Ein kan ikkje unngå å bli i godt humør av Gaudi sin arkitektur, og Güellparken er intet unntak.Parken er på UNESCO si verdsarvliste og er full av fantasifulle bogegongar, fantastisk mosaikk og morosame skulpturar.

Midt i parken finn ein også huset der Gaudi budde i 20 år. Dette er no museum. Huset er ganske sparsommeleg møblert, men dei møblene som er der ber sanneleg preg av at Gaude visste å tenke utanfor boksen!

Utsikten over Barcelona med middelhavet i horisonten er fantastisk, sjølv på ein overskya dag som i dag.

Read Full Post »

Leopardar i syd-Europa

Korleis kan det ha seg at eg, ei stressa småbarnsmor på 31, ansatt i Staten og på ei uskuldig jobbreise til ein kjekk by sør i Europa plutseleg finn meg sjølv innlosjert på eit lugubert hostell langt frå allfarvei? Eit hostell der rommet er 2 kvadratmeter, der kloakkeimen heng tungt i gangane, taklyset er totalt fråværande og resepsjonisten er kledd i leopardtights?



Jo nå skal du høyre. I Barcelona denne veka skal det vere eit kjekt kurs som er svært fagleg relevant for meg. Her er berre 25 deltakarar så innlosjering burde ikkje vere noko problem. Vel. I tillegg er det ein verdsomspennande mobiltelefonkonferanse i denne byen denne veka. Byens hotell er smekkfulle, stappa til randen av mobiltelefonrelaterte mennesker. Det formeleg tyt ut mobilinteresserte folk frå kvart eit stort og lite respektabelt hotell. Altså skulle det vise seg at det ikkje lett som ein plett å skaffe seg overnatting denne veka. Eller? Iherdig internettsøking før helga resulterte i eit rom. EIT EINASTE ROM igjen. Alternativet var sovesal. Eg booka det einaste rommet som var å oppdrive, og var glad og fornøgd. Heilt til eg stod på døra i dag.

Eg meinar ikkje å vere fordomsfull her altså. Men, når resepsjonisten har leopardtights, det dundrar house- og trancemusikk (heiter det det?) frå youtube i resepsjonen og det ikkje finst gardiner eller anna tekstil til å dekke for vindauga på rommet med, ja då blir sjølv ei enkel sjel frå landet skeptisk. Og når smekklåsen på fellestoalettet i tillegg går fullstendig i lås og eg må gaule og skrike på leopardmannen for å få hjelp ti komme meg ut, ja då nådde eg smertegrensa. Og då har eg ikkje eingong nevnt resten av klientellet.

Heldigvis og til alt hell og lukke. Min gode mann klarte å spore opp eit anna ledig rom ved å bruke god gammaldags googling heimefra. Eg er no innlosjert i fredelegare omgivnadar. Ingen spor av villdyr og ingen kloakkeim.

Har eg lært noko i dag?

Ja.

1. Lås aldri toalettdøra på hostellet. Hold den igjen.

2. Stol aldri på ein mann i leopard.

Bileta i dette innlegget har eg heldigvis ikkje tatt sjølv. Dei er henta frå hhv wallpaperbase.com og kildenett.no.

Read Full Post »

Kvitt

Kvitt er ein farge som består av alle bølgelengder av synleg lys. I dag flomma sollyset inn i gjennom vindauga og i kombinasjon med den nyfalne kvite snøen ute vart det eit fantstisk lys i stova. Lyset avslørte uvaska vindauge, men det ser ein glatt forbi. Iallefall i dag.

I staden greip eg fotoapparatet og knipsa frå terrassen. I følge avisa har det kun vore to finværsdagar til no i år. For at ein dag skal få den gjeve tittelen Finværsdag må den oppfylle ei rekke krav frå Meterologisk Institutt.  Dagen i dag er nok ingen finværsdag, den snøa nemleg kraftig tidlegare i dag.

Alt det kvite ute passar godt saman med det kvite inn. Eg har påskeliljer på spisebordet, men i stova der er det pinseliljer som rår. Eller, det er ingen som ser at det er pinseliljer enda. Eg vatnar dei lite for å halde på løkane ei stund til. Eg syns det er fantastisk at ein kan få tak i løkar i januar, til berre eit par tiarar. Kor hen? IKEA såklart.

I går gjekk eg ut av eit styre etter to år. Eg fekk fine roser. Kvite dei og.

Med alt dette fine, kvite lurer eg på kvifor eg kvar dag får høyre: «Mamma, har du begynt på heksekostymet mitt nå?». Februar er karnevalstid og storesøster vil vere heks. Heks. Eg ventar på at hekseinspirasjonen skal komme over meg, eventuelt at eg kjem over eit parti heksestøy neste gong eg er på butikken.

Read Full Post »

Vårleg vinter

Ute er det snø i massevis, men inne er det vår. Iallefall på spisebordet. Påskeliljer viser veg mot vår.

 Inspirert av Lykkeprosjektet som eg skreiv om i forrige post har me hatt ryddesjau i heimen i det siste. Rom for rom, hyller for hylle, skap for skap. Sjølv om me berre har budd i huset i to år har det samla seg mykje i skuffer og skap. For mange ting stjel energi og det føles utruleg godt å få rydda.

Ein av dei tinga som har irritert meg mest er det store massive spisebordet i kirsebærfarga tre som me har hatt framme. Det absorberte ein god porsjon av lyset i spisestova, var digert og krasja i tillegg fullstendig med eikegolvet. Som eit lite forsøk la eg spisebordet ut til salgs på finn.no. Etter eit par timar var det solgt! Dermed kunne eg skaffe meg det mykje lysare og lettare, men faktisk eit par centimeter lengre Norden fra IKEA. I seine kveldstimar i går kom det på plass. Spiseplassen er lett, lys og triveleg. Kirsebærmonsteret har fått ein ny heim og eg fekk faktisk råd til eit par stolar også. Takk og lov for finn.

Ordning och reda er kjekt. Det kjem kanskje fleire innlegg om dette etterkvart som eg jobbar meg gjennom heimen.

Read Full Post »

Bokmelding

Eg er skeptisk. Og eg i allefall skeptisk til amerikanske sjølvhjelpsbøker av typen «Gå ned 20 kilo på 10 minutt», eller «finn din indre gudinne og få verdensherredømme – i dag». Eg er difor litt usikker på kvifor eg lot vere å avbestille Lykkeprosjektet av Gretchen Rubin kom som hovudbok i Bokklubben. Her ein dag kom den i posten. Eg heiv meg over. Og slukte heile greia.

Rubin er ei vellukka, vakker, rik amerikansk kvinne busett i sjølvast New York. Ho har ein kjekk mann, god jobb og to fine jenter. Likevel er ho ikkje lukkeleg. Kven er vel? Uansett, ho bestemmer seg for å bruke eit år på å bli meir lukkeleg i det livet ho allerede lever. Ho deler prosjektet inn i 12 området ho vil fokusere på, ein for kvar månad. Det handlar om kjærleik, energi, foreldrerollen, evigheten, økonomi med meir. For kvart området gir ho seg sjølv fleire konkrete utfordringar å fokusere på. Det er altså ikkje snakk om å reise verda rundt i ein 20 fots seilbåt eller gjere andre dramatiske tiltak for å finne lukka. Det er snakk om å gjere dei små endringane i livet.

Eg må innrømme at eg beit på. Eg likte boka og eg likte måten ho delte dei små, kvardagslege utfordingane på. Dette prosjektet kan lett tilpassast kvar enkelt sitt liv og ein kan fokusere på sine eigne utfordringar. Lukka ligg kanskje rett opp i dagen. Det gjeld berre å sjå etter.

Har eg starta mitt eige lukkeprosjekt? Nja, ikkje i så stor grad som Rubin, men eg vart heilt klart inspirert til å kjenne meir på kvardagslukka og kanskje utfordre meg sjølv på eit par punkt her i livet.

Rubin har sjølvsagt ein blogg, den finn du HER.

Read Full Post »

Tosca til helga

Puccini, den italienske komponisten står bak operaen Tosca som har gitt navn til ein snadderkake av dei skjeldne. Operaen i tre akter inneheld som seg hør og bør kjærleik, sjalusi, død og drama. Kaka inneheld masse godsaker, og får ikkje denne kaka deg til å synge dei høge tonar i glede, ja då veit ikkje eg.

Oppskrifta fann eg i danske BoligLiv, eg gjengir den modifiserte varianten som vart til ut frå det eg hadde i kjøleskapet:

3 egg og 125 gram sukker vispast til lett og luftig eggedosis. Tilsett 100 gram riven marsipan, 125 gram mjøl, 1 ts bakepulver, 125 gram smelta smør og finrive skal av ein lime. Rør i hop og ha over i ei smurt form. Steik på 170 grader i 25 min. Imens lagar du topping:

Grovhakk 200 gram hasselnøtter og hiv oppi ei gryte i lag med 50 g kokos, 150 gram sukker, 150 gram smør, 3 ss kveitemjøl og 3 ss matfløyte. Kok opp på middels varme så det ikkje brenn seg, kok eit par minutt.

Når kaka har steik i 25 minutt tar du den ut, fordeler toppingen og steiker videre i ca 5 min til kaka blir gyllen. Eg måtte hive på grillelementet det siste minuttet.

Avkjøl i forma.

Et og syng og ha ei riktig god helg!

Read Full Post »

Hval

Slik eg ser det, har me som foreldre to svært viktige oppgåver i forhold til ungane. Dekking av basalbehova mat, søvn, kos og klem og varme er instinktive ting som eg ikkje eingong tek med i denne diskusjonen. Dei tinga eg tenkjer på er

1. Lære å sykle

2. Lære å symje.

Sykling gjorde me unna i fjor (støttehjul fjerna, mengdetrening gjenstår). Symjing er vinterens prosjekt. Eg har forsøkt med mine meir og mindre manglande pedagogiske evner å lære storesøster å symje. Ikkje lett. Ho er nemleg arveleg belasta.

I min familie, altså der eg vaks opp, er det svært få som vil skulde oss for å vere «som fisken i vatn». Landkrabbar er vel det som kjenneteiknar oss best. Det heng sjølvsagt saman med synet. Me brukar nemleg briller. Eit par av oss har forsøkt «stuping med briller», men det enda ikkje bra. Det heile toppa seg når farmora mi vann eit par flotte vannski på basar. Dei vart straks og umiddelbart donert til min bror mot at han lova å ikkje hoppe i strikk (!). Einaste problemet er at me ikkje har meir enn fem hestekrefter på påhengsmotoren på båten. Ja for me har båt altså. Robåt. Med påhengs. Tilbake til brillene. Når ein har briller vil ein forsøke å ha hovudet godt over vatn når ein badar. Høgt heva. Dermed blir det vanskeleg. Men, la meg ikkje svartmåle. Me kan symje.

Eg har altså innsett at kanskje eg aldri vinn tittelen «årets symjetrenar» og difor har eg og storemor på fem begynt på Hval. Hval er eit av dei grunnleggande kursa til Norges Svømmeforbund og blir arrangert overalt. Hval er ikkje eit symjekurs. Det er eit dykkekurs. Ein lærer å dykke under. Ops. Mor legg igjen brillene i garderoben og me hiv oss i det. Vel, me hiv oss ikkje i det. Me går fint ned stigen og huker oss ut i bassenget. Hvalkurset går over åtte gonger. To er unnagjort. Tida vil vise om mor og datter lærer seg å dukke hovudet under vatn. Foreløpig ligg datter best an. Ikkje uventa.

Biletet illustrerer ikkje sanninga. Det er nemleg ikkje lov å bruke symjebriller på Hval. Men, når ein har fått seg rosa symjebriller så kan ein iallefall bruke dei på bildet.

Read Full Post »