Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for august 2010

Dårleg sjømannsskikk??

I forrige innlegg stilte eg spørsmålet om kvifor fenderane (desse plast-pølsene som heng på utsida av båten når den ligg til kai) absolutt må henge på innsida under overfarten. I går nytta eg sjansen og spurde ein venn om saken. Han er svært båtkynding og svaret var enkelt og kom svært konsist: Det er dårleg sjømansskikk. Rett og slett. Umogleg å argumentere mot. Dårleg sjømansskikk. Dette fekk meg til å undre. Kva meir er dårleg sjømansskikk? Vel, det er ikkje lite. Så hald deg fast og førebu deg på ein leksjon i SKIKK OG BRUK TIL HAVS:

Første punkt: (fenderane har eg allereie nevnt, så dei er ikkje med her). Aldri plystre ombord i båt. Neivel, kvifor ikkje? Svaret ligg rett oppi dagen: plystring er etterlikning av stormen. Storm vil ein ikkje ha. Ikkje ein gong om den er perfekt. Det er likevel verdt å notere seg at dette gjeld i all hovudsak ombord i seglskuter, og dersom det skulle vere vindstille er det lov å plystre berre littegrann i håp om å få litt fart i segla.

Biletet kjem herfra og illustrere den perfekte storm.

Andre punkt: Snakk aldri om hest ombord. Etter å surfa litt rundt på nettet finn eg fleire forklaringar, men den beste, i mi meining, er at hesten vert nytta til å dra kjerra med kista i gravferder. Altså er hesten og døden knytta til kvarandre, og døden, det er ikkje noko sjømenn er komfortable med å tenkje på.

Tredje punkt: Ta aldri paraplyen med ombord. Paraplyen vert brukt av presten i gravferder og kjem difor i same kategori som hesten. Paraplyen varslar også dårleg vær, noko som er sjømannen si største bekymring.

I tillegg finst ein heil haug med andre ting du ikkje skal gjere ombord, men slik eg ser det er det desse tinga som er viktigast. Kom gjerne med innspel her.

Men, eit innlegg som dette må jo også innehalde eit par punkt om god sjømannsskikk. I det minste det som vert kalla alminneleg sjømannskikk. Det kan enkelt oppsummerast som det same som god folkeskikk og sunt bondevet. Ver høfleg og grei, ta hensyn og for all del, og dette er viktig, fortøy båten din godt når du av ein eller annan grunn går i land. Noko du ikkje gjer så ofte dersom du verkeleg meinar alvor med båtlivet. Og det gjer me jo.

Fortøy båten din med dobbelt halvstikk. Biletet er lånt herfra.

Read Full Post »