Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for september 9th, 2010

Nypesuppe

I denne serien med haustlege matsyslar hiv eg inn ei oppskrift eg prøvde for første gong i helga. Min mann, heretter kalla Bærplukkaren, plukka nemleg ein liter nyper på søndag. Ikkje visste eg at nyper framleis vaks på vegen mellom fjosen og kubeitet, men det gjer dei altså. Raude og fine. Stolt kom Bærplukkaren og dei to små jentene heim med nyper til mor. Eg klødde meg i hovudet, men atter ein gong vart eg redda av Husmorskolens Kokebok frå tidleg syttital. Det måtte bli nypesuppe.

Oppskrifta er som følger

9 dl nyper kokast opp i lag med 18 dl vatn. Kok til dei blir møyre og kokar sundt. Så silar du suppa gjennom ei sil, trykk og press litt med ei sleiv slik at du får med all den gode nypesafta. Kok opp igjen med 2 dl sukker samt 2 ss potetmjøl som du rører ut i litt kaldt vatn før du har i. Server lunka med vaniljeisklatt i midten. Dette er veldig veldig godt!

Og ikkje berre er det godt! Det er forskrekkeleg sunt også. Nyper inneheld uhorvelege mengder vitamin C. Det kjem du til å trenge utover vinteren, så hiv på deg kalosjene og gå ut og finn ein nypebusk nær deg.

Read Full Post »