Innimellom kursinga i gasskromatografiens mange spissfindigheter får eg sjølvsagt tid til å sjå meg litt rundt i Barcelona. I går tok eg turen til Güell-parken for å kikke på litt av arbeidet som den verdskjende arkitekten Antonio Gaudi står bak. Han er heilt klart ein av Barcelonas store søner og han set eit tydeleg preg på byen. Dette ser ein til dømes i handlegata Grand de Garcia der ein finn den berømte La Pedrera, bølgeblokka.
Gaudi vart fødd i 1852 og representerer modernistaretningen innen arkitektur. Ein kan ikkje unngå å bli i godt humør av Gaudi sin arkitektur, og Güellparken er intet unntak.Parken er på UNESCO si verdsarvliste og er full av fantasifulle bogegongar, fantastisk mosaikk og morosame skulpturar.
Midt i parken finn ein også huset der Gaudi budde i 20 år. Dette er no museum. Huset er ganske sparsommeleg møblert, men dei møblene som er der ber sanneleg preg av at Gaude visste å tenke utanfor boksen!
Utsikten over Barcelona med middelhavet i horisonten er fantastisk, sjølv på ein overskya dag som i dag.
Åhh, Barcelona…. SEE YOU IN JULY :o)