Tidlegare i sommar kjøpte eg meg ein kjole. Den er svart, kvit og raud og er kjøpt på Macys i sjølvaste New York. Heilt sidan eg kjøpe denne kjolen har eg tenkt at det hadde vore perfekt med raude pumps til. Så eg har nå kikka litt etter når eg har vore innom skobutikkar. Eg fann nokon og, men syns dei var overprisa. Raude pumps er tross alt ikkje noko eg brukar kvar dag og då syns eg det er «spødl» som far min seier om ting som kostar uforholdsmessig mykje, å bruke samme pris på eit par raude pumps som på eit par knallgode eccosko (my favourites!).
I dag fekk eg meg raude pumps. Eg såg dei på lang avstand i det eg trødde over dørstokken på den lokale Fretexen. Som vanleg når eg ser noko eg må ha sette eg opp tempoet. Ikkje at det såg ut som om han som stod og rota gjennom ein diger kasse med eitelleranna hadde tenkt å gjere kuvending og raske til seg mine raude pumps, men på bruktbutikkar veit ein aldri kven som kjem i høgt tempo inn frå sidelinja. Eg fekk dei. Raude pumps i skinn. 59 kroner. Og det beste av alt: kven har dansa i desse før? I can`t help but wondering….
Ooooo-lah-lah!!! 😀 FABULOUS!!! Og for eit røvarkjøp!
Desse blir perfekte til kjolen du kjøpte i NY, men kan vel også piffe opp mange andre antrekk!
SMASHING!!!
Du må ha dei til det fina røda silkesjalet som eg like å låna 🙂
Berre ring hvis du lurer, hehe! Og ingenting å sei på prisen… 59 kr liksom? Du har jo tjent penger på dette. Eit kupp! I say no more!
[…] Lita knallraud veske som skal matche fretex-skoa: […]