Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for januar 18th, 2010

I går var altså kickoff for www.sondagstipset.no som eg skreiv om i forrige post. Her i huset tar me seriøst på søndagstips og i går drog halve familien på båltur. Familiespeidingsgruppa var arrangør og mannen og storesøster og resten av gjengen fekk jammen til eit flott bål syns eg. Les her om du treng tips til korleis ein lagar eit bra bål. Eg var heime med mine multivariate betraktningar og ei lillesøster som held på å få jeksler. Det er slitsomme saker begge deler og påverkar humøret i større og mindre grad.

Ellers er det som ein kan bli aldeles utmatta for tida. Bergen Kino sender nemleg George Clooney i TO salar, SAMTIDIG for tida. For dei som ikkje visste det er det ein skodespelar som hevar seg over alle andre. Sjølsagt, ingen ringare enn George Clooney. I går fekk eg sett Up in the Air, og jammen kunne eg ikkje tenkt meg å sett Menn som stirrer på geiter også. Blei ikkje så overvettes imponert over Up in the Air, til tider var filmen ganske kjedelig, sjølv om skodespelarane som forventa hadde klasse. Vera Farmiga gjorde ein artig figur som Alex, nesten så eg vurderer å skaffe meg ein silkebluse og medlemsskap i eit bilutleigefirma eg og. Og George Clooney, ja treng eg seie meir? Filmen hadde ein litt overamerikanisert moral om at familielivet er det einaste rette, kanskje ikkje heilt tilpassa det norske samfunnet.

Geitefilmen har eg ikkje sett, har du?

Den ser unekteleg ganske morosam ut syns eg. Filmplakatane har eg lånt av Bergen Kino.

Så over til takketest nr 2. Forrige gong eg plugga takka i stikkontakten røykla eg heile nabolaget. I dag gjekk eg forsiktigare fram og resultatet vart upåklageleg. Målet er sjølvsagt kråtakaker og flatbrød, men på vegen dit øver eg meg med litt enklare saker. I dag vart det kesampletter som det heiter i oppskrifta. Eit litt vel høgtideleg navn syns eg, «lappekaker med kesam i» syns eg er betre. Oppskrifta finn du her.  Og hvis du vil få deg ein god kesamlatter kan du lese denne bloggen.

Nå blir det kaffi! Og det i den nye, kjekke presskanna. Presskannekaffe er kanskje litt klønete, men duverden så god kaffien blir.

Read Full Post »