Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for desember 2009

Tåkelagt takkelandskap

I år har julenissen heilt klart vore i det elektriske hjørnet og i går kom ei feiande flott Meteor steiketakke  46 cm uten kant i hus. Den var ei gåve frå min snille mamma og pappa, og eg treng vel ikkje seie kor hoppande glad eg vart for den? Eg hadde ikkje før fått den innanfor døra før eg sette i gong. Tenkte det var best å starte med noko kjent og kjært, eg forkasta difor tanken om kråtakaker og tortillalefser og heiv i hop ei pannekakerøre. Det kunne ose litt første gong ein sette takka på stod det i brukarveiledninga. Jaja, tenke eg. Det tenkte min kjære mann og, og fyrte i omnen. Eg sette kjøkkenvifta på full gass og det osa godt av takka. Samtidig førte nyfyr i omnen kombinert med kjøkkenvifte på max og osande takke til røykfylt stove noko ala det eg var med på under brannøving på jobb dengong eg jobba på sjukehuset. Me kasta oss ned på golvet, fekk opna begge terassedørene, sett ventilasjonen på full guffe og mannen i huset nappa ut kontakten i røykvarslarsystemet. Me har nemleg fått oss fancy brannvarslingssystem som ringer opp vaktselskapet og eg ville nødig ha securitas på døra midt i pannekakesteikinga. Det var jo tross alt første gong eg prøvde takka og eg var slett ikkje trygg på at resultatet skulle vere gjester verdig. Etter ei stund fekk me kontroll over situasjonen, ungane var riktignok blå på leppene av kulde og storesøster litt bekymra over at håret hennas lukta sånn røyk. Eg for min del fekk sterke barndomsminner om når me fyrte i omnen i Gamlahuset og det slo ned, sikkert som lås.

Enden på visa var knallgode pannekaker steikt på knallgod takke, og tankane om heimelaga potetkaker og nanbrød er atter på plass. Kontakten til røykvarslaren er sett i igjen og røyken har lagt seg.

Her er halvferdige pannekaker i selskap med nesten ferdige.

Lillesøster er ein liten pannekaketjuv og stappa pannekaker frå drøvel til gane utan hemningar.

Til slutt eit bilde frå romjulsaktivitet nr 1: aking. Her før start i akekonkurranse på Skartland. Storesøster utlova eit juletre (!) i premie til den som vant og sorga var stor når lillesøster gjekk av med seieren. På tynn skare er det ein fordel å berre vege 8 kilo.

Read Full Post »

Du grønne glitrende

I min mangel på interessante ting å blogge om fortset eg like godt min serie: «advent som seg hør og bør» med eit bilde av årets utejuletre. Heile hausten (iallefall i korte øyeblikk) har eg irritert meg over at eg ikkje har ein flott tuja ved inngangsdøra som eg kan pynte med lys i desember. Eg har til og med vurdert å kjøpe ein. Ein tuja altså. Passe høg og passe spiss. Så her ein dag presenterte eg dette behovet for min mann. Han berre såg på meg litt undrande og foreslo at eg kunne jo pynte den busken me allereie har i hagen. Eg smilte overbærande, me har nemleg ikkje buskar, berre krypplanter i skråbed pluss vrihassel og to hortensiabuskar. Ingen av dei nevnte egnar seg til å pynte med lys. Meir vart det ikkje sagt om saken. Før me skulle ta julekortbilde av småjentene på søndag. Me runda hushjørnet og der, midt i glaninga står ein perfekt busk planta i bedet. Passe høg og passe spiss. Der har den stått heile haustenog mykje lenger enn det og berre venta på julelysa. Og eg har ikkje sett den eingong. Seier litt om kor ofte eg bevegar meg rundt huset vårt tydelegvis.

Busken er pynta med nyinnkjøpt lyslenke og eg er så fornøgd.

Read Full Post »

I dag er det jul!

Storesøster er framleis heilt bestemt på at i dag er det jul. For min del starta ikkje adventstida heilt optimalt. Ei natt uten søvn og ein morgon som starta kl 05.00 førte til litt dårleg stemning i grålysninga. Men etter nokre koppar kaffe og fyr i omnen var me klar for å opne kalenderen! Her i huset tar me ikkje lett på adventstida. Me teller ned på ulike måtar, ein av dei er god gammaldags brodert (av meg!) kalender med twist. Storesøster har ein Playmokaldender i tillegg, uvisst av kva grunn. Det vart nå berre sånn.

 

Som du ser er twist for 1.desember allerede fortært. Den observante lesar kan også sjå at det ikkje heng twist på nr 24. Det er ingen forgløymelse, her kjem ein overraskelse.

Me tel også ned med levande lys:

 

Bildet er tatt i går, difor er ikkje lyset tent!

Ha ei strålande fin adventstid!

Read Full Post »