I dag slår eg eit slag for den nye kampanjen til KFUK-KFUM speidarane: Søndagstipset! Meld deg på ved å sende kodeord TUR til 2077 og du får eit søndagsturtips rett inn på mobilen din kvar fredag frå og med i dag og 52 veker framover. Rett og slett genialt! Tipsa mottar du heilt gratis.
Eg er ein stor tilhengjar av søndagsturar, på same måte som eg er ein stor tilhengjar av søndagsmiddag. Søndagsturen har noko herleg avslappa over seg. Ikkje er det trening og ikkje er det plikt. Berre kos og hygge. Sekk med termos og appelsiner. Roleg tempo, alle kan bli med. Av og til langt, mange gonger ikkje fullt så langt. Eg gledar meg og er spent på turtips frå KFUK-KFUM speidarane, ein organisasjon som eg har vore medlem av i 18 år no :-). Meld deg på! Meir informasjon finn du på www.søndagstipset.no
Dette er klart me må vera med på – kjempetiltak !
Ikkje alltid søndag blir turdag her, men…. ofta kviledag. Kjekt med tips og tur 😉