Denne helga er det loppemarked på Slettebakken Skole, og me var tidleg ute. Trudde me. I Bergen regnar det bøtter og spann i dag så eg sa til mannen: Sikkert ingen som gidde gå på loppemarked i detta drittveret. Vel, det stemte ikkje heilt. Eit kvarter etter opningstid ankom me lokalene og det var stappfullt av folk! Stappfullt.
Det er langt mellom skattane på loppemarked, men innimellom dukkar det opp nokre riktige godbitar. I dag sikra eg meg:
Lita knallraud veske som skal matche fretex-skoa:
Dagfinn fann denne koselege vesle krukka som no tjener som oppbevaringsmøbel for pennar og blyantar på mitt «heimekontor», dvs skrivebord i eit hjørne av gjesterommet:
Og ikkje minst. Rosina i pølsa: Boken om håndarbeide frå 1980. Ei fantastisk bok som tek for seg ulike handabeidsteknikkar, fint inndel i kapittel og med forklarande bilder og god tekst. Her finn eg massevis av kjekke oppskrifter på alt frå vevde vesker via vatterte vestar til votter med selbumønster. Ei bok som inspirerert såvel som opplyser. Det beste av alt var at inni låg fleire ark handskrivne notater som forrige eigar sirleg har nedteikna med prydfull handskrift. Denne boka får plass på nattbordet. Der er det kun dei aller beste som havnar.
Eg kjøpte også to tjukke eventyrbøker, den eine med eventyr samla av Asbjørnsen og Moe, den andre er det H C Andersen som står bak. Eg har masse gode barnedomsminner frå når eg var lita og mamma las høgt gode gamle eventyr om prinsesser og meir og mindre heldige friarar, så desse bøkene skal bli kjekke å ha framover.
Loppemarked er ein fin ting, men ikkje kle deg for varmt!
Hei Liv-Kjersti! Sender ei lita helsing fra Wien. Her har det ikkje blitt tid til noko shopping ennå, og idag skal eg halde foredraget mitt.. Gledar meg til å bli ferdig med det. Eg likte særleg godt den kule røde veska!! 🙂
Snakkes snart i Bergen! Klem, IC.
Den veska var jo berre kanonfine 🙂
Veldig kjekt å ha ting som ikkje så mange andre har.
Og den matcha perfekt til skoene 🙂
ååå for ei fantastisk bok! Ta an med deg him neste gong! Og veskå va smashing 🙂 Krukkå va og eit godt valg! Apropo valg, idag e det valg og eg ska te vikebygd. Ska stemma på kjøkkenet på bygdahuset, spesielt!
Takk for kommentarer, eg blir veldig glad for alle!
Godt valg til dåke og! La oss håpe at fornuften rådar.
Likte veskå! Kul! B
Gjekk litt fort her..
Bra kjøp :-)!
Kul bok!!!!!!!!! Som eg nemde, så har me ei liknande hima, den er ganske så stilig, jajamenn! Ha ha, alt som har fått plass inni den boka, og så sirlig det blir… Alt skal gjerast skikkelig. Lampeskjermar, dynetrekk, bikini, strikkegenser med sauelandskap, lekedyr, babybærar (kjem ikkje på navnet. meisel? nett? sekk?) etc etc. Er det den stilen i boka di og?
Over til valget: eg stemte på Røde Kors huset i Vikedal. Sist eg var der var 10 års jubileum for ungdomsskulen, og før det trur eg nesten var avslutninga i 9.klasse. Det var og nesten på kjøkkenet, i alle fall sat valgvaktene og heiv innpå med rekesmørbrød (kjøkkenet 30 cm unna). Godt valg på etterskudd!
Ingeborg: Ja den boka er ikkje så tjukk, men innhaldet er heilt fantastisk. Kan ikkje unngå å bli inspirert til å setje i gong med vatterte vestar til heile familien, vevde sofaputer, ja ein kan tilogmed veve stoff og sy gardiner av det!! (Blir nok ikkje med det første, men muligheten er der jo!).
Her stemte me på Helldal skole og eg klarte å gå på feil side av dei merka banda når eg skulle gå ut. Heldigvis var ein av vaktene raskt på pletten og geleida meg på rett veg.