Det er ikkje eg som har feber, det er det lillemor som har. Raude kinn og blanke auge gjorde at den planlagte helgeturen vart lagt på is. I staden fekk eg meg ei stund ved symaskina. Det resulterte i samansying av lappar til krabbeteppe. Mottakaren er ennå ikkje kommen, og kjem ikkje her i huset dersom nokon i farten skulle komme til å tru det. Stoffet er bestilt frå Fat Quarter Shop og kom i postkassar i løpet av eit par små dagar. Texas-Bergen er ikkje noko distanse å sutre over.
Morosame pusekattar og hoppande froskar
Artige ugler med eit litt undrande uttrykk
Det gjennstår å fore med dobbelt lag platevatt og finne eit passande bakstykke, så skal nok dette bli eit fint krabbeteppe.
Til slutt ei pen peon til dei som treng det i kveld. God helg!
Så fine stoff – det blir eit flott teppe!
Synd med litlajentå – håpe hu blir fort frisk igjen!
Klem
Ja, dette blir eit flott teppe – heldig er den krabbande krabaten som kan kravle rundt i slike omgivelsar! Du er verkeleg veldig driftig og produktiv, Liv-Kjersti! Er det MGP-feber i gamlelandet? Sjekkar nettavisene, og det er nesten det einaste dei skriv om.. Her i USA er det Memorial Day weekend denne helga, noko som for dei fleste amerikanarar betyr barbeque med familien. Eg skal ein dagstur til Newport, Rhode Island ilag med svenske Sophia og tvillingane hennar som er ca Oline sin alder. God betring til den vesle sjuklingen! Og hels heile familien!
Klem, IC 🙂