Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for januar 13th, 2010

Nynorsk på nytt

I dag har eg jobba med tekst. Og ikkje kva som helst tekst nei. Eg held nemleg på å finpusse på teoridelen i masteroppgåva mi som skal leverast om ein drøy månad. Det handlar om å formulere og omformulere til teksten flyt som ei roleg elv. Det skal vere lett og lese, teksten skal ikkje gje rom for misforståingar og feiltolkingar og det skal kome klart fram kva eg meinar. Og det skal sjølvsagt ikkje, under nokon omstende, forekomme skrivefeil. Forekomme er ikkje eit nynorsk ord. Finnast er eit mykje betre ord. Dermed starta eg leiteaksjonen. Etter ein del roting og graving i gamle saker og ting fann eg det eg leita etter. Nynorsk ordliste frå vidaregåande. Eg hadde til og med hatt gråpapir på den. Og midt på framsida hadde eg strategisk plassert eit klistremerke: «Eg gjer det på nynorsk» Norsk Målungdom. Eg var med der ei stund ja. Masteroppgåva mi, i kjemi for dei som ikkje har fått det med seg, skal altså sjølvsagt skrivast på nynorsk. Det viste seg imidlertid at ordlista frå 1995 slett ikkje strakk til. Eg måtte difor hive meg i bilen (sjølv om eg tidlegare i dag fekk sms frå Bergen kommune: «Ta hensyn, la bilen stå. Hilsen Bergen kommune») og på norli sikra eg meg denne godbiten:

2009-utgåva er herleg oppdatert. Eit heilt kapittel om gramatikk, tilleggsliste med synonyme nynorske ord for bokmålsord som ofte dukkar opp og ikkje minst uttalemarkeringar dersom eg skulle bli i tvil. Nerden i meg (som stadig oftare kjem til overflata) kosar seg med denne godbiten av ei bok. Forfattaren er heller ingen kvensomhelst. Det er sjølvaste Alf Hellvik som står som forfattar av denne ordlista. Hellevik vart fødd i 1909 og var ein av pionerane i arbeidet med det norske språket og ikkje minst i arbeidet med ordlister. Han arbeidde som professor ved Universitetet i Oslo, var medlem av Norsk Språkråd og gav ut mange bøker om norsk språk. I 1998 skipa han eit fond som deler ut ein pris til unge nynorskbrukarar i media. Hellevik døydde i november 2001, men ordlistene kjem framleis ut på Samlaget.

Så, alle mine nynorske venner, eg vel heilt bevisst å halde på det skriftspråket som ligg min dialekt nærast. Gjer du?

Read Full Post »