Eg har jo tidlegare okka meg over at vinteren i år vart lang og mørk, men i helga, då kom våren! Me har vore heime på Skartland i helga og kos oss i lag med strålande flott 80-års jubilant. I tillegg fekk eg endeleg oppleve rådyra på nært hald. Far min har stadig oppdatert meg på dei fine dyra som beitar rundt husdørene, men på merkelege vis har dei alltid forsvunne som dugg for sola når eg har meldt min ankomst. Ingen rådyr på meg. Vel, i helga hoia far min plutseleg på meg, og der var dei. Vel og merke langt ute på marka, men likevel.
Eg heiv på meg kalosjene og labba i retning rådyra, bevæpna med kamera. Halvveis ute på marka måtte eg gjere kuvending då eg merka at kameraet ikkje hadde batteri, det var lagt på lading utan at eg visste det. Med batteriet godt innstallert kunne eg vende tilbake til min eigen ekspedisjon, og jammen kom eg godt innpå dei og. Rådyra er små og nette og hoppa så lett over steingarden då dei såg meg. Men eg fekk sjå dei.
Heile mi oppvekst har hjorten vore ein del av kvardagen. Både i form av middagsmat, irritasjonsmoment då den åt toppane av farmor sine pyntebuskar og som lydeffekt seine haustkveldar når eg låg under dyna og høyrde hjortebukkane brøle. Hjort er difor slett ikkje eksotisk. Auken i rådyrbestanden er derimot av nyare dato, difor var eg så oppsett på å få sjå dei på nært hald. Og det fekk eg.
Etter å ha knipsa rådyra knipsa eg klosterklokkene under epletre og. Berre for at klosterklokker er det finaste vårteiknet eg veit.
Leucojum vernum (klosterklokke) er ein fleirårig laukplante som i følge hagefolket formeirar seg som ugras. Dei blømer frå februar til april og er ca 15 cm høge. Klosterklokker er giftige, så ikkje et dei.
Jammen meg stas å koma så tett innpå rådyra, ja! Dei er ganske sky – eg har stort sett sett dei på lang avstand, i skogsbrynet på Silgjerd. Og dei er noko av det finaste eg ser – snakk om å danse når dei spring!
Igår kjørte me over Stord, og då såg eg plutseleg rådyr i skogen, berre fem meter frå bilen:-) Kjekt det òg! Og deiligt med VÅR!!
Ha ein fin mandag!
Vår tralala VÅR!!! Eg er veldig glad for alle typar vårteikn! 😀
Flotte bilder, Liv-Kjersti!
Kjempefine rådyrbilder! Har du gjort noko med lyset/innstillingane?? (husker aldri – er det lukketid?)
Klosterklokker likna veldig på snøklokker, men eg tok meg sjølv i å sjekke det, så ingen spørsmål her! Det var visst ikkje det same! Fint med blommar! Bind deg ein blomekrans, kom så til leik og dans…….God vår!