Dersom ein har tenkt å sy sommarklær til ungane er det jo eit poeng å setje i gong før sommaren er over. Sjølv om kalenderen seier ein tredjedel ut i juli er det framleis mange jobbedagar igjen før me tar ferie, eg syns difor at eg slett ikkje er seint ute med å sy sommarklær til jentene. Stoff frå Stoff&Stil, mønster frå den herlege boka Sikk Sakk.
Linbukse med fine pynteband, str 6 år. Den fine toppen har eg ikkje sydd sjølv, men kjøpt på Zara.
Soldrakt med korte bein og rynka overdel. Denne var festeleg å sy kan du tru! Med elastisk undertrå var det kjempelett å få overdelen fin, berre til å sy i veg med vanleg sytråd som overtråd og ein strikk-tråd som undertrå, og vips! Rynka! Denne er størrelse 2 år og passa perfekfekt til lillesøster. Så, då ventar me på sola!
Jøje meg – du er flink, altså! Nydelege klede. Ser du må lære meg å sy med elastisk undertråd:-)
Har du hatt slike haandarbeidsgener heile tida, eller er dette noko som kjem naar ein faar barn:) ? Saa utruleg fint dette var, skikkeleg sommarstemning av desse kleda.
Det er meir enn eg kan seie eg har idag, me er ved Foz de Iguazu paa grensa mellom Argentina og Brasil, her regnar det i boetter og spann og det lyna saa mykje i dag tidlig at me ikkje kunne gaa ut foer det hadde gitt seg litt. Kom oss ut og fekk ein fantastisk dag, men haapar at det blir sol i morgon slik at me kan ta samme tur og faa nokre solbilete:) God sommar vidare!
Hei, hei – eg gir meg ende øve….. Det er heilt utruleg kva du kan produsera, eg e imponert !
Kjem dei der linbuksene i størrelse «hest» – som til meg ???
Veldig fine klede, Liv Kjersti ! – Kjekt å sjå der var aktivitet på bloggen din att.
Eg har ellers hatt det utfattelig travelt med gasserbesøk og landsleir. Det har vore 3 fantastiske veker.
Men det mangla noko på leir – sjølvsagt deg/dåke – eg kjende på det heile veka. Tenk at i mi lange karriere så var det første landsleir utan dykk… reknar me de kjem sterkt tilbake! Ellers kom Liv og Ole Christian innom og helsa på – skulle helse så masse !
– Me lyt snakkast snart…. no e det reint for gale så lenge si sist.
Klem til alle 4 😉
IJ: Hiv deg på elastisk undertrå! Eg garanterer du får det kjekt:-)
Birgitte: Så kjekt å høyre frå deg som ferierer eksotisk! Handarbeidslyst har eg nok alltid hatt, i motsetning til enkelte andre typar arbeidslyst…
Birte: Linbukser kjem i alle storleikar, berre legg deg langflat på eit matpapir, teikne runde, klypp ut og send i posten så skal eg ha den klar til neste gong dåke kjem! Velkommen når det måtte vere forresten:-). Eg kjende det langt inn i sjela at det var landsleir og at eg ikkje var der. Det kjem ikkje til å gjenta seg!!
Du er jammen både flittig og flink!!!! Eg har berre sydd ei bukse til Tuva enn så lenge, men snart vert det meir:) Er i full gong med kjelleren no, så den er 1. pri, sjølv om eg siklar på symaskina kvar einaste dag!!! Takk for kanonflotte dagar hjå deke, og takk for mykje inspirasjon! No skal huset vårt også få ei sjel har eg bestemt meg for:-)
Fortsett med alt håndarbeidet ditt for du er superdyktig, Liv Kjersti!!!!
Klems