Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mars 2010

Ufrivillig fridag

Overskrifta i dag høyres kanskje litt sprø ut, men i den midlertidige jobben min på Universitetet er eg avhengig av at studentane jobbar jamt og trutt. Gjer dei ikkje det, kan ikkje eg heller gjere det. Dermed fekk eg ein uventa og delvis ufrivillig fridag i dag. Dagen vart difor nytta til min favoritt aktivitet for fridagar: baking. Varme vegaboller vart mottatt med stor glede av små og store i ettermiddag. Vegaboller er ein variant av kanelboller, men med ein god porsjon kardemomme i deigen. I tillegg består fyllet av smør, sukker, kardemomme og vaniljesukker. Dette er kanskje noko av det beste som finst.

Read Full Post »

Eg har jo tidlegare okka meg over at vinteren i år vart lang og mørk, men i helga, då kom våren! Me har vore heime på Skartland i helga og kos oss i lag med strålande flott 80-års jubilant. I tillegg fekk eg endeleg oppleve rådyra på nært hald. Far min har stadig oppdatert meg på dei fine dyra som beitar rundt husdørene, men på merkelege vis har dei alltid forsvunne som dugg for sola når eg har meldt min ankomst. Ingen rådyr på meg. Vel, i helga hoia far min plutseleg på meg, og der var dei. Vel og merke langt ute på marka, men likevel.

Eg heiv på meg kalosjene og labba i retning rådyra, bevæpna med kamera. Halvveis ute på marka måtte eg gjere kuvending då eg merka at kameraet ikkje hadde batteri, det var lagt på lading utan at eg visste det. Med batteriet godt innstallert kunne eg vende tilbake til min eigen ekspedisjon, og jammen kom eg godt innpå dei og. Rådyra er små og nette og hoppa så lett over steingarden då dei såg meg. Men eg fekk sjå dei.

Heile mi oppvekst har hjorten vore ein del av kvardagen. Både i form av middagsmat, irritasjonsmoment då den åt toppane av farmor sine pyntebuskar og som lydeffekt seine haustkveldar når eg låg under dyna og høyrde hjortebukkane brøle. Hjort er difor slett ikkje eksotisk. Auken i rådyrbestanden er derimot av nyare dato, difor var eg så oppsett på å få sjå dei på nært hald. Og det fekk eg.

Etter å ha knipsa rådyra knipsa eg klosterklokkene under epletre og. Berre for at klosterklokker er det finaste vårteiknet eg veit.

Leucojum vernum (klosterklokke) er ein fleirårig laukplante som i følge hagefolket formeirar seg som ugras. Dei blømer frå februar til april og er ca 15 cm høge. Klosterklokker er giftige, så ikkje et dei.

Read Full Post »

Midt i mars

Og det lavar ned. Eg skal ikkje gneldre over snøen som falt i fjor og som framleis ligg meterhøg rundt huset. Eg skal heller ikkje sutre og klage over at eg på denne tida normalt sett hadde vore på hagesenteret opptil fleire gonger og draska heim på blomar og vekster. Is og snø. Me bur tross alt i nord. Men eg er pittelitt klar for våren nå altså.

Og i tilfelle du lurte: ja, eg er ferdig med mastergraden. Eksamen er overstått og eg kan no kalle meg kjemikar. Det føles bra.

Read Full Post »

Oransje

I helga havna eg ein disputt angåande fargen oransje. Det heile starta med at eg proklamerte at eg ikkje likar oransje. Med det resultatet at eg raskt vart korrigert med at det ikkje heiter oransje. Det heiter visstnok, i enkelte kretsar, oransj.

TILSLAGSORD ARTIKKEL FRÅ NYNORSKORDBOKA (offisiell rettskriving)
oransje
I oran’sje m1 (gj fr frå it. arancia, omlaga etter arab frå persisk, opph frå sanskrit)
  1 samnemning på sitrusfrukter
  2 oransje (II) farge el. fargestoff
  II oran’sje a3 sterkt raudgul, branngul, appelsinfarga

Eg saksar frå nynorskordlista til dokpro.uio.no og som dykk alle kan sjå av lydskrifta er det liten tvil om at e’en til slutt i oransje absolutt skal uttalast. Så eg trur me legg denne diskusjonen brakk. Oransje. Eg seier det ein gong til: oransje.

I dag har eg brakt litt vårstemning inn i heimen. Den lokale REMA butikken har eit overraskande godt utval i planter, og i dag raska eg med meg to potter med påskeliljer. Etter å ha leita gjennom skuffer og skap fann eg til slutt to plastboksar med passe muntre fargar å plassere dei i. Den eine er faktisk, ja tru det eller ei, oransje. Den står bakerst på biletet sidan eg tross alt ikkje er så begeistra for oransje. Appelsiner derimot, det er eg begeistra for. Men det er ei anna historie.

Read Full Post »

Det er trendy. Svigermor gjer det. Mi søte lillesøster gjer det. Alle gjer det. Eg snakkar sjølvsagt om å bake sine eigne knekkebrød. Eller, bake er vel å ta litt hardt i. Prosessen består enkelt å greit i å røre saman ein heil bråte med frø, tilsetje vatn og smøre denne smørja utover ei bakeplate. Steike, skjære, steike meir, brekke opp og til slutt tørke. Eg antar dette er ekstremt sunt. Det eg veit er at det faktisk er ganske godt.

Servert med jarlsberg på det fine ærverdige gamle fatet som eg har fått av min mamma. Når ho vaks opp vart det alltid servert egg på dette fatet. I dag er det serveringsfat for den moderne husmor som serverar fuglefrø forkledd som knekkebrød. Dersom du skulle kjenne deg inspirert kan du google heimelaga knekkebrød, og du får sånn omtrentleg 972 treff.

Så til slutt, til alle kvinner: gratulera med dagen!

Read Full Post »

Fysisk fostring

Det er vel ingen stor løyndom at min mann er sprekare enn meg. Men eg har ski. Det er berre det at eg ikkje brukar dei så ofte. Faktisk er skia mine 12 år gamle, men ser ut som dei er kjøpt i går. Men no er det nå eingong sånn at Noreg tok gull på fem-mila i OL og det er minst ein meter snø i Bergen. For å gjere ein lang historie kort, det vart skitur på meg i dag. Skiløypene på Totland var preparerte i god olympisk ånd og smøreteamet beståande av min gode mann som smurte og eg som holdt veska med skismørning hadde ein svært god dag på jobb. Du trur det sikkert ikkje men eg prøvde meg faktisk på skøyting. Eg følte meg meir som ein grågås som febrilsk prøvde å ta av etter ein god middag enn Marit Bjørgen i fint driv i dei canadiske skogane, men eg skal ha for forsøket. Ein representant for den eldre garde med skianorakk og smale langrennsski fòr forbi meg og kommenterte muntert: Eg har visst bedre glid enn deg! Kanskje det. Men eg tok han igjen i den klassiske delen i den påfylgjande motbakken. Så det heile kokar ned til at eg og min mann hadde ein strålande skitur i dag, at det er seks år sidan eg hadde skia på sist (sett bort frå ein svært mislukka påsketur i 2007) og at eg definitivt er bedre i klassisk enn i skøyting.

Read Full Post »

Kva skjedde?

Eg hadde planar. I søkk og kav. Når eg berre fekk levert oppgåva mi skulle eg sy og strikke og male vinduslister og det eine med det andre. Eg skulle boble over av kreativ arbeidslyst og små og store prosjekt skulle vekse fram. I staden havna eg i vakuum. Den euforiske kjensla eg venta på lar framleis vente på. Om litt over ei veke er det eksamen. Etter eksamen kjem kanskje sola?

I mellomtida driv eg dagane med yndlingste i yndlingskoppen

Og fine bøker som ikkje handlar om fag

Når sant skal vere sant jobbar eg litt på Universitetet og.

Read Full Post »