I kveld tenkjer eg at snart, om ikkje lenge, berre nokre veker, DÅ skal eg sy! Då skal kreativiteten ut, og fram skal symaskin og trådsneller. Stoff og tøy i alle fargar skal omformast til dei kjekkaste puter, pledd, vesker og andre nyttige saker. Det første eg skal sy er heilt klart denne:
Bildet er lånt frå www.boligliv.dk ei kjempeinspirerande side både når det gjeld mat, hobby og interiør. Oppskrifta til apen finn du her. Hadde det ikkje vore for at eg allerede har eit festeleg sengeteppe skulle eg jammen heve meg rundt og sydd dette:
Bildet er lånt frå www.retrovilla.dk.
Om berre nokre veker er alt i boks og fleire års arbeid skal leverast inn og vurderast. Det er litt skummelt å tenke på at studietida snart er over. Difor trøystar eg meg med at om nokre veker, då skal eg sy!
Treng du meir inspirasjon kan du klikke deg inn her: http://www.inspirecompany.com/, mykje morosamt ein kan lage sjølv!
Legg att eit svar