Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for juli 22nd, 2010

Bokmelding

Før i tida, når eg gjekk på skulen måtte me støtt og stadig skrive bokmelding. Prosedyren var slik: lese ei bok, deretter skrive bokmelding. La dykk ikkje forundre over at eg syntes dette var kjempegøy! Eg er ein lesehest og stolt av det! Den siste tida er det Herbjørg Wassmo som har vore i fokus. Hundre år susar rett inn på lista mi over bøker som blir sitjande.

 

 

Herbjørg Wassmo er ein slik forfattar som ein automatisk får respekt for. Her er ikkje høg champagneføring, ingen knallraude lepper og tjo og hei. Ikkje noko mystisk inadvent. Ikkje sjølvhøgtideleg sjølvopptatt. Berre høg kvalitet over alt ho gir ut. Hundre år er ein sjølvbiografisk roman som handlar om oldemora, bestemora og mora til Herbjørg. Og litt om Herbjørg sjølv og om den forferdelege løyndomen ei lita jente ber med seg. Om han som gjorde ting mot Herbjørg som får oss til å fryse på ryggen og sinnet til å koke. Men sjølv om denne boka grip fatt eit farleg alvor og eit viktig tema så er det også i stor grad ei bok om Noreg i nord dei siste hundre åra. Boka tek oss gjennom generasjonane og lar oss bli kjent med fargerike, sterke kvinner som hadde gleder og sorger, strid og kjærleik. Det er vind og vèr, fisk og hardt arbeid, det er sjukdom, kunst og religion. Dei mange dialogane skrivne på nordnorsk dialekt gjer at når eg les syng det inni meg, eg føler at denne for meg ukjende dialekta blir det mest naturlege i verda. Forfattaren hoppar litt mellom generasjonane og dreg trådar og skapar samanhengar på ein genial måte, men eg må innrømme at dei store barneflokkane i kvar generasjon innimellom vart litt forvirrande å forholde seg til. Kven var søster til kven igjen? Og var det onkel hans? Hundre år er lang tid, og boka har mange sider. Likevel går lesinga leikande lett. Særleg likar eg godt korleis Wassmo teiknar bilete gjennom borna sine auge. Eg er viss på at det er ein kunst ikkje alle beherskar.

Konklusjonen blir difor, når Herbjørg Wassmo skriv, då les eg.

God Bok!

Biletet er lånt frå gyldendal.no

Read Full Post »