Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for juli 26th, 2010

Vel ombord i svigerfar sin sjark var me klar for årets søndagstur. Ei øy vest i havet var målet, estimert reisetid var to timar. Kvar veg. I sjark. Sekken full av bokstavkjeks og boller, redningsvestar på. Me la frå kai med høgt humør og kaffe på termos. Så langt, alt vel. Det viste seg raskt at Fire-snart-femåringen ombord var den mest sjøvante av oss damene, raskt og me vante fingrar lempa ho fenderane (dei plast-pølsene som heng utanpå båten når ein ligg til kai for at båten ikkje skal dunke borti kaien) på innsida av ripa før me i det heile tatt var stevna frå kai. Greitt med alt som er gjort. Når sant skal seiast har eg aldri heilt forstått kvifor desse ikkje kan henge på utsida heile tida, men sånn som eg har forstått det er det svært viktig at desse heng på innsida under overfarten.

Far i huset er kaptein i svigerfar sitt fravær. Her er det verkeleg snakk om å setje sjøbein. Sjølv i smult farvatn.

I Røyksundkanalen såg me hegre. I den grad eg har nokon favorittfugl er dette ein av dei. Den kan bli over ein meter høg og har noko verkeleg staseleg ved seg. Desverre var den ikkje lett å få bilde av der me kom durande i diselsjarken, men kikk midt i bildet så ser du han. Flotte fuglen.

Etter eit ukjent tal bokstavkjeks, manetteljing og polarbrød med baconost nærmar me oss øya. Framleis er alt vel.

I det moderne båtlivet no til dags er storleiken på redningsvesten OMVENDT proporsjonal med kroppsstorleiken. Nymotens flytevest til vaksen er liten og nett og svært praktisk. Lillesøster derimot, ho har flyteelement til oppunder øyrene.

Det var på heimveg det heile skjedde. Etter å ha vore så langt ute at hav møter himmel og det er Manhattan neste stopp var me heldigvis tilbake i fjorden då motoren bestemte seg for seie takk for i dag. I tillegg hadde det blese opp litt så sidebøljene var ein smule plagsomme og vasspruten gjorde oss våte i håret. Plutseleg heilt stille. Du har ikkje følt deg skikkeleg flau her i livet før du står i ein liten sjark og veiftar med ei gul regnjakke over hovudet i håp om at nokon ser deg. Heldigvis gjorde nokon det, og fram kom slepetauet. Snille folk fekk oss til kai. Takk for i dag.

Til slutt eit lite råd frå ein sjøulk: blir du uvel av sidebøljer og anna pjask, hold blikket på horisonten!

Read Full Post »