Eg sa til mor mi seinast i forrige veke mens eg glad og fornøgd sat i sofaen og strikka :» Eg fattar ikkje at folk kan miste ned masker og ikkje ein gong merke det!». Eg hadde ein litt lattermild, betrevitar stemme.
Men eg gløymde noko viktig. Eg banka ikkje tre gonger i bordet etterpå.
I går vart eg nemleg ein av dei. Eg sat og strikka på dette teppet som eg har funne mønster til på den fantastisk inspirerande og generøse bloggen Pickles. Mønsteret er svært enkelt og eg brukar restegarn av alpacca og pinnestørrelse nr 6. Burde altså ikkje vore så utfordrande. Plutseleg stemde ikkje lenger mønsteret. Eg tok sjølvsagt opp siste omgang medan eg rista på hovudet. Jaja, sånn skjer den beste tenkte eg. Men heller ikkje neste gong stemde mønsteret som strengt tatt berre består av å strikke to masker saman og deretter utføre eit kast. Dette er sjølvsagt sett i system slik at ein får eit festeleg bølgemønster. Det er difor viktig at mønsteret stemmer slik at bølgene blir jevne og fine. Uansett, eg har no 109 masker i staden for 110 og er ikkje i stand til å finne ut kor eg har mista ei maske. Det er besynderleg og eg likar det slett ikkje.
Hei hei Liv Kjersti.
Så kjekt at du bloggar igjen.
Sånt kan me lika.
Løvetannlampen ser nydeleg ut,
og når du har så høgt under taket så kjem han til si rett.
Her hadde det vore heilt feil, eller rettare sagt bang krasj…
Miste masker det kjenner eg til du, og er særdeles vanskelege å finne igjen.
Gratulera med nytt halvt hus:)
Smil H
Oidå! Men husk at det kan skje den alleralleraller beste… og ingenting e så fint som et strikk med eit par små skjønnhetsfeil 🙂
Kunstnerisk frihet kalle me de 😉
«De sko værr sånn»
Hehe, la meg berre sei følgande: Verken meg eller deg har vel aldri vore av den typen som kan la ei maske forsvinne og behalde sjelefreden…… 😉
Det er eit av storesøstergenene!
Men nå er me store jenter, og då er det berre til å bite tennene saman, auke med ei maske på ein tilfeldig plass, og la det stå til! 😀
Teppet såg kjempefint ut, ansett antall masker!
Hø hø, ganske riktig, dette hadde ikkje du IC likt heller, eg ser det for meg, ho ho ho! Eller kva med Bjørg (vår tante) som blei rasande da ho ikkje fekk til strikketyet, og reiv ned ein lampe? Hæ? Er dette sant? ja det var i alle fall noko liknande. kanskje ho heiv strikktyet opp på lampen og der skulle det bli liggande? ja ja, dei født i midten er vel ikkje så nøye på at alt blir korrekt gjengitt, he he. Forresten kjempefint teppe!!!!!!! Kor stort er det? Og flott skildring av stemme og stemning, ho ho! 🙂
Takk for kommentarar!
Når det gjeld Bjørg håpar eg ho tok ned strikketøyet før ho tende lampen. Eg la nemleg ein svamp oppå ein lampe ein gong og gløymde ut heile svampen. Då eg tende lampen etter eit par timar gjekk det berre nokre minutt før svampen tok fyr. Moralen er: Hald brennbart materiale unna lampar. Men ho strikka kanskje med rein ull. Og det brenn jo ikkje.
HA HA, eh… ein svamp? Men, koffer det? Vaska du huset/tørka støv med svamp? For ein opplevelse, grøssssssss! Bjørg sørga sikkert for å få strikketyet longt frå allfar-syne, så reknar med det forsvant rimelig kvikt frå lampen (i lag med lampen, er det eg trur)(må repetera historien) og ikkje nytte godt av å bli eit opplyst skue som eit slags nytt lampetrekk, eller lampeskjerm som det heiter. he he.