Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for juli 2010

Vel ombord i svigerfar sin sjark var me klar for årets søndagstur. Ei øy vest i havet var målet, estimert reisetid var to timar. Kvar veg. I sjark. Sekken full av bokstavkjeks og boller, redningsvestar på. Me la frå kai med høgt humør og kaffe på termos. Så langt, alt vel. Det viste seg raskt at Fire-snart-femåringen ombord var den mest sjøvante av oss damene, raskt og me vante fingrar lempa ho fenderane (dei plast-pølsene som heng utanpå båten når ein ligg til kai for at båten ikkje skal dunke borti kaien) på innsida av ripa før me i det heile tatt var stevna frå kai. Greitt med alt som er gjort. Når sant skal seiast har eg aldri heilt forstått kvifor desse ikkje kan henge på utsida heile tida, men sånn som eg har forstått det er det svært viktig at desse heng på innsida under overfarten.

Far i huset er kaptein i svigerfar sitt fravær. Her er det verkeleg snakk om å setje sjøbein. Sjølv i smult farvatn.

I Røyksundkanalen såg me hegre. I den grad eg har nokon favorittfugl er dette ein av dei. Den kan bli over ein meter høg og har noko verkeleg staseleg ved seg. Desverre var den ikkje lett å få bilde av der me kom durande i diselsjarken, men kikk midt i bildet så ser du han. Flotte fuglen.

Etter eit ukjent tal bokstavkjeks, manetteljing og polarbrød med baconost nærmar me oss øya. Framleis er alt vel.

I det moderne båtlivet no til dags er storleiken på redningsvesten OMVENDT proporsjonal med kroppsstorleiken. Nymotens flytevest til vaksen er liten og nett og svært praktisk. Lillesøster derimot, ho har flyteelement til oppunder øyrene.

Det var på heimveg det heile skjedde. Etter å ha vore så langt ute at hav møter himmel og det er Manhattan neste stopp var me heldigvis tilbake i fjorden då motoren bestemte seg for seie takk for i dag. I tillegg hadde det blese opp litt så sidebøljene var ein smule plagsomme og vasspruten gjorde oss våte i håret. Plutseleg heilt stille. Du har ikkje følt deg skikkeleg flau her i livet før du står i ein liten sjark og veiftar med ei gul regnjakke over hovudet i håp om at nokon ser deg. Heldigvis gjorde nokon det, og fram kom slepetauet. Snille folk fekk oss til kai. Takk for i dag.

Til slutt eit lite råd frå ein sjøulk: blir du uvel av sidebøljer og anna pjask, hold blikket på horisonten!

Read Full Post »

Når ein landkrabbe giftar seg med ein som har båtførarbeviset då er det duka for misforståingar, utfordringar og kanskje også morosame historiar. Eg er slett ikkje komfortabel med gyngande grunn under føtene, og langt frå begeistra for rullande bølger som kjem frå sida. Då blir eg uggen, muggen og sur. Etter eit par meir eller mindre vellukka båtturar har eg likevel plukka opp eit og anna. I anledning solskin og føreståande båttur i helga har eg her tenkt å presentere eit lite kræsjkurs i båtvett. For dei som ikkje er kjende med termen kræsjkurs er det eit kort og intenst kurs før eksamen som prøver å oppsummere pensum, men som berre gir deg kvaler større enn dei du hadde før kurset. Så, her er mine enkle reglar for sjø og havbruk.

Første punkt. Dregg er det same som anker. Det er ein diger metallsak som har eit tau i enden med det klingande namnet dreggtau. Når styrmannen skrik til deg: HIV DREGGEN, ja då skal du slenge metallsaken ut i sjøen, men for all del, og dette er viktig: du skal halde godt tak i enden av tauet slik at ikkje det også forsvinn ned i djupet. Gjer det det, ja då blir det bråk og båtturen endar i ein dykketur der du sit eine og aleine ombord i båden medan ein ilter styrmann dykkar etter tauet.

Dette er ein dregg, men utan tau. Biletet er lånt frå www.aye-aye.no.

Andre punkt: Draft betyr sjøkart. Det er veldig viktig å følge med på draftet slik at ein unngår å gå på skjær og holmar. Du får neppe ansvar for draftet i første omgang, så berre slapp av. Men det er greit å vite at det er stort og pakka inn i plast og som regel litt framme i båten i nærleiken av rattet.

Tredje punkt: Når dykk skal få båten inntil land slik at det er mogleg å få fast grunn under beina igjen og styrmannen køyrer sakte mot svaberga og brått skrik HOPP til deg, ja då hoppar du. Eg er jo generelt i mot å hoppe når andre seier hopp, men i denne situasjonen anbefalar eg deg å hoppe. Husk å ta med deg tauenden av det tauet som er knyta fast i båten framme når du hoppar. Flate sko er best. Ingen protest.

Fjerde punkt: Båttur kan by på hyggelege opplevingar, her illustrert med ein av dei vanlegaste: Ein får ein fisk som er så liten at den ikkje er til noko som helst. Det er likevel lurt å vere positivt innstilt til fisking, då dette er svært viktig for båtfolket og dette jo er ein leksjon i korleis ikkje fornærme styrmannen.

Femte punkt: Ha alltid med kaffe på termos. Uten kaffe kan stemninga fort bli litt meir amper enn godt er. Er du ekstra lysten på å gjere godt inntrykk, ja då bør du lage ein diger porsjon av desse fantastiske bringebærbollene med mandelmassefyll. Med desse i sekken og dei overståande råda friskt i minnet kan sjølv ein innbitt landkrabbe komme velberga gjennom båtturen.

Og hugs: Dersom du køyrer båten og dykk er midtfjords og du trur alt er fint og det plutseleg dukkar opp flytande gras langs båtsida som frå ingenting, då må du svinge hardt til motsatt side. Flytande gras midtfjords er nemleg tydeleg indikasjon  på undervass-skjær. Og dei vil ein for alt i verda unngå.

Kast loss!

Read Full Post »

Bokmelding

Før i tida, når eg gjekk på skulen måtte me støtt og stadig skrive bokmelding. Prosedyren var slik: lese ei bok, deretter skrive bokmelding. La dykk ikkje forundre over at eg syntes dette var kjempegøy! Eg er ein lesehest og stolt av det! Den siste tida er det Herbjørg Wassmo som har vore i fokus. Hundre år susar rett inn på lista mi over bøker som blir sitjande.

 

 

Herbjørg Wassmo er ein slik forfattar som ein automatisk får respekt for. Her er ikkje høg champagneføring, ingen knallraude lepper og tjo og hei. Ikkje noko mystisk inadvent. Ikkje sjølvhøgtideleg sjølvopptatt. Berre høg kvalitet over alt ho gir ut. Hundre år er ein sjølvbiografisk roman som handlar om oldemora, bestemora og mora til Herbjørg. Og litt om Herbjørg sjølv og om den forferdelege løyndomen ei lita jente ber med seg. Om han som gjorde ting mot Herbjørg som får oss til å fryse på ryggen og sinnet til å koke. Men sjølv om denne boka grip fatt eit farleg alvor og eit viktig tema så er det også i stor grad ei bok om Noreg i nord dei siste hundre åra. Boka tek oss gjennom generasjonane og lar oss bli kjent med fargerike, sterke kvinner som hadde gleder og sorger, strid og kjærleik. Det er vind og vèr, fisk og hardt arbeid, det er sjukdom, kunst og religion. Dei mange dialogane skrivne på nordnorsk dialekt gjer at når eg les syng det inni meg, eg føler at denne for meg ukjende dialekta blir det mest naturlege i verda. Forfattaren hoppar litt mellom generasjonane og dreg trådar og skapar samanhengar på ein genial måte, men eg må innrømme at dei store barneflokkane i kvar generasjon innimellom vart litt forvirrande å forholde seg til. Kven var søster til kven igjen? Og var det onkel hans? Hundre år er lang tid, og boka har mange sider. Likevel går lesinga leikande lett. Særleg likar eg godt korleis Wassmo teiknar bilete gjennom borna sine auge. Eg er viss på at det er ein kunst ikkje alle beherskar.

Konklusjonen blir difor, når Herbjørg Wassmo skriv, då les eg.

God Bok!

Biletet er lånt frå gyldendal.no

Read Full Post »

Eg fortset mine sommarsymaskinaktivitetar, denne gong i ganske ukjent terreng. Stoff med strekk  og ribbekant er ny og upløyd mark for meg, i allefall fram til no. Eg lærte nokre triks undervegs, som til dømes at det har stor betydning korleis ein klypper ribben (den blå kanten neders på beina på soldrakten til storesøster). Eg har ikkje anna å seie enn at det er knallkjekt å sy, men vanskeleg å fotografere sommarglade småjenter i nye klær.

Read Full Post »

Reddik-hurra!

Raude, runde reddikar i kjøkkenhagen! Hurra! Storesøster elskar å plukke, men etinga, den er det verre med.. Lillesøster smakar og spyttar ut igjen. Me to andre, me kosar oss med sjølvdyrka godsaker. I forrige veke var det ruccola det gjekk i. Heile ruccolasenga vart nemleg hausteklar på ein gong. Denne veka er det altså reddikar. Rødbetar og gulerøtter let vente på seg, men jordbærplantene har fått små grøne bær, så kanskje neste veke vert jordbærveke?

Read Full Post »

Sommarklærsaum

Dersom ein har tenkt å sy sommarklær til ungane er det jo eit poeng å setje i gong før sommaren er over. Sjølv om kalenderen seier ein tredjedel ut i juli er det framleis mange jobbedagar igjen før me tar ferie, eg syns difor at eg slett ikkje er seint ute med å sy sommarklær til jentene. Stoff frå Stoff&Stil, mønster frå den herlege boka Sikk Sakk.

Linbukse med fine pynteband, str 6 år. Den fine toppen har eg ikkje sydd sjølv, men kjøpt på Zara.

Soldrakt med korte bein og rynka overdel. Denne var festeleg å sy kan du tru! Med elastisk undertrå var det kjempelett å få overdelen fin, berre til å sy i veg med vanleg sytråd som overtråd og ein strikk-tråd som undertrå, og vips! Rynka! Denne er størrelse 2 år og passa perfekfekt til lillesøster. Så, då ventar me på sola!

Read Full Post »

Eg har strikka ein ganske grei guttegenser, storleik eit halvt år pluss. Garnet ermjuk og god merinoull frå Drops. Mønsteret er henta frå den rikhaldige oppskriftsamlinga på www.garnstudio.no. Genialt at det ligg ute ein masse oppskrifter slik at ein kan forsyne seg fritt. Ikkje alt er like stilig, men særleg blandt babymønstra er det nå ein del fine mønster. Ein annan fordel med merinoull er at ein strikkar med pinne nr 4. For guttejakker til halvtårgamle karar betyr det at strikkinga går i ein fei. Raske prosjekt innimellom er ikkje å forakte.

Read Full Post »

For nokre veker kom ein fortryllande sjønn gutt til verda. Me er blitt søskenbarn, onkel og tante for første gong. Alle gratulasjonar går til dei nybakte foreldrene! Hipp hurra!

Tanteteppet vart ferdig tidsnok, men berre såvidt. Det viste seg nemleg at dobbelt lag platevatt ikkje nødvendigvis er ein god idè. Det er tydelegvis å be om trøbbel. Sjølv med iherdig bruk av knappenåler, tråkletråd i metervis, sprettekniv og alt det tolmod som var å oppdrive viste det seg heilt umogleg å quilte teppet slik eg hadde i tankane. For meg er det ikkje så lett å skifte plan sånn i siste liten. Det er litt naturstridig rett og slett. Har ein laga seg ein plan, bør ein følge denne planen. Men, åkke som, eg måtte snu veg her og enda opp med å quilte for hand. Etter mange timar og såre fingertuppar kom ei moster på besøk. Ho er verkeleg sakkyndig i denne samanheng og kunne fortelje meg at det var ein overtransportør eg mangla. Så nå står overtransportør på handlelista, forhåpentlegvis innkjøpt før neste tantebarn melder sin ankomst.

Read Full Post »

Jammen gjekk juni forbi i ein fei. Eg kan ikkje skulde manglande blogging på manglande motiv. Me har hatt ein fin juni månad, sola har vore framme og mange fine minner er lagra.

Helgene heime på Skartland er annleis. Mamma manglar og minnenen er mange. Renovering av den gamle leikehytta var Mamma sitt prosjekt. Ho la mange arbeidstimar i maling, pussing og innredning. Nye gardiner i den heilt rette rosafargen med blondekant. Hyller, bilder på veggen, pynt frå det glade 70-tal. Klart barnebarna skulle ha leikehytte når dei kom på besøk. No leikar jentene utekafè utan Mormor. Men heilt i Mormor si ånd.

Juni var også å drive sauer i hundretal til fjells. Og å få nye venner. Både to- og firebeinte.

Fantastisk utsikt over Hylsfjorden og høg himmel i Suldalsheia.

Mikkelparken vart ei flott oppleving for familien, for anledninga utvida med snille svigermor som alltid stiller opp. Gjensyn med gamle vener i Hardangar kombinert med andebåtar og hoppeslott vog opp for lett yr i lufta heile helga.

I det juni gjekk over til juli kom fint folk frå Hedemarken på besøk. Det vart både Stoff&Stil, Botanisk Hage og mange gode pratar ut av det:-)

Read Full Post »