Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for oktober 12th, 2009

Hand in Hand

Hand in hand we stand – det sang me under OL i Seoul i 1988 (sidan eg då var berre 8 år huskar eg ikkje mykje frå desse olympiske lekane, men sangen – den sit som spikra), og i dag viser eg fram Hand in Hand-jakka eg har strikka til lillemor. Det er uvisst om den  er inspirert av den olympiske ild (eller kanskje den olympiske ånd?), mønsteret er frå Sandnes Garn, garnet er Duett, 50-50 ull og bomull. Pinne nr 4 gjorde at dette var eit raskt prosjekt, det som tok lengst tid var vel eigentleg å psyke seg opp til å feste trådane. Alltid så sytesamt å komme i gong med det, sjølv om det som regel går raskt når ein set i gong.

Ikkje enkelt å ta bilder av jakka i bruk, men her kjem nokre hurtig-knips tatt i formiddag:

IMG_0825

 

IMG_0823

 

Til slutt kjem eit bilde tatt frå altanen i dag: hausten er for alvor kommen og snøen ligg lett på Gullfjellet. Kaldt og klart vær i dag, støresøster måtte få på seg vinterdressen når ho skulle til barnehagen. Då ho såg snøen langt der inne i fjella kom det kjekt: «Mamma, skal vi dra til Gullfjellet og ake i dag?» Tja, dersom Gullfjellet hadde vore bittelitt meir tilgjengeleg og ikkje maaange timar med bratte motbakkar kunne det kanskje vore aktelt. Men storesøster må nok vente til snøen kjem litt nærmare.

IMG_0838

Read Full Post »