Denne helga går som dei fleste sikkert har fått med seg den fantastiske feriringa av dei døde (!) av stabelen. Eg er ikkje noko fan av at ungar kler seg ut som spøkelser og andre etterlevningar og går frå dør til dør og skrik etter sjokolade og slikkepinnar som dei berre får mageknip og hol i tennene av alikevel. Uansett må eg jo innrømme at dette minner mistenkeleg om aktiviteter utført av underteikna på nyåret ein lang periode på slutten av åttitalet og starten av nittitalet. Bortsett frå egga då. Har halloween tatt over for julebukk? Eg berre lurer.
Vel, vel. Eg likar det kanskje ikkje, men far i huset har kjøpt inn eit digert gresskar og i går kveld måtte det til pers og etter kraftig meiningsutveksling mellom far og fireåring enda dei opp med eit gresskar som IKKJE skulle vere sint, berre blid. Eg vart faktisk litt overraska over resultatet og må innrømme at det er jo litt artig då. Det er jo det. Men kva har gresskar med dei døde å gjere? Det finnes plenty å lese om Halloween, litt fakta som du kanskje delvis kan stole på finnes på gode gamle Wikipedia.
Eg for min del er meir interessert i gresskar. Gresskarfamilien er ein stor og festeleg familie beståande av til dømes slangeagurk og melon i tillegg til ei rekke ulike gresskararter. Arten kjem frå Amerika og kom til Europa på 1500-talet. Nokre av sortene er digre og veks i rekordfart, blandt anna dei me «pyntar» med til Halloween, medan andre er mindre og bedre egna til matlaging. Eg for min del har aldri smakt gresskar, men det finnes unekteleg ein del spennande oppskrifter på nettet. Gresskar er rikt på beta karoten som kroppen omdannar til vitamin A og inneheld også kalsium, jern, forlat og C-vitamin. Kjempegresskaret Cubita maxima kan bli opptil 500 kilo. DET hadde vore noko å skore ut til fæle ansikt det. Då skulle ungane i gata fått prøvd seg ja.
Her er Halloweengresskarhovudet vårt. Ikkje sint i det heile tatt. God feiring!
Det var et koselig gresskar, Laurense.
Helsing Mormor.
Ja, det var veldig flott! 😀 Eg og Olga fekk jo sjå det «live» då me var på besøk på torsdag. Var det mange som gjekk «trick-or-treat» i Sædalen i helga?? Eg huskar godt Halloween i Boston i fjor – då var heile gata vår stappfull av utkledde ungar og me gjekk tom for godteri etter ein halvtime.. Då var det berre å slukke lyset, låse døra og heller ta ein tur ut i dei dekorerte gatene og kikke på folkelivet! 🙂