Korleis kan det ha seg at eg, ei stressa småbarnsmor på 31, ansatt i Staten og på ei uskuldig jobbreise til ein kjekk by sør i Europa plutseleg finn meg sjølv innlosjert på eit lugubert hostell langt frå allfarvei? Eit hostell der rommet er 2 kvadratmeter, der kloakkeimen heng tungt i gangane, taklyset er totalt fråværande og resepsjonisten er kledd i leopardtights?
Jo nå skal du høyre. I Barcelona denne veka skal det vere eit kjekt kurs som er svært fagleg relevant for meg. Her er berre 25 deltakarar så innlosjering burde ikkje vere noko problem. Vel. I tillegg er det ein verdsomspennande mobiltelefonkonferanse i denne byen denne veka. Byens hotell er smekkfulle, stappa til randen av mobiltelefonrelaterte mennesker. Det formeleg tyt ut mobilinteresserte folk frå kvart eit stort og lite respektabelt hotell. Altså skulle det vise seg at det ikkje lett som ein plett å skaffe seg overnatting denne veka. Eller? Iherdig internettsøking før helga resulterte i eit rom. EIT EINASTE ROM igjen. Alternativet var sovesal. Eg booka det einaste rommet som var å oppdrive, og var glad og fornøgd. Heilt til eg stod på døra i dag.
Eg meinar ikkje å vere fordomsfull her altså. Men, når resepsjonisten har leopardtights, det dundrar house- og trancemusikk (heiter det det?) frå youtube i resepsjonen og det ikkje finst gardiner eller anna tekstil til å dekke for vindauga på rommet med, ja då blir sjølv ei enkel sjel frå landet skeptisk. Og når smekklåsen på fellestoalettet i tillegg går fullstendig i lås og eg må gaule og skrike på leopardmannen for å få hjelp ti komme meg ut, ja då nådde eg smertegrensa. Og då har eg ikkje eingong nevnt resten av klientellet.
Heldigvis og til alt hell og lukke. Min gode mann klarte å spore opp eit anna ledig rom ved å bruke god gammaldags googling heimefra. Eg er no innlosjert i fredelegare omgivnadar. Ingen spor av villdyr og ingen kloakkeim.
Har eg lært noko i dag?
Ja.
1. Lås aldri toalettdøra på hostellet. Hold den igjen.
2. Stol aldri på ein mann i leopard.
Bileta i dette innlegget har eg heldigvis ikkje tatt sjølv. Dei er henta frå hhv wallpaperbase.com og kildenett.no.