Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for september 7th, 2010

Slå-om-skjørt

Eg er heldig og får vere med i ein morosam syklubb med kjekke damer som deler symaskingleda! Sist gong sydde eg eit omslagsskjørt, eller slå-om-skjørt som storesøster kallar det. Skjørtet er storleik 122, litt romsleg til storesøster, men det går fint. Stoffet er frå lageret. Eg har innført midlertideg innkjøpsstopp av både stoff og garn her i huset. Det har lett for å hope seg opp, så no brukar eg av det eg allereie har. Jada, gode forsetter. Får sjå kor lenge dei held… Eg sydde linninga på skjørtet på opp-ned, dermed skråar linninga litt utover øverst i stadenfor innover. Det er til å gremmast over, men eg prøver å late som eg ikkje bryr meg.

Dei hageinteresserte kan sjå at ENDELEG blømer erteblomane. Eg sådde dei i pinsen og heile sommaren har eg kikke misunneleg bort på naboane sine blomsterflor i kassane. Men no, når august har blitt september og frostnettene ligg på lur, ja då blømer erteblomane.

Read Full Post »