Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for februar 2010

Fastelavn er mitt navn

 

Fastelavn er mitt navn
Boller vil jeg have
Hvis jeg ingen boller får,
Laver jeg ballade.

(Dansk fastelavnssang)

Ingen boller her foreløpig, men fastelavensriset er komme på plass. Far i huset har ansvar for hobbyaktiviteter for tida, noko som resulterte i eit gigantisk fastelavnsris som har fått plass i trappeoppgangen. Hvis dette set standarden for vårens puslerier kjenner eg at eg gruar meg litt til far set igong å produsere påskekyllingar…

Read Full Post »

Innspurt

Det vert kalla innspurt og har lite med dei Olympiske Leikar å gjere. Seks dagar igjen og her er ein illustrasjon frå mitt såkalla kontor på ein laurdag føremiddag.

Read Full Post »

Søndag i snøen

I dag gjekk søndagsturen ca 30 meter, rett bort til akebakken. Her kjem bildebevis på at søndag i snøen, det er supert!

Supert å suse nedover på ski, stavar er oppskrytt og heilt unødvendig ifølge storesøster.

Supert å hoppe på skihopp med rumpeakebrett

Supert at sola skin, himmelen er blå og Gullfjellet dekka av masse masse snø.

Supert å tenkje på at inne ventar fyr i omnen, varm kakao og pappa sine nybaka kanelboller. Og ei forkjøla lillesøster som måtte tilbringe søndagen innandørs.

Dagens fotograf: Dagfinn

Read Full Post »

Settekassesøndag

Søndag måtte eg få utløp for litt oppspart kreativitet og mens lillemor kvilte kvilen sin og storesøster herja i snøen utanfor huset heiv eg meg rundt og fann fram den gamle settekassen frå tidleg nittital. På tidleg nittital hadde eg nemelg ein diger settekasse på rommet mitt. Den romma småting og figurar av ulik art. Settekasse er ein fin oppfinnelse for dei av oss som har ein tendens til å samle seg opp småting utan fast plass. Småjenta mi har småting som ikkje har fast plass. Før no.

Nittitalssettekassen måtte ned frå veggen frå det gamle jenterommet heime og opp på det nye jenterommet hos oss. Men ikkje utan ein liten oppfriskning. Den siste tida har nemleg settekassen fått sin renessanse og folk (damer) går mann av huset dersom det ryktas at Fretex har fått inn ein settekasse. Det er nemleg trendy å male, pusse, klyppe og lime og gi furusettekassen nytt liv. Eg er ikkje den som kvitmalar alt eg kjem over, så eg har beholdt den opprinnelege fargen, men limt papir frå Panduro på bakveggen. Settekassen fekk nytt liv. Eg fekk klyppe og lime. Storesøster fekk ein plass til småting. Ein veldig bra søndag.

Read Full Post »