Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mai 21st, 2010

No har eg vore i full jobb i tre veker. Det å komme tilbake til jobb etter fem år med vekselvis mammapermisjon og studier er ingen spøk. Eg hadde faktisk gløymd kor lite tid det er igjen av dagen når ein har jobba åtte timar. Så eg bestemte meg for å prøve å begynne på jobb veldig tidleg. I sju tida. Noko som resulterer i at eg er stup trøytt når klokka bikkar ni om kvelden. Så kanskje ikkje det er så lurt å begynne så tidleg. Vel, eg kan jo begynne seinare, men då rekk eg ikkje hente ungane mine i barnehagen før den stenger. Alle mødres mareritt er vel at deira håpefulle står med regnjakka skeivt knappa og sekken på rygg i barnehageporten når ein susar inn på parkeringsplassen fem over halv stengetid. Altså må eg begynne tidleg. Og dermed legge meg tidleg. Eg berre slår det fast ein gong for alle. Eg er blitt vaksen og studentlivet er over. På godt og vondt.

Eg illusterer det heile med eit foto frå mitt barndomsfjell. Såta er 250 meter høgt men frå toppen ser ein Folgefonna i aust, Havet i vest og jammen ser ein ikkje til Stord også. Sist lørdag hadde me oss ein fin tur opp. Lillesøster i bæremeis og storesøster til fots. Far sjølv utstyrt med sag for å rydde vekk litt brakebuskar som hadde vakse opp midt i stien. Eg, ja eg fekk flått. Eller hantikk som den også vert kalla. Eg veit ikkje anna enn å sitere storesøster på fire år: » Det er IKKE flott å få flått!». Dagens moral er altså: Husk å sjekke både deg sjølv og ungane dersom dykk har vore til skogs. Flåtten fjernar du med pinsett. Blir det raud ring rundt, ring familielegen.

Litt nasjonalromantikk kjem ein vel ikkje utanom etter 17-maifeiringa sist helg. Her kjem altså eit bilde av oss, søte moster Ingrid er fotograf. Far har eit voldsomt Jim Carrey-glis. Mon tru om det er tanken på rabarbrakake som får han så euforisk? Eg laga nemleg ei kunstferdig rabarbrakakeostekake med botn av corn flakes (!) og mjølkesjokolade. God? Tja, SPESIELL.

Read Full Post »