Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mars 2011

Nye tider

Akk ja, det er nye tider i heimen. Skitrekk, carvingski, heiskort. Nye ord og nye tider. Små jenter lærer nye ting fort, mor treng eit par turar til.

Eikedalen Skisenter er berre tre kvarter unna og noko seier meg at dei neste åra blir dette ein plass me kjem til å besøke rett som det er.

Read Full Post »

Indisk innsikt

Bokmeldinga i dag handlar om India. Og du verda kva eg ikkje visste om India. Balansekunst er over 700 sider og kan heilt klart beskrivast som ein murstein. Boka traff meg som ein murstein i magen. Beskrivingane av livet på landsbygda og i storbyen er så ekte, så enkle og så godt fortalte at eg forsvann djupt inn i boka og brukte lang tid på å riste av meg ubehaget etterpå. Tankane mine sviv framleis rundt kastesystemet, tiggarstanden, korrupsjon og urettferdighet. Samtidig er det ein sjeldan varme i boka. Personane er så levande fortalde.

Boka handlar om India i åra 1945 – 1975 om me får bli kjent med mange ulike sider ved det indiske samfunnet gjennom historiane til desse menneskene som vert sydd saman på ein genial måte.

Du veit, det finst slike bøker som ligg på nattbordet, i bokhylla eller stovebordet lenge. Dei bøkene ein les litt i her og der, når det er ledig tid. Og så finst det sånne bøker som ein skundar seg heim frå jobb for å lese. Dei bøkene ein les medan ein rører i gryter og heng opp klær. Balansekunst av Rohintron Mistry er ei slik bok. 700 sider som kryp under hudet og får deg til å tenke. Så ikkje nøl, sett i gong å les. Men førebu deg på at ei reise i India ikkje lar deg gå upåverka vidare.

Read Full Post »