Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for januar 3rd, 2010

Ungane fekk utruleg mykje fint til jul. Blandt alle dei harde og mjuke pakkane låg eit flott dyrehospital frå Playmo. Dette vert ivrig leika med, og hestar og geiter får både bandasje og plaster. Perfekt leke for ein sløv søndag som er definitivt siste dag av jula i denne omgang. I går rydda eg vekk alle spor av jul og advent. Fint sortert i plastkassar og godt plassert innerst i boda. Lyst og luftig når jula er vekk, men litt vemodig også. Utelysa på julebusken får stå ei stund til, dei lyser fint opp i mørketida. I morgon er første dag i barnehagen for lillesøster. Spennande.

Og ja, forresten: Godt nytt år!!

Read Full Post »