Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for januar 5th, 2010

I dag tjuvstarta me på påsken. Når eg skulle hente tøttene i barnehagen skein sola og brøytekantane var høge. Eg fekk straks ein snev av påskestemning, noko som er ein svært god følelse. Påsken er på mange måtar mi favoritthøgtid. Ikkje så travel så jula, men likevel med feriedagar og familien i fokus. Mildt drag i lufta, og ikkje minst-påskenøtter. Eg er fullstendig klar over at NRK også sender såkalla julenøtter, men desse er langt frå dei gode, gammeldagse påskenøttene. Roald Øyen er Påskemannen og når han dukkar opp i romjula blir eg berre forvirra. Og ein smule irritert. Men i dag var eg ikkje irritert. Eg og storesøster bestemte oss for å feire påsken litt på førehand og det vart rosinbollebakst og kakao til barneTV. Mjøl i håret, på golvet, i fjeset og oppetter veggene. Lillesøster brukte aktivt pinsettgrepet og utstøtte førnøgde og høglytte MMMMM kvar gong ho fekk ei rosin laus frå den seige bolledeigen og inn i munnen. Storesøster rulla og klatta på med deigen og var ganske så fornøgd med påsketjuvstarten sjølv om ho kunne konstantere: «det er jo ikke ekte påske i dag mamma, for påskeharen kommer jo ikke da».

Bolleoppskrift kjem her:

Smelt ca 100 gram smør i ei gryte og hiv oppi 7 dl vatn og mjølk i eit blandingsforhold på ca 1:1. Altså 3,5 dl mjølk og 3,5 dl vatn. Når dette er varma opp til 38 grader C tømmer du det over i din Electrolux Assistent eller tilsvarande kjøkkenmaskin. Tilsett 700 gram mjøl blanda med ein pose tørrgjær og 200 gram sukker. Hiv så oppi 2 ts kardemomme, 1 ts salt og så mykje rosiner du vil. Her i familien er me galne etter rosiner så eg brukar å kjøre på med mange! La Assistenten jobbe ein fem minutters tid medan du gradvis tilsett 300-400 gram mjøl i tillegg. La deigen vere litt seig og klissete, ikkje fall for fristelsen til å lage den heilt glatt, då får du boller som er mjuke i ca ein time etter steiking. Toler du derimot litt klissete deig vil bollene halde seg mjuke og saftige mykje lenger. Dette har eg prøvd, så tru meg på det!

Hev ein liten time på ein lun stad, men ikkje på baderomsgolvet. Det er ikkje så delikat. Gjerne framføre ovnen eller ved sida av komfyren. Ikkje opne vindauga eller sørg for trekk på annan måte, det likar ikkje deigen.

Rull boller,  etterhev eit kvarter eller så, gjerne meir om du har tid, men på dette tidspunktet er ungane ganske utolmodige så eg pleier nøye meg med eit kvarter. Steik på 220 grader C i 12 minutt eller til dei er lysebrune. Test om bollene er ferdige med å banke lett på dei, dersom det kjem ein hol lyd er dei klare. Avkjøl litt på rist før du hiv innpå, ellers blir det brennskader i munnen og berre kladd.

Desse bollene slår aldri feil!

I går fekk eg ein forsinka julepresang som eg fann sjølv når eg leita etter ein merkepenn for klær inni eit skap. Den hadde min kjære mann kjøpt til meg på Fretex tidlegare i haust, og heilt gløymd ut. Og for ein presang!! Desse plakettane frå Figgjo er berre vanvittig kule! Eg kan ikkje få jubla nok over å få desse i hus. Dei har praktisk talt navnet mitt på seg.

Dei skal på veggen på kjøkkenet, har berre ikkje bestemt meg for kor dei skal henge enda.

Read Full Post »