Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Kvardagsliv’ Category

Ufrivillig fridag

Overskrifta i dag høyres kanskje litt sprø ut, men i den midlertidige jobben min på Universitetet er eg avhengig av at studentane jobbar jamt og trutt. Gjer dei ikkje det, kan ikkje eg heller gjere det. Dermed fekk eg ein uventa og delvis ufrivillig fridag i dag. Dagen vart difor nytta til min favoritt aktivitet for fridagar: baking. Varme vegaboller vart mottatt med stor glede av små og store i ettermiddag. Vegaboller er ein variant av kanelboller, men med ein god porsjon kardemomme i deigen. I tillegg består fyllet av smør, sukker, kardemomme og vaniljesukker. Dette er kanskje noko av det beste som finst.

Read Full Post »

Eg har jo tidlegare okka meg over at vinteren i år vart lang og mørk, men i helga, då kom våren! Me har vore heime på Skartland i helga og kos oss i lag med strålande flott 80-års jubilant. I tillegg fekk eg endeleg oppleve rådyra på nært hald. Far min har stadig oppdatert meg på dei fine dyra som beitar rundt husdørene, men på merkelege vis har dei alltid forsvunne som dugg for sola når eg har meldt min ankomst. Ingen rådyr på meg. Vel, i helga hoia far min plutseleg på meg, og der var dei. Vel og merke langt ute på marka, men likevel.

Eg heiv på meg kalosjene og labba i retning rådyra, bevæpna med kamera. Halvveis ute på marka måtte eg gjere kuvending då eg merka at kameraet ikkje hadde batteri, det var lagt på lading utan at eg visste det. Med batteriet godt innstallert kunne eg vende tilbake til min eigen ekspedisjon, og jammen kom eg godt innpå dei og. Rådyra er små og nette og hoppa så lett over steingarden då dei såg meg. Men eg fekk sjå dei.

Heile mi oppvekst har hjorten vore ein del av kvardagen. Både i form av middagsmat, irritasjonsmoment då den åt toppane av farmor sine pyntebuskar og som lydeffekt seine haustkveldar når eg låg under dyna og høyrde hjortebukkane brøle. Hjort er difor slett ikkje eksotisk. Auken i rådyrbestanden er derimot av nyare dato, difor var eg så oppsett på å få sjå dei på nært hald. Og det fekk eg.

Etter å ha knipsa rådyra knipsa eg klosterklokkene under epletre og. Berre for at klosterklokker er det finaste vårteiknet eg veit.

Leucojum vernum (klosterklokke) er ein fleirårig laukplante som i følge hagefolket formeirar seg som ugras. Dei blømer frå februar til april og er ca 15 cm høge. Klosterklokker er giftige, så ikkje et dei.

Read Full Post »

Midt i mars

Og det lavar ned. Eg skal ikkje gneldre over snøen som falt i fjor og som framleis ligg meterhøg rundt huset. Eg skal heller ikkje sutre og klage over at eg på denne tida normalt sett hadde vore på hagesenteret opptil fleire gonger og draska heim på blomar og vekster. Is og snø. Me bur tross alt i nord. Men eg er pittelitt klar for våren nå altså.

Og i tilfelle du lurte: ja, eg er ferdig med mastergraden. Eksamen er overstått og eg kan no kalle meg kjemikar. Det føles bra.

Read Full Post »

Oransje

I helga havna eg ein disputt angåande fargen oransje. Det heile starta med at eg proklamerte at eg ikkje likar oransje. Med det resultatet at eg raskt vart korrigert med at det ikkje heiter oransje. Det heiter visstnok, i enkelte kretsar, oransj.

TILSLAGSORD ARTIKKEL FRÅ NYNORSKORDBOKA (offisiell rettskriving)
oransje
I oran’sje m1 (gj fr frå it. arancia, omlaga etter arab frå persisk, opph frå sanskrit)
  1 samnemning på sitrusfrukter
  2 oransje (II) farge el. fargestoff
  II oran’sje a3 sterkt raudgul, branngul, appelsinfarga

Eg saksar frå nynorskordlista til dokpro.uio.no og som dykk alle kan sjå av lydskrifta er det liten tvil om at e’en til slutt i oransje absolutt skal uttalast. Så eg trur me legg denne diskusjonen brakk. Oransje. Eg seier det ein gong til: oransje.

I dag har eg brakt litt vårstemning inn i heimen. Den lokale REMA butikken har eit overraskande godt utval i planter, og i dag raska eg med meg to potter med påskeliljer. Etter å ha leita gjennom skuffer og skap fann eg til slutt to plastboksar med passe muntre fargar å plassere dei i. Den eine er faktisk, ja tru det eller ei, oransje. Den står bakerst på biletet sidan eg tross alt ikkje er så begeistra for oransje. Appelsiner derimot, det er eg begeistra for. Men det er ei anna historie.

Read Full Post »

Kva skjedde?

Eg hadde planar. I søkk og kav. Når eg berre fekk levert oppgåva mi skulle eg sy og strikke og male vinduslister og det eine med det andre. Eg skulle boble over av kreativ arbeidslyst og små og store prosjekt skulle vekse fram. I staden havna eg i vakuum. Den euforiske kjensla eg venta på lar framleis vente på. Om litt over ei veke er det eksamen. Etter eksamen kjem kanskje sola?

I mellomtida driv eg dagane med yndlingste i yndlingskoppen

Og fine bøker som ikkje handlar om fag

Når sant skal vere sant jobbar eg litt på Universitetet og.

Read Full Post »

Fastelavn er mitt navn

 

Fastelavn er mitt navn
Boller vil jeg have
Hvis jeg ingen boller får,
Laver jeg ballade.

(Dansk fastelavnssang)

Ingen boller her foreløpig, men fastelavensriset er komme på plass. Far i huset har ansvar for hobbyaktiviteter for tida, noko som resulterte i eit gigantisk fastelavnsris som har fått plass i trappeoppgangen. Hvis dette set standarden for vårens puslerier kjenner eg at eg gruar meg litt til far set igong å produsere påskekyllingar…

Read Full Post »

Innspurt

Det vert kalla innspurt og har lite med dei Olympiske Leikar å gjere. Seks dagar igjen og her er ein illustrasjon frå mitt såkalla kontor på ein laurdag føremiddag.

Read Full Post »

Lesehestar og andre hestar

Eg såg plutseleg at eg var blitt utforda inne hos Malin. Utfordringa gjekk ut på at eg skulle skrive sju fakta om meg sjølv og utfordre sju andre til å gjere det same. Sidan det er fredag i dag, så tenkte eg å la utfordringa stå i hestens teikn. Ja du las riktig. Hestetema.

1. Eg er livredd hestar. Ja eg er det. Eg prøver som oftast å late som om eg berre ikkje er interessert i hestar, men sanninga er at eg foretrekker eit solid gjerde mellom meg og dyret. Ikkje eit tynt straumgjerde, men eit høgt eit, av tre. Eg veit jo godt at hestar kan hoppe høgt, så faktisk likar eg best at dei er inni i stallen og eg er ute. Eller omvendt.

2. Eg er ein lesehest. Eg elskar bøker, romanar, hobbybøker, kokebøker, barnebøker, fagbøker (!)… You name it. Eg sparer på alle bøkene mine og har sjølvsagt fargesortert bokhylla mi.

3. Eg likar å liggje eit hestehovud framføre når det gjeld tida. Eg likar å komme bittelitt for tidleg, og iallefall ikkje for seint.

4. Eg synes det er interssant å sjå på sprangridning på TV. Og det er heilt sant. Det er så små marginer som skiljer, og eg likar tanken på at det er personen oppå hesten som avgjer om det går bra eller dårleg, og slett ikkje hesten sjølv.

5. Eg pleier med jamne mellomrom å spare til langt hår. Men akkurat når det er langt nok til at eg får det i hestehale, så klypper eg meg igjen. For med meg er det sånn at dersom eg har moglegheit for hestehale, ja då blir det det.

6. Eg har ikkje grøne fingarar, men hestehov er eit koseleg vårteikn. På latin heiter hestehov tussilago farfara og dette er den einaste blomen der eg faktisk kan det latinske namnet. Det er sjølvsagt fordi det minner meg om min kjære snille farfar som desverre ikkje er her lenger.

7. Eg har, ved ei anledning, ete hestekjøt. Det smakte som anna kjøt av store dyr.

Bileta er lånt av www.dinfastdyrlege.com og www.forbrukertipset.com

Utfordinga sender eg videre til alle som måtte føle behov for å utlevere litt av seg sjølv på bloggen!

God og FHESTELIG helg til alle dykk hestefrelste, hestegalne og hesteredde der ute!

Read Full Post »

Lys på loftet

Omgangssjuka sette ein effektiv stoppar for alle helgas planar, eg har difor ikkje nokon kjekke søndagsturbilder å vise dykk i dag. Vel, vel, eg tenkte at heller skulle skrive litt om ei ny verd eg har oppdaga. For ei god stund sidan kjøpte eg ein bordlampe i ein lampebutikk. Ikkje på IKEA, men i ein vaskeekte lampebutikk. Det tok litt tid for ho som ekspederte å finne den rette eska til lampen eg kjøpte, så me kom i prat medan ho leita. Eg kikka opp i taket på lampane som hang der og tenkte i mitt stille sinn at «herlighet, kven er det som brukar så mykje penger på ein lampe?» Det var snakk om fleire tusen kroner for kvar, nokre heilt opp i tosifra ganger tusen. Ho som ekspederte pludra i veg og så kom ho til poenget: «Ja, altså når en oppdager disse designlampene, er det som om EN HELT NY VERDEN åpner seg!!» Kva er galt med IKEA tenkte eg? Kva er galt med å kjøpe lampar til eit par hunderlappar og vere blid og fornøgd. Og tenkte at lampe er lampe og den verda som openbara seg for henne iallefall ikkje var ein stad eg ville setje mine bein. Ikkje denne dama her nei. Men så skjedde det noko. Eg begynte å legge merke til lampar. Heilt ufrivillig og sjølv om eg praktisk tala kjempa litt imot opna det ser ei ny verd. Ei verd av desingerlampar som eg kallar dei. Lampar som har eit namn og som er såkalla klassiskarar, eller spådd til å bli framtidige klassikarar. Lampar som kostar like mykje som eg får i studielån kvar månad, og lampar som kostar litt mindre. Har du oppdaga denne verda?

Her kjem ønskelista mi:

Ph 50, fargen chilli red. Lekker! Dette er ein av klassikarane, designa av Poul Henningsen i 1958. Denne er faktisk innan rekkevidde. Penger spart og julegavepenger skal omdannast til denne, som skal henge over spisebordet.

Oslo Wood frå Northern Lighting. Denne skal formidle element frå lysstemninga frå skogane rundt Oslo. Ove Rogne står bak denne.

Denne pendelen er så stilig at det er nesten ikkje til å tru. Norwegian Forrest står heilt klart i ein særklasse og er spådd til å bli ein av framtidas klassikarar. Den er laga av tynn bjørkefiner, design Cathrine Kullberg i 2007.

Og til slutt denne vesle artige pendelen, Mhy designa av Norway Says. Den kan du få i mange lekne fargar, og eg ynskjer meg 2!

Har ho gått frå vettet tenkjer du kanskje? Tja, eg har iallefall oppdaga ei ny verd.

Bildene er lånt frå

www.moebelgalleriet.com

www.purnosk.no

Read Full Post »

Nynorsk på nytt

I dag har eg jobba med tekst. Og ikkje kva som helst tekst nei. Eg held nemleg på å finpusse på teoridelen i masteroppgåva mi som skal leverast om ein drøy månad. Det handlar om å formulere og omformulere til teksten flyt som ei roleg elv. Det skal vere lett og lese, teksten skal ikkje gje rom for misforståingar og feiltolkingar og det skal kome klart fram kva eg meinar. Og det skal sjølvsagt ikkje, under nokon omstende, forekomme skrivefeil. Forekomme er ikkje eit nynorsk ord. Finnast er eit mykje betre ord. Dermed starta eg leiteaksjonen. Etter ein del roting og graving i gamle saker og ting fann eg det eg leita etter. Nynorsk ordliste frå vidaregåande. Eg hadde til og med hatt gråpapir på den. Og midt på framsida hadde eg strategisk plassert eit klistremerke: «Eg gjer det på nynorsk» Norsk Målungdom. Eg var med der ei stund ja. Masteroppgåva mi, i kjemi for dei som ikkje har fått det med seg, skal altså sjølvsagt skrivast på nynorsk. Det viste seg imidlertid at ordlista frå 1995 slett ikkje strakk til. Eg måtte difor hive meg i bilen (sjølv om eg tidlegare i dag fekk sms frå Bergen kommune: «Ta hensyn, la bilen stå. Hilsen Bergen kommune») og på norli sikra eg meg denne godbiten:

2009-utgåva er herleg oppdatert. Eit heilt kapittel om gramatikk, tilleggsliste med synonyme nynorske ord for bokmålsord som ofte dukkar opp og ikkje minst uttalemarkeringar dersom eg skulle bli i tvil. Nerden i meg (som stadig oftare kjem til overflata) kosar seg med denne godbiten av ei bok. Forfattaren er heller ingen kvensomhelst. Det er sjølvaste Alf Hellvik som står som forfattar av denne ordlista. Hellevik vart fødd i 1909 og var ein av pionerane i arbeidet med det norske språket og ikkje minst i arbeidet med ordlister. Han arbeidde som professor ved Universitetet i Oslo, var medlem av Norsk Språkråd og gav ut mange bøker om norsk språk. I 1998 skipa han eit fond som deler ut ein pris til unge nynorskbrukarar i media. Hellevik døydde i november 2001, men ordlistene kjem framleis ut på Samlaget.

Så, alle mine nynorske venner, eg vel heilt bevisst å halde på det skriftspråket som ligg min dialekt nærast. Gjer du?

Read Full Post »

« Newer Posts - Older Posts »