Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for februar 2012

Konseptet hyttetur

Sist helg leigde me ei hytte på fjellet. Hytta var flott og me fann fram etter berre ein halvtimes halvvegs mållaus kjøring/rygging rundt på eit hyttefelt litt sør for Røldalstunnellen. Eg meiner, når dette synet møter deg då kan du umulig unngå å senke skuldrene?

Heldigvis var hytta lafta og det var difor ikkje nødvendig å måke taket. Flaks.

Men frå spøk til alvor, hyttetur er heilmaks og Røldal viste seg frå si finaste side. Rett utanfor hyttedøra var det preparerte langrennsløyper og berre få minutt oppover befant me oss i strålande sol i Røldal Skisenter. Det er ein overdrivelse å seie at eg er i mitt rette element når eg får slalomskoa på, og min mann er svært entusiastisk sjølvutnevnt skiinstruktør. Etter tre timar opp og ned i trekket med oppmuntrande tilrop blanda med tekniske instruksar av typen :»meir tyngde på hælen på ytterski» og «hold blikket på bakken – IKKJE på skia» syns eg sjølv eg lett kunne forvekslast Pernilla Wiberg på 90-talet fekk eg kommentaren: «Ja, det begynner jo å sjå bedre ut nå». Så er eg ikkje heilt i mål stilmessig enda, men ein ting er sikkert: eg er ikkje lenger kjemperedd og eg kan faktisk strekke meg til å seie at slalom er litt kjekt.

Dette kunne sjølvsagt vore meg, men det er det ikkje. Det er Lindsey Vonn og bildet er lånt herfra.

 

 

Read Full Post »

Klisje-kaloriar i kø

Jada jada. Det er februar – klisjemånaden over alle. Søndag var som alle (som vågar seg innom facebook iallefall) veit morsdagen. Dagen der ein hyller alle verdas mødre med kake og det som verre er. Eg har jo litt problemer med morsdagen sidan eg ikkje har nokon mamma å ringe eller lage kort til lenger. Men i år fekk eg hammaren i hovudet: eg er mor sjølv, og når husets seksåring diska opp med heimelaga morsdagskort innsåg eg at eg må la sorgene fare og finne att morsdagsgleda. Og det gjekk lett. Når teksten på kortet lyder at eg er superduper, ja då er livet godt å leve. Superduper er eit altfor lite brukt adjektiv, så fra nå av: sjå deg sjølv i spegelen kvar morgon og gjenta: Eg er superduper 🙂

Og ikkje før ein har fått ned siste biten av morsdagskaka er det rett over i den utskjelde Valentinerdagen, eller Alle Hjarters Dag. Uansett om ein er for eller imot å adoptere meir og mindre festelege amerikanske tradisjonar så likar eg nå å få ein blomsterkvast eg altså. Visst vart det blomsterkvast på meg, og når den er fulgt av herleg salta torsk til middag, ja då er Alle Hjarters Dag perfekt for meg. Og når me er inne på kalorier (jmf overskrifta) kan eg glede deg med at eit halvt kilo salta torsk tilsvarer 100 gram sjokolade i kalorimengd. Eg slår difor eit slag for salta torsk som Valentines Day tradisjon. Så har me liksom gjort det litt til vårt eige og.

Dersom du var blant dei som fekk hjartesjokolade i dag bør du hive dei i deg fortare enn svint. Til søndag er det nemleg Fastelaven…

Read Full Post »

Laurdag hos skjeletta

Laurdag hadde far i huset andre planar og me andre tre tok oss difor ein tur til byen. I lag med ei anna mamma og hennas to småjenter tok me buss og bane og enda til slutt i sentrum. Herfra tok me oss opp på Høyden og tilbrakte laurdagen blandt skjeletter og mumier på Universitetsmuseet i Bergen. Først ut var Naturhistoriske samlingar i tradisjonsrike omgivelsar.

Her slo me oss laus blant skjeletter og utstoppa dyr i tre etasjar. Det er som ein dyrepark det tida har stoppa. Alle dyra er der, ingen rører seg. Heile stemninga på Universitetsmuseet er spesiell. Dyra og fuglane er stivna i meir og mindre naturlege posisjonar. Det er både spennande, gøy og litt skremmande på ein gong. Desverre var det digre kval-skjelettet under oppussing, så dei får me ha til gode til neste gong. Kvalskjeletta som er utstilt er over 100 år gamle, og framleis lek det olje og feitt ut frå knoklane. Fascinerande.

Etter å ha kost oss me kaffe og medbrakt niste rusla me gjennom musehagen som var dekka av snø og over til Kulturhistoriske samlingar. Her var det nok leikerommet som var kjekkast, utkledningsklær og kjepphestar tok stemninga til nye høgder! Me fekk imidlertid med oss mumiene, der særleg den bittelille kattemumien fekk stor oppmerksomhet. Me var praktisk talt aleine (dersom ein kun tel dei levande vel og merke) i mumieutstillinga og museumsvakten tok seg god tid til å vise småjentene både kattemumien og krokodillemumien. Eg forsøkte å hause opp stemninga litt med å påpeike at det faktisk var EKTE folk innpakka i tøystrimler, men jentene hipsa nochalant på skuldrene og svarte med «det vet vi vel».

Konklusjonen er sjølvsagt at laurdagar er fine å tilbringe i lag med skjeletter, og at Universitetsmuseet har mykje spennande å by på. Eg gløymde jo heilt å nevne at steinsamlinga med skap på skap med krystallar og stein i dei flottaste fargar og fasongar nok var det 3-åringen min likte aller best. Så ikkje nøl, slå ut håret blandt skjeletter, kanskje lærer du noko og? (Det gjorde iallefall eg!)

Read Full Post »