Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mai 2010

Når eg kjem heim frå jobb ryggar eg raskt inn i carporten, røskar remaposane ut av bagasjerommet, kastar dei på trappa og rasar rundt hushjørnet for å inspisere. Og i dag hadde det spirt! Fine små ruccolaspirer på rekke og rad, i godt selskap av litt meir spreidde reddikspirer. Eg blei så glad! Meir skal det ikkje til. Det er mykje god terapi i 300 liter hagejord, ein sekk leca og fine nybygde plantekassar. To-tre frøposar er alt som skal til.

 

Ellers går det i øving. Torsdag skal koret eg syng i ha konsert! Det blir spennande og kjekt. Mange linjer med tekst skal sitje, så pugging må til. Men eg gledar meg!

Read Full Post »

Febersaum

Det er ikkje eg som har feber, det er det lillemor som har. Raude kinn og blanke auge gjorde at den planlagte helgeturen vart lagt på is. I staden fekk eg meg ei stund ved symaskina. Det resulterte i samansying av lappar til krabbeteppe. Mottakaren er ennå ikkje kommen, og kjem ikkje her i huset dersom nokon i farten skulle komme til å tru det. Stoffet er bestilt frå Fat Quarter Shop og kom i postkassar i løpet av eit par små dagar. Texas-Bergen er ikkje noko distanse å sutre over.

Morosame pusekattar og hoppande froskar

Artige ugler med eit litt undrande uttrykk

Det gjennstår å fore med dobbelt lag platevatt og finne eit passande bakstykke, så skal nok dette bli eit fint krabbeteppe.

Til slutt ei pen peon til dei som treng det i kveld. God helg!

Read Full Post »

I fleire veker har eg ivra etter å teste ut denne kjøkkenkameraten her:

Det er intet mindre enn en ei orginal Universal Porket 88 Dough Press. Garantien er datert november 1980. Eg har fått denne saken av mi kjære Farmor. Ho husar mange rarieteter som av og til kjem fram i dagslyset. Deigpressa er heilt klart ein vinnar. Heftet som følger med lovar kaker så festelege at det ikkje finst sidestykke:

Eg  fann meg ei oppskrift på italienske kjeks på Trines mektige matblogg og sette igong. Skålding og maling av mandler gjekk som ein leik. Miksing og blanding likeså. Så kom utfordringa. Eg stappa deigpressa full av deig, la på ein av dei meir avanserte framstykka og trykte i veg. Det vart ikkje så stilig. Det vart ganske tragisk eigentleg. Eg trur nok eg hadde ein litt for laus deig. Eller så var det deigpresseerfaringa det skorta på. Så eg måtte resignere og enda opp med den kjedelege versjonen, eit rundt hol. Vel, kakene vart runde, fine og ganske gode.

Deigpressa er kommen for å bli. Berre vent til julestria set inn.

Kjøkkenhageoppdatering for spesielt interesserte: ikkje ei spire å sjå.

Read Full Post »

I dag har me, på tross av iskald vind og tildels kraftige regnbyger, vore turistar i eigen by og besøkt Gamle Bergen. Gamle Bergen er ei samling hus frå slutten av 1800-tidleg 1900 talet samla i Sandviken i Bergen.

Ender, duer og måse høyrer med i eit bymiljø

Det same gjer utedassen.

Smau, gater, torg er sett saman slik det var i Bergen for rundt hundre år sidan. Me hadde barnevogn med og dermed var det ikkje aktuelt å vere med på omvisning med guide. Det vart difor rusletur på eiga hand for vår del. Eg trur nok ganske sikkert det hadde vore meir spanande å få komme inn i husa, men då måtte me altså vore med på guida tur.

Kald vind til tross, is i magen er alltid godt og me hadde ein fint tur i rundt i gamledagar på ein andre pinsedag. Ellers har me brukt pinsehelga til å bygge to store kassar som me har sått ein heil bråte med grønnsaker i. Det blir spanande å sjå om det veks opp noko. Gulerøtter, reddik, rødbete og ruccola, solsikker, tomater, agurk og jordbær. Det er derimot ikkje så spanande å vise fram bilder av jord uten spirer, foto kjem difor etterkvart!

Read Full Post »

No har eg vore i full jobb i tre veker. Det å komme tilbake til jobb etter fem år med vekselvis mammapermisjon og studier er ingen spøk. Eg hadde faktisk gløymd kor lite tid det er igjen av dagen når ein har jobba åtte timar. Så eg bestemte meg for å prøve å begynne på jobb veldig tidleg. I sju tida. Noko som resulterer i at eg er stup trøytt når klokka bikkar ni om kvelden. Så kanskje ikkje det er så lurt å begynne så tidleg. Vel, eg kan jo begynne seinare, men då rekk eg ikkje hente ungane mine i barnehagen før den stenger. Alle mødres mareritt er vel at deira håpefulle står med regnjakka skeivt knappa og sekken på rygg i barnehageporten når ein susar inn på parkeringsplassen fem over halv stengetid. Altså må eg begynne tidleg. Og dermed legge meg tidleg. Eg berre slår det fast ein gong for alle. Eg er blitt vaksen og studentlivet er over. På godt og vondt.

Eg illusterer det heile med eit foto frå mitt barndomsfjell. Såta er 250 meter høgt men frå toppen ser ein Folgefonna i aust, Havet i vest og jammen ser ein ikkje til Stord også. Sist lørdag hadde me oss ein fin tur opp. Lillesøster i bæremeis og storesøster til fots. Far sjølv utstyrt med sag for å rydde vekk litt brakebuskar som hadde vakse opp midt i stien. Eg, ja eg fekk flått. Eller hantikk som den også vert kalla. Eg veit ikkje anna enn å sitere storesøster på fire år: » Det er IKKE flott å få flått!». Dagens moral er altså: Husk å sjekke både deg sjølv og ungane dersom dykk har vore til skogs. Flåtten fjernar du med pinsett. Blir det raud ring rundt, ring familielegen.

Litt nasjonalromantikk kjem ein vel ikkje utanom etter 17-maifeiringa sist helg. Her kjem altså eit bilde av oss, søte moster Ingrid er fotograf. Far har eit voldsomt Jim Carrey-glis. Mon tru om det er tanken på rabarbrakake som får han så euforisk? Eg laga nemleg ei kunstferdig rabarbrakakeostekake med botn av corn flakes (!) og mjølkesjokolade. God? Tja, SPESIELL.

Read Full Post »

Rekreasjonsreise

I helga reiste eg, med tog, til hovudstaden. Det var rekreasjon frå eine enden til den andre. Hyggeleg helg i lag med superhyggelege venninner frå gamle dagar. Operaen var fantastisk, Munch museet var fantastisk, handlegatene var fristande og maten var upåklageleg. Eg illusterer det heile, ikkje med eit av dei tusen bildene eg tok på operaen, ikkje med bilder av Skrik og Madonna, men med bilder av den superkule elefanten som lillesøster fekk av sin snille fadder til 1-årsdagen som ligg svært så avslappa på eit dynetrekk frå tidleg åttital. Fordi det var den kjensla eg hadde i kroppen då eg kom tilbake til kvardagen. Nostalgisk, hyggeleg og veldig avslappande. Har du ikkje hatt deg ei rekreasjonsreise i år? Det bør du vurdere.

Blei det i overkant hyggeleg og avslappande?? Jada, bare vent til eg skal blogge om nasjonaldagen. DÅ blir det hyggeleg då!!

I dag lot eg meg forresten insiprere kraftig av Sweet Paul sitt fantastiske nettmagasin. Hadde eg ikkje lyst å bake frå før så fekk eg det iallefall nå! Mannen har ein strålande flott blogg og, den finn du her.

Read Full Post »

I min hage

Eg har visst nevnt hagen vår før ein gong i denne bloggen. Men for alle dei som ikkje finles alt eg lirer av meg kan eg kort oppsummere at hagen vår består av grus, skråbed med forskjellige buskar ikkje eg anar namna på samt ein god del asfalt. Ikkje sånn spesielt koseleg og iallefall ikkje så fristande å bruke. Så no har me bestemt oss for å planere ut skråbedet, gjere asfalt om til terasse, gjere grus om til brustein og fylle på med mold på strategiske plasser. To ting eg skal ha i min hage:

Rabarbra:

Bilde frå nrk.

Rabarbra er utruleg godt som suppe, pai, dessert og sjølvsagt: naturell. Då far min og dei to småbrørne hans var små gutar kjøpte Farfar ein bil. Når Farmor, Farfar, dei tre gutane, Tante Olga og Onkel Knut kjørte på søndagstur til Hardanger utstyrte Farmor dei tre gutane sine med kvar sin rabarbrastilk. Kvifor? For at dei ikkje skulle bli bilsjuke sjølvsagt. Det er nemleg allment kjent at å suge på ein rabarbrastilk når ein sit i baksetet motverkar bilsjuke. Og alle som har ungar veit at bilsjuke ungar, det er eit styr.

Eg vil også ha Oliventre i min hage:

Bildet er frå plantasjen.no

Oliventre kan bli fleire tusen år gamle. Tenk på det.

Read Full Post »

Eg kunne ha forklart kvifor eg ikkje har blogga på lange tider. Eg kunne ha blogga om at for nesten to veker sidan mista eg mi kjære snille gode mamma. Eg kunne ha blogga om kor sint og fortvila eg er fordi sjukdommen tok mamma frå oss, berre 57 år ung.

Eg kunne ha blogga om eg i dag starta i ny jobb. Nytt kontor, nye kollegaer og eit fagfelt så spennande at det kitlar i magen.

Men, det blir for mykje.

Eg bloggar istaden om noko heilt uskuldig. Denne våren har det ikkje vore tid og lyst til å grave rundt på loppemarked etter skattar. Snille mannen min skaffe meg difor denne flotte vekta. Tidlegare brukt til ost, no kassert og plassert på eit loft. Klistremerket på midten har ein viktig bodskap: Lag din egen friske blanding med syrlig kulturmelk.  Godt at me går fruktsesongen i møte. Så kan ein håpe på at det som i utgangspunktet var beiskt kanskje etterkvart blir betre.

Read Full Post »